(Innlegg sendt til Dagens Næringsliv, som svar på Robert Næss' innlegg om Bitcoin 23.09)
Er Robert Næss Satoshi Nakamoto?
Eg les Robert Næss’
innlegg om Bitcoins straumforbruk og lurer på om han faktisk er Satoshi
Nakamoto? Så les eg vidare og ser at han til og med er smartare enn Satoshi;
han avslører store svakheiter i Bitcoin, svakheiter som han lett kan fiksa.
Nei, Robert Næss er
ein av mange som kjem inn og ser litt på Bitcoin og tenkjer: dette kan eg gjera
betre. Desse har ein ting til felles: dei forstår ikkje desentralitet –
hovudidéen bak Bitcoin. Javisst er det lett å laga eit system som både er
raskare og meir energieffektivt enn Bitcoin, det finst over 12.000 av dei lista
opp på CoinMarketCap. Felles for dei alle er at dei har ofra desentralitet og
også sikkerheit. Satoshi Nakamoto ofra bevisst kapasitet (og
energieffektivitet) då Bitcoin vart konstruert.
Dagens pengesystem
har alt mykje av det Robert Næss etterlyser, og med digitale sentralbank-pengar
blir systemet endå meir effektivt – og endå meir sentralisert og 100 %
overvaka! Bitcoin er konstruert for å vera eit alternativt motstykke til slik
valuta, og energibruken er ein viktig del av både desentralitet og sikkerheit.
Det finst
konsensusmetodar som er langt meir energieffektive enn metoden Bitcoin brukar
(Proof of Work – bevis på bruk av energi). Problemet er at dei fører til meir
sentralisering og får den same slagsida som dagens pengesystem har med at dei
rike blir rikare. Robert Næss argumenterer for ein slik metode (Proof of Stake –
konsensus ved depositum). Eit av fleire problem er at til meir av
kryptovalutaen du eig, til større innflytelse har du over systemet. Det minner
veldig om dagens pengesystem, og me treng ikkje eit nytt slikt system forkledd
som desentral kryptovaluta.