Aftenposten har i dag teke inn lesarinnlegget eg sende som svar på artikkelen "Bitcoin-eiere må ta en del av hacker-tapet selv". Artikkelen handla om Bitfinex-skandalen der vekslingsbanken vart utsett for tjuveri av ca. 120 000 bitcoin til ein verdi av mellom 60-70 mill. US$ (= ca. NOK 600 mill.). Bitfinex har seinare presentert ei løysing der kundane tek eit solidarisk tap på 36 % av inneståande verdiar. Som plaster på såret blir det etablert ein ny valuta (nytt "token") der kundane får eigendelar tilsvarande tapa sine. Så kan dei håpa at den nye valutaen får verdi og at dei kan få igjen noko av det tapte. Ein illustrasjon av kva som kan ha hendt i Bitfinex, finn du her.
I Aftenposten-artikkelen er professor Tor W. Andreassen ved Center for Service Innovation (CSI), Norges Handelshøgskole, intervjua og trass i at han tydelegvis ikkje veit noko om Bitcoin, uttalar han seg skråsikkert om manglande sikkerheit i protokollen. Det må sjølvsagt kommenterast. Det dumme er at innlegget kjem på trykk såpass lenge etterpå. Her er i alle fall innlegget:
Botnsolid sikkerheit i Bitcoin
Aftenposten hadde tysdag 09.08 eit oppslag om «bankranet» i vekslingstenesta Bitfinex der professor Tor W. Andreassen ved Norges Handelshøgskole uttalar seg om manglande sikkerheit i Bitcoin. Tor W. Andreassen er professor, men har tydelegvis ikkje kunnskapar om Bitcoin. Så kvifor ikkje heller spørja nokon som forstår teknologien og som kan skilja snørr og bartar?
«Snørret» er mangelfull sikkerheit hjå selskapet Bitfinex som driv vekslingsteneste med kjøp og sal av bitcoin. «Barten» er den botnsolide sikkerheiten til Bitcoin-protokollen. Å påstå at sikkerheiten til Bitcoin er svekka på grunn av eit innbrot av denne typen, er det same som å seia at norske kroner som valuta har eit stort problem fordi det har vore bankran.

Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking
PS. Overskrifta er det Aftenposten som har laga. Mi eiga overskrift var "Bitcoin, snørr og bartar".