(ill. henta frå Netlifes blogg iallenkelhet.no)
Mange har spådd at 2010 blir året for web-typografi, men då må det skje mykje på slutten av året for me er ikkje heilt der enno.
Problemet med web og typografi
Typografi og fritt val av fontar har vore ein akilleshæl for web-en heilt sidan starten. Fram til no har nettlesaren vore avhengig av installerte fontar lokalt, og for å vera på den sikre sida, har utviklarane berre hatt nokre få skrifttypar å velja mellom (typisk Verdana, Lucida, Georgia). Med @font-face, som del av HTML5, vil dette endra seg. Det gjer det muleg å lenka til online skrifttypar, og utvalet blir eit heilt anna.
I gamle dagar var det font-attributten som vart brukt til å angi font. Denne er no fy-fy, eller "deprecated" på HTML-språket (i HTML5 er det forresten endra til ".."). Med introduksjonen av CSS for formattering og presentasjon, vart font-deklarasjonen flytta dit. Og det er slik dei aller fleste HTML-sidene no blir utvikla.
Mange har tydd til grafikk for å ta i bruk andre fontar enn standard. Det har sine negative sider. For det første aukar størrelsen på filene, og for det andre blir ikkje teksten synleg for søkemotorar.
@font-face
@font-face gjer det muleg å visa eit fritt val fontar sidan dei ikkje blir henta frå den lokale klienten, men enten frå eigen server eller tredjeparts-leverandør. Skrifttypar kan altså lenkast til frå HTML-koden. Den einaste ulempla dette kan medføra, er at lenking til tredjeparts-leverandør kan gi litt forseinking, og at fontane ikkje er tilgjengelege ved brot på kommunikasjonen. Men i det siste tilfellet får du uansett lasta eksterne nettsider.
Tredjeparts-løysing
Ved bruk av t.d. fontar frå tredjeparts-leverandøren Typekit (www.typekit.com), trengst det berre ei linje med Javascript-kode for å inkludera ein skrifttype. Framleis er støtta for @font-face komplett, så det kan vera litt risikabelt å bruka den. Den er truleg ei midlertidig løysing til Web Open Font Format (WOFF) blir standard.
Så skal det sjølvsagt kunnskap om typografi til for å få eit godt resultat. Her er det nok mange svarte hol, så resultatet blir vel som med tekstbehandling i tidlege tider; amatørane sitt glade inntog og ein forferdeleg salat av upassande fontar. Men det er ein nødvendig kostnad ved auka fridom og funksjonalitet.
Meir om typografi på web-en
www.typekit.com
www.fontdeck.com
www.typotheque.com
www.badassidea.com (viser bruken av Typekit-fontar)
www.fontsquirrel.com
stevesouders.com/blog/2009/10/13/font-face-and-performance (kritisk blikk på font-face)
Generelt om typografi:
awayback.com/revised-font-stack
ilovetypography.com
paulirish.com/category/typography
webtypography.net
typophile.com
www.zeldman.com//2009/08/17/web-fonts-and-standards
alistapart.com/articles/cssatten