Ålesund sett frå byfjellet Aksla |
40 bidrag, 26 godkjende
Årets NOKOBIT fekk inn 40 artiklar til vurdering og 26 av dei vart godkjende for presentasjon på konferansen og publisering i Bibsys Open Journal. I desse tala er også 10 artiklar (6 godkjende) til "underkonferansen" UDIT - Utdanning og didaktikk i IT-fag. Alle godkjende artiklar er tilgjengelege på nettet sidan det er open access publisering.
Beyond Bitcoin
Sjølv leverte eg artikkelen "Beyond Bitcoin - Public Sector Innovation Using the Blockchain Technology". Artikkelen er eit forsøk på å visa at Bitcoin kan ha eit stort potensial også i offentleg sektor. Presentasjonen av artikkelen finst i slutten av dette innlegget.
Propellar er ein viktig del av det Rolls-Royce produserer |
NOKOBIT er ein fin konferanse av fleire grunnar. For det første er forma fin, med ca. 18 min. til presentasjon av artikkelen, 7 min. til oppnemnd diskutant og dei siste 5 minuttane til spørsmål frå salen. Særleg ordninga med oppnemnd diskutant er god, for då får ein meir gjennomtenkte kommentarar og spørsmål. Det kan vera kritiske spørsmål, men det heile føregår i ein vennleg atmosfære.
NOKOBIT krev heller ikkje opphavsrett til artiklane slik at det er lettare å arbeida vidare med dei med tanke på publisering i andre kanalar (andre konferansar og/eller i tidsskrift). Artiklane har stort sett vore tilgjengelege på nettet, og når dei no blir publiserte som open access, er dei sjølvsagt tilgjengelege på nettet.
Første byggjetrinn av Norsk maritimt kompetansesenter (NMK) (Foto: Norsk maritimt kompetansesenter) |
Norsk maritimt kompetansesenter (NMK)
Med Høgskulen i Ålesund som vertskap var det naturleg at det maritime stod på dagsorden. Tysdag kveld var det omvising i NMK, og det dei har fått til der er berre imponerande. Viss du har sjansen til det, bør du ta deg eit besøk. Senteret har mange besøkande; siste året var det over 30 000 innom.
Det er eit høgteknologisk senter med ei mengd simulatorar. Det "lukta" oljepengar lang veg, og det er klart oljeindustrien har vore viktig for oppbygging og drift av senteret, i lag med maritime krefter. Senteret har også ekportert teknologien til fleire andre stader i verda og dei er veldig internasjonalt orienterte. Og dei driftige sunnmøringane har ikkje tenkt å stoppa med dette. Byggjetrinn to er i gang, ei utviding med 15.000 m2 til ein pris av ein halv milliard kroner.
V12-motor på 57,2 l (!) og 1770 hk (det er 4,76 liter pr. sylindar..) |