Vestlandsforsking feira 30-årsjubileum denne veka med eit seminar måndag 21.09. På seminaret var det innlegg frå Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet og Høgskulen i tillegg til presentasjonar av hovudforskingsområda. På IT-sida hadde kollega Ivar Petter og eg ein felles sesjon der temaet var ikkje mindre enn: 30 års verdshistorie, Norgeshistorie og Vestlandsforskinghistorie innan IT. Presentasjonen ser du her:
Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
søndag 27. september 2015
fredag 18. september 2015
Bitcoin i Bergen
Det ser ut som det var grått og trist i Bergen i går, men det er fordi Norled har slurva med vindusvasken på ekspr.båten! |
Staseleg lokale
På førehand snakka me om kva desse gamle banksjefane ville sagt om den nye digital valutaen. Eg meinte dei kanskje ville ha nikka attkjennande til ein del av sidene. Dette var trass alt banksjefar som ikkje var uvande med at bankar kunne laga sin eigen valuta, slik det vart gjort i mange land på 1800-talet. Så seint som i 1980 var det eigne Svalbard-pengar i omløp på Svalbard!
Transaksjonar i ei blokk
Det var som sagt ein oppvakt gjeng som møtte fram, og ein god del av dei visste mykje om Bitcoin og hadde leika seg litt med valutaen. Av mange interessant spørsmål fekk eg eit eg ikkje kunna svara klart på: Korleis blir talet på transaksjonar i kvar ny blokk bestemt? Det må vera ein slags konsensus blant "gravarar" ("miners") slik at dei handsamar den same blokka. Dette må eg finna ut av!
27.09.15: Svaret på spørsmålet er at det ikkje er nokon konsensus; miner-ane avgjer sjølve kva transaksjonar dei vil ta med i den nye blokka. Sidan dei ikkje skal fram til ein eksakt verdi, men ein verdi som er mindre enn ein oppgitt verdi, kan dei rekna på ulike blokkinnhald. Grunnlaget for utrekninga ein hash av:
- Hash av forrige blokk
- Innhaldet i den nye blokka
- Eit tilfeldig tal ("nonce")
Hashverdien av dette skal vera under ein gitt verdi for at det skal aksepterast av nettverket.
Bankane eksperimenterer
Også norske bankar er i ferd med å vakna og oppdaga potensialet i Bitcoin. Det er på høg tid, for internasjonalt er det no stor aktivitet. Dei ni største investeringsbankane i verda har nettopp gått saman om eit blokk-kjedeinitiativ, og mange andre ekseperimenterer også med teknologien. Det er synd om Norge, som kanskje har det beste og mest effektive betalingssystemet i verda, skal bli hengjande langt etter her. Men det er også typisk; er det noko historia har vist oss er det at om du er suveren på eit område, blir du fort overkøyrt når ny teknogi vinn fram.
Torvald Kvamme, leiar for produkt og digitale kanalar i Sparebanken Vest, fortalde om brukarperspektivet og si eiga Bitcoin-reise etter mitt foredrag. Han hadde mange gode poeng som illustrerer brukarproblema i systemet: Korleis få tak i Bitcoin? Kvifor i all verda skal du bruka Bitcoin? Men trass i desse utfordringane ser han klart potensialet i teknologien, og at bankane nok vil bli påverka av den.
Her er presentasjonen eg heldt:
søndag 6. september 2015
eGov 2015
White Tower er eit landemerke i Thessaloniki, bygt i 1523 |
IFIP WG 8.5
IFIP er ein stor global organisasjon som organiserer forskarar over heile verda, innan mange disiplinar. Den har over 100 arbeidsgrupper og er ansvarleg for meir enn 100 konferansar årleg.
Ulike typar artiklar
Årets eGov-konferanse vart halden saman med konferansen for eParticipation, ePart, og hadde 100 innsende artiklar totalt. Av desse vart 37 godkjende som fullstendige artiklar (full research paper) og 31 som pågåande forsking (ongoing research). Skilnaden er at dei førstnemnde artiklane blir publiserte i ein serie som gir publiseringspoeng, medan den siste kategorien ikkje gir poeng, men må/kan arbeidast vidare med. Sjølv var eg heldig og fekk godkjent artikkelen i den første gruppa, ein artikkel eg skreiv saman med professor Arild Jansen ved universitetet i Oslo (avd. for forvaltningsinformatikk, juridisk fakultet).
What is This Thing Called e-Service?
Temaet for artikkelen vår var den problematiske bruken av omgrepet 'e-service' eller 'digital service', og problema det kan føra til når det gjeld interoperabilitet (at maskiner skal kunna "snakka" med kvarandre). Artikkelen har tittelen "What is This Thing Called e-Service?" og her er presentasjonen av den.
Sikring av deltaking
Dei vitskaplege konferansane er så smart lagde opp at dersom du får godkjent ein artikkel, etter ei såkalla blind fagfelle-vurdering (blind peer review), må du møta på konferansen og presentera artikkelen for å få den publisert i konferansepublikasjonen (proceedings), elles blir den ikkje publisert og du får heller ikkje publiseringspoeng. Slik sikrar arrangørane at det kjem nok deltakarar.. Alle fullstendige artiklar er tilgjengelege her i ein kort periode.
Byen omkransar bukta som er ein del av den Thermaiske golfen |
Thessaloniki er hovudstaden i nord, i det greske Makedonia, og den nest største byen i Hellas med 325.000 innbyggjarar i byen og totalt 790.000 med omland. Det er ein by med lange historiske tradisjonar og mange minnesmerke etter ulike herskarar. Byen vart grunnlagt i år 315 f. Kr. Den
låg strategisk og vart eit naturleg nav i handelsruter frå aust-vest og nord-sør både som del av det romerske imperiet og seinare det bysantiske. Folketalet var over 150.000 på 1100-talet, noko som seier mykje om kor viktig denne byen har vore i historisk tid.
Konferansehotellet Electra Palace Hotel er sentralt plassert på Aristoteles Square, det absolutte senteret i byen |
Den bysantiske perioden etter romarriket sitt fall varte til 1204 og i perioden fram til 1423, då Thessaloniki vart ein del av bystaten Venezia, var skiftet av herskarar mange. I den siste korte perioden 1423 - 1430 vart byen ein del av Venezia, mest som eit forsøk på å verna den mot den ottomanske makta i aust. Men i 1430 vart Thessaloniki ein del av det Ottomanske riket, og det varte heilt til 1912. I 1917, under første verdskrig, brann nesten heile den gamle byen ned og over 70.000 vart heimlause (The Great Thessaloniki Fire of 1917).
Utsikt frå restauranten på Electra, plassert på taket av hotellet. Ikkje berre hardt arbeid på ein slik konferanse ;) |
tirsdag 1. september 2015
Lom og Andvord gard
På Andvord gard går det an å trivast! |
Lom er kanskje den staden i landet med den mest heilskaplege og gjennomførte arkitekturen. Enkelte vil kanskje sjå på det som ei tvangstrøye, men det er ikkje tvil om at ein slik plan har skapt ein langt meir harmonisk og vakker tettstad enn det meste andre i landet. Det finst nok av skrekkeksempel på det motsette, der det ikkje har vore motforestillingar mot nokon byggjestil.
Ei av mange perler i Lom, og kanskje den største, er Andvord gard. Andvord har røter meir enn 1000 år tilbake, og den eldste skriftlege dokumentasjonen er frå 1315. Då var garden i tvist med kyrkjar (sjølvsagt!). Lom kommune eigde staden ei god stund, men selde den til brørne Richard og Mikkel Andvord, oldebarn av tidlegare eigar. Dei sette i