Karl Groves punkterer mange førestillingar om loggstatistikk og brukaråtferd i ein artikkel på Boxesandarrows. I artikkelen "The Limitations of Server Log Files for Usability Analysis" slår han fast at slike loggfiler berre eignar seg til å seia noko om korleis webserveren oppfører seg, ikkje korleis brukarane oppfører seg.
Han har ein grundig gjennomgang av korleis loggfiler blir bygde opp og kva feilkjelder som finst. Dei er det mange av, og dei er forsåvidt kjende frå før. I følgje Karl Groves er det berre tidspunkt, dato og HTTP Request ein kan stola på av data i ei loggfil, alt anna hefter det stor usikkerheit ved.
Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
onsdag 31. oktober 2007
søndag 28. oktober 2007
eFaktura - fordel for kven?
eFaktura er etter mi meining oppskrytt. Eg strittar mot alle som skal pressa på meg eFaktura og godtek i praksis berre dei som tvingar meg. Det er slike som Telenor som legg på eit saftig gebyr dersom eg vil betala med vanleg faktura. Det er slik ein skapar suksess for elektroniske tenester. Denne praksisen er i seg sjølv tvilsam, skulle gjerne hatt Forbrukarrådet til å vurdert den.
Eg meiner elektronisk faktura slik denne er i dag stort sett berre er til fordel for leverandøren. Leverandørane kan sjølvsagt spara mykje på innføring av eFaktura, det einaste eg sparer er litt inntasting, spesielt KID-nr. Den kostnaden er eg villeg til å ta fordi vanlege papirbaserte fakturaer gir meg ein heilt annan oversikt enn eFaktura.
Manglande oversikt trur eg er hovudgrunnen til den mislykka satsinga på eFaktura så langt. Men det er også her den potensielle gevinsten ligg: eFaktura kan etter mi meining berre blir ein suksess dersom den blir kopla med eit godt rekneskapssystem. Den dagen nettbanken og leverandørane i fellesskap lagar eit system som gir meg minst like god oversikt over fakturaene som eg har i dag, er eg med. Eg meiner ikkje rekneskapssystem i tradisjonell forstand, men eit arkivsystem som gjer det enkelt å finna tilbake til fakturainformasjon.
I dag er dette håplaust arkivmessig. Dersom eg skal sjekka ein faktura må eg logga inn i nettbanken, og kvar finn eg så den aktuelle fakturaen? Alternativet er å henta ut brevordnaren og slå opp fakturaen manuelt - pr. i dag er dette det enklaste og beste.

lørdag 27. oktober 2007
Dagens lengste?
Fosseng.info omtalar Webdagene 2007 og nemner 'søkemotoroptimaliseringsforedragsholder' Roar Eriksen. Håpar du har stort visittkort, Roar?
Elles har Karl Philip på Kuttisme.no også eit bra forsøk med 'søkemotoroptimaliseringskurs'..

fredag 26. oktober 2007
Vanskeleg samordning
søndag 21. oktober 2007
NOKIOS - Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor
Ikkje akkurat ein tittel det swingar av, men ein interessant konferanse var det som gjekk av stabelen 17. - 19. oktober i Trondheim. NTNU var vertskap og dei har planar om ein årleg konferanse for temaet. Totalt var det rundt 200 deltakarar, men trekkjer me frå foredragshaldarar m.m. blir det reelle tale i underkant av 150. Det er litt lite for ein konferanse med såpass store ambisjonar, og eit råd er å korta ned til to dagar og prøva å redusera prisen. Det er truleg i dyraste laget, særleg for kommunane.
Heidi Grande Røys opna konferansen med foredrag om ikt-utfordringar i offentleg sektor [dvs. Arne Sølvberg stod for opninga. Han skrytte særleg av intiativet Trådlause Trondheim, men i konferansesalen var det ikkje muleg å få inn trådlaust nett - oh irony..]. Heidi G. R. trekte fram særleg to utfordringar:
Den andre kommentaren gjekk på brukarorientering og at begrepet må utvidast til også å innehalda brukarmedverknad. Det ligg eit stort potensiale i å engasjera brukarane og la dei få dela kunnskap og erfaringar med andre via offentlege nettstader.
Andre interessante tema under konferansen var særleg felles it-arkitektur for offentleg sektor. Først var det ein sesjon med utgangspunkt i arkitekturskissa som er å finna i St.mld. "Eit informasjonssamfunn for alle" (litt vanskeleg å lesa her, men boksane i det raude feltet har tittel som 'Skjemamotor', 'Tenestekatalog', 'Arkiv/meldingsboks', 'Autentisering/eID'...):
Det var ei veldig teknisk og instrumentell tilnærming hos innleiarane og først då den kvinnelege rådmannen i Frosta kommune tok ordet, vart det fart i debatten. Ho peikte på at ho ikkje skjønte så mykje av figurane og begrepa og ho tvilte på om dette var det viktigaste for ein kommune som den ho jobba i. Ho peikte på at oppgåver kan løysast enklare.
Eg tok også ordet og støtta i prinsippet rådmannen. Eg meinte at dei planane som er skisserte for felles arkitektur og felles komponentar er veldig ambisiøse og at fallhøgda er stor. Eg oppfordra til å snu om på problemstillinga og heller stilla spørsmål om kor lite ein kan klara seg med og likevel oppnå god samhandling og gjenbruk. Eg minna om forrige gang det vart laga store arkitekturplanar. Det var i starten av 1990-åra og resulterte i vedtak om X.400 og NOSIP (Norsk OSI-profil). Begge delar vart totalt mislykka og overkøyrt av Internett som kjent.
Arkitekturdebatten heldt fram dagen etter og it-direktør i NAV, Gunnar Horn, orienterte om FAOS - Felles IT-arkitektur for offentleg sektor. Han leiar utvalet som skal leggja fram tilrådingar til FAD før jul. Det vart interessante diskusjonar også i denne sesjonen. Ein del av innvendingane som kom fram i første arkitektur-sesjonen vart tekne opp att. I tillegg vart det peika på faren ved å øydeleggja konkurransen i marknaden ved å utviklinga felles-komponentar. Utvalet vart elles oppfordra om å gå detaljert til verks og vera konkrete på enkelte punkt, som t.d. tilgjengelegheit.
Alt i alt ein god konferanse som godt kunne hatt litt fleire deltakarar. Det må det jobbast med fram til neste år, og ein god start er å kutta både i pris og antall dagar. Kommunane sit på mange måtar med nøkkelen til god e-forvaltning og då er det dumt at dei er så dårleg representerte.

- Fragmentering
- Brukarorientering

lørdag 13. oktober 2007
Elektronisk postjournal (EPJ)
Staten har i rundt 10 år (+/-) drive prosjektet elektronisk postjournal (EPJ). Det har som føremål å gi allmenn tilgang til korrespondanse til og frå departementa og ein del underliggjande etatar. Prosjektkostnadene er truleg i mange-millionarsklassen, utan at eg har tal for det.
Framleis er dette ei høgt prioritert oppgåve, og det nye direktoratet for forvaltning og IKT skal driva prosjektet vidare (Statskonsult har drive prosjektet). Eg spør meg sjølv: Kor vanskeleg kan dette vera??
Solund kommune i Sogn og Fjordane har 871 innbyggjarar ved siste SSB-registrering og har hatt postliste tilgjengeleg på nettet lenge. Fedje kommune i Hordaland har 620 innbyggjarar og har også postliste tilgjengeleg på nettet. Utsira kommune i Rogaland har 214 innbyggjarar og har også postliste på nettet!
Dei fleste kommunane i Norge har postlister (og saksdokument frå ulike møte) tilgjengelege på nettet og har hatt dette i mange år. Dette er ikkje "rocket science", det er standard programvare tilgjengeleg frå alle leverandørar av arkivsystem til offentleg sektor.
Men for staten er dette altså så vanskeleg at det må brukast millionar. Kva er problemet? Har departementa større problem med personvern i korrespondansen sin? Neppe, eg vil tru det problemet er langt større for ein liten kommune. Har dei generelt større problem med sikkerheit slik at dette blir vanskeleg? Neppe, dersom dei kan levera opplysningar og løysingar til Miside, kan dei heilt sikkert presentera postlister som jo er einvegskommunikasjon og ikkje spesielt vanskeleg sikkerheitsmessig.
Eg føreslår at det nye direktoratet avsluttar prosjektet med å ta ein prat med ein av dei nemnde kommunane for å høyra korleis dei har gjort det. Det bør ikkje kosta meir enn nokre tusenlappar i reise - det kan sikkert til og med ordnast med ein telefonsamtale.

fredag 5. oktober 2007
Løgn, forbanna løgn og statistikk
Norge.no har tryna etter å ha gått seg vill i web-statistikken og rapportert sjokkerande låge besøkstal. Saka har fleire fasettar enn som so, men her er det fenomenet web-statistikk som er interessant å dvela ved.
Web-statistikk er eit vanskeleg felt fordi det har dårleg definerte begrep, problematiske målemetodar og generelt høg grad av usikkerheit. Eg skal ikkje påstå å sitja med full oversikt over feltet, men vil ta opp ein del moment til diskusjon:

- Uklare begrep: Kva er ein unik brukar? Kva med ein (ikkje-unik) brukar? Sideoppslag? Treff? Det siste burde ingen rapportera, det er jo heilt uinteressant og direkte misvisande som målestokk. Analyseverktøya definerer ein unik brukar ulikt (kor langt tidsrom skal gjelda?) og gir difor ulike tal på dette og på andre parametrar ved analyse av same logg.
- Målemetodar: Grovt sett kan vi dela metodane i server-baserte og klientbaserte målemetodar. Den første er den tradisjonelle analysen av web-loggen; den andre er script-basert og kombinerer Javascript og cookie for måling og verifisering. Det finst også kombinasjonar av desse. Ein annan ting er kva serveren blir sett opp til å logga.
- Maskinell trafikk: Mykje av trafikken på ein nettstad er ikkje generert av menneske, men av maskiner. Korleis skal det filtrerast ut? På våre eigne prosjekt-nettstader har vi sett at andelen søkerobotar i periodar har vore på meir enn 50 % av all trafikk!
mandag 1. oktober 2007
Søk som ein samtale
Per-Erik Skramstad har eit liknande eksempel på feilslått søk på bloggen Webkommunikasjon. Han refererer til Are Halland som gjorde ei undersøking av interne søk i 2004 og der han meiner at søk må sjåast på som ein samtale. Per-Erik har deretter eit ganske godt eksempel på dette etter at han forgjeves leitar etter batteri til kameraet sitt på Komplett.no:
[Ole Olsen går inn i en fotoforretning.]Akkurat slik er det, og først ved ei slik samanlikning ser vi det håplause i dagens interne websøk.
Ole: Jeg skal ha batteri til mitt Nikon D70-kamera.
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Ole: Har du det ikke?
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Ole: Men jeg ser det på hylla rett bak deg.
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Abonner på:
Innlegg (Atom)