Litt tilfeldig sit eg med praktboka "Gartnernæringen i Norge", ein bibel av ei bok på over 1100 sider med oversikt over hagebruket i Norge opå 1930-talet. Arbeidet med boka vart starta i 1931 og boka kom ut i 1935. Som det står i forordet:
Boka er delt inn i to hovuddelar; Gartneriets og salgshagebrukets utvikling og Norske gartnerier og hagebruk i tekst og billeder.
Den første delen har igjen desse underkapitla:
Interessant nok vart han også ein mentor og nesten far for Olav H. Hauge som arbeidde ved Njøs i tre år (eigentleg tre vekstsesongar), frå 1931 til 1933. Per Stedje tek seg av den unge diktaren og forstår at den unge mannen med det sarte sinnet må takast godt vare på. Olav H. Hauge får også eit nært forhold til dei to tvillingdøtrene til Per Stedje; Turid og Kjellaug. Særleg nært er forholdet til Turid, som han nok er forelska i. Men tvillingane er berre 13 år, og Olav 22-23, så aldersskilnaden er stor.
Oversikten over norske gartneri og hagebruk er imponerande. Her er det omtale og bilete av alle gartneri og hagebrukseigedommar (av ein viss størrelse) i landet. Det er ei fylkevis inndeling der fylkesgartnaren i kvart fylke står for innhaldet. I tillegg til den fylkesvise omtalen av eigedommar, er Norges Landbrukshøiskole (Aas), Statens Småbrukslærerskole (Asker), Statens Gartnerskole (Oslo), Statens Hagebruksskole (Dømmesmoen og Statens Hagebruksskole (Vea) omtalte spesielt.
Hagebruket i Sogn
Hagebruket i Sogn er omtalt av hagebrukskandidat Tormod Valset. Det er ein omtale av bortimot 200 gardar med frukttre, seks planteskular og to konservesfabrikkar (Halvard Drægni A/S og Lerum Saftfabrikk A/S).
Valset skriv dette om grunnlaget for fruktdyrking i Sogn
Frukthagen på Stedje var i si tid den største i Skandinavia. Her er det som står om hagen i boka:
Tekstane til dei ulike bruka ser ut til å vera skrivne av ulike personar; sjå t.d. denne omtalen samanlikna med Stedje Frukthage:
For eigen del er det interessant å sjå at garden far min vaks opp på på Ølnes, er omtalt. Det er Anna Ølnes (bestemor mi) som er eigar. Omtalen lyder elles slik:
Barsnes
Merkeleg nok er det ingen omtale av frukthagar på Barsnes, der eg sjølv bur og driv. Det var frukttre også på garden vår, og nabogardar, men det har truleg vore for små hagar til å komma med i oversikten. No gir ikkje boka noko forklaring på utveljing av gardsbruk så det blir rein spekulasjon. Kanskje har dei berre gløymt Barsnes?
Det viser seg at resten av sør-aust-sida av Sogndalsfjorden heller ikkje er med, med unnatak av Fimreite. Verken Loftesnes eller Kaupanger er nemnde. Eg har vanskeleg for å tru at det ikkje var frukthagar i området Barsnes - Kaupanger.
Det passar å avslutta med eit dikt av Olav H. Hauge, fruktdyrkaren og diktaren frå Ulvik:
I 1931 forela gartner B. W. Areklett for skolebestyrer Oddvar Lund og redaktør Strømme en plan for et verk om det Norske gartneri og salgshagebruk.Efter disses anmodning foreslo hr. Areklett for Norsk Gartnerforenings styre at dette, eventuelt sammen med Selskapet Havedyrkningens Venner, skulde stå som utgivere av verket "Garnernæringen i Norge", og at utgiverne skulde opnevne en redaksjonskomité for bokens faglige avdeling....
Det var å håpe at boken vil fylle sin opgave - å være en god, faglig veileder for de mange grener innen faget - å gi et billede av den samlede nærings nuværende utviklingstrin, og endelig i ord og billeder å illustrere en flerhet av bedriftene på gartneriets og salgshagebrukets område.Inndeling
Boka er delt inn i to hovuddelar; Gartneriets og salgshagebrukets utvikling og Norske gartnerier og hagebruk i tekst og billeder.
Den første delen har igjen desse underkapitla:
- Historie
- Gartneriet og salgshagebruket i vår tid
- Gartneriets og sagshagebrukets omsetning m.v.
- Hagekunst
- Organisasjoner m.v.
- Forsøk, tekniske hjelpemidler
Kunnskapsgrunnlaget for snart 100 år sidan
Det er interessant å sjå kva faglege råd som vart formidla for snart 100 år sidan innan fruktdyrking. På den tida var det store, kroneforma frukttre som var hovudregelen, med grasmark til slått og eventuelt beiting under. Det er tydeleg at nye idear om meir tettplanting, det som blir kalla dvergtre i boka, er på veg inn i alle fall i andre land, men at det blir møtt med ein viss skepsis her til lands:
Man har hittil næsten ansett det for selvsagt at en større fruktplantning brde bestå av trær på frøstamme eller krontrær som man kaller det; og at rrærne helst burde ha så høie stammer at man uhindret av grenene kunde arbeide like inn på stammen med hest og redskap. Nu vet man at temperaturen på de fleste steder er minimumsfaktoren og at det er overmåte vikti å untytte varmeforholdene på beste måte. Men det skjer vel meppe ved at man lar trærne ha en lang grenløs stamme, så de fruktbærene deler av treet er høit oppe i luften. Jo nærmere jorden man kan ha grenene, desto bedre utnyttes varmen ved utstråling. Det har lite med varmeforholdene å gjøre at man almindelig får den peneste og beste frukt oppe i toppen på trærne og den mindre bra på de laveste sidegrener. Det beror mere på næringstilførselen, særlig gjørslingen.Denne kunnskapen er knapt gangbar i dag. I grunnen litt merkeleg at dei ikkje var meir opptekne av lysforholda, som jo er det som i størst grad verkar inn på fruktkvaliteten, og som er ein av dei største gevinstane ved dagens dyrkingsmåtar med tettplanting og låge tre. Delen om frukttre er skriven av forsøksleiar Per Stedje ved forskingsstasjonen på Njøs, Leikanger. Han var ein stor kapasitet innan fruktdyrkinga i første halvdel av 1900-talet.
Interessant nok vart han også ein mentor og nesten far for Olav H. Hauge som arbeidde ved Njøs i tre år (eigentleg tre vekstsesongar), frå 1931 til 1933. Per Stedje tek seg av den unge diktaren og forstår at den unge mannen med det sarte sinnet må takast godt vare på. Olav H. Hauge får også eit nært forhold til dei to tvillingdøtrene til Per Stedje; Turid og Kjellaug. Særleg nært er forholdet til Turid, som han nok er forelska i. Men tvillingane er berre 13 år, og Olav 22-23, så aldersskilnaden er stor.
Oversikten over norske gartneri og hagebruk er imponerande. Her er det omtale og bilete av alle gartneri og hagebrukseigedommar (av ein viss størrelse) i landet. Det er ei fylkevis inndeling der fylkesgartnaren i kvart fylke står for innhaldet. I tillegg til den fylkesvise omtalen av eigedommar, er Norges Landbrukshøiskole (Aas), Statens Småbrukslærerskole (Asker), Statens Gartnerskole (Oslo), Statens Hagebruksskole (Dømmesmoen og Statens Hagebruksskole (Vea) omtalte spesielt.
Hagebruket i Sogn
Hagebruket i Sogn er omtalt av hagebrukskandidat Tormod Valset. Det er ein omtale av bortimot 200 gardar med frukttre, seks planteskular og to konservesfabrikkar (Halvard Drægni A/S og Lerum Saftfabrikk A/S).
Valset skriv dette om grunnlaget for fruktdyrking i Sogn
Kva er det då som har ført til den store fruktdyrkinga i Sogn? Drivande verlag, grunnvilkåret for å dyrka fine fruktsortar, er det innetter fjorden, visseleg med det beste me har i landet. Det er høg varmesum og etter måten høveleg med væte i sumartida.Stedje Frukthage (Stedjehagen)
Frukthagen på Stedje var i si tid den største i Skandinavia. Her er det som står om hagen i boka:
Stedje har vært en gammel adelsgård og omtales i historien som sådan fra det 14. århundre, således nevnes Jon av Stedje 1308. Frukthagen på gården skriver sig fra 1850 og er plantet av godseier Formann. Den er senere tilplantet og fornyet. Stedjehagen var ein tid den største hage i Skandinavien og der var efter sigende 6 666 frukttrær. Mange gamle trær er nu nedhugget og nye plantet isteden. Hovedsorter er av epler: Gravenstein. Forøvrig forefinnes så å si alle viktigste eple-, pære- og plommesorter.Frukthage på Kvåle
Tekstane til dei ulike bruka ser ut til å vera skrivne av ulike personar; sjå t.d. denne omtalen samanlikna med Stedje Frukthage:
Sogndal ligg verna mot storm frå aust og vest, og frå nord og sud - av fjell og låge åsar. Og heile nedre bygdi er velskapa for hagebruk. Bladstyrar Jens Kvåle sitt gardsbruk ligg ein kilometer uppe frå sjøen og hallar jamnt mot middagssoli, so der er sumarvarme nok til mogning for den finaste frukt.
Denne frukthagen er og ein av dei beste i bygdi. Dei 5-600 frukttre er i god trivnad, då hagen er i bra hevd, og sprøyting i lang tid hev halde avåtet nokorlunde i taumar. Dei frukslag som råder grunnen, er av eple Gravenstein, noko Kalvil og litt av eit par andre epleslag. Av pæror Keisarinne og Greiv Moltke. Plome: Reine Claude-sortar.Ølnes
For eigen del er det interessant å sjå at garden far min vaks opp på på Ølnes, er omtalt. Det er Anna Ølnes (bestemor mi) som er eigar. Omtalen lyder elles slik:
150 tre. Gravenstein, Fuhr, Keisarinne, Grev Moltke. Frukta vert selt standardpakka både en gros og beinveges. Eigaren er fødd på garden den 27. februar 1884.Også garden der bestemor mi på morssida, ho kom frå Fimreite, er omtalt:
Hagen er planta år 1918 og framover so han no tel på lag 250 tre. Eigaren [Jens P. J. Fimreite] er fødd på garden Fimreite den 23. mars 1907 og overtok farsgarden 1933. Keisarinne, Gråpære, Clara Friis, Grev Moltke, Amanlis. Fuhr, Transparente Blanche, Reine Claude gul og Althans. Standardpakking. Sal en gros og beinveges.
Barsnes
Merkeleg nok er det ingen omtale av frukthagar på Barsnes, der eg sjølv bur og driv. Det var frukttre også på garden vår, og nabogardar, men det har truleg vore for små hagar til å komma med i oversikten. No gir ikkje boka noko forklaring på utveljing av gardsbruk så det blir rein spekulasjon. Kanskje har dei berre gløymt Barsnes?
Det viser seg at resten av sør-aust-sida av Sogndalsfjorden heller ikkje er med, med unnatak av Fimreite. Verken Loftesnes eller Kaupanger er nemnde. Eg har vanskeleg for å tru at det ikkje var frukthagar i området Barsnes - Kaupanger.
Det passar å avslutta med eit dikt av Olav H. Hauge, fruktdyrkaren og diktaren frå Ulvik:
Eg hogg ned den store apalen utafor glaset.
Han skygde for utsyni, det var eitt, det
vart skumt i stova um summaren, dessutan
vilde ikkje Gartnarhallen ha
Flaskeeple lenger.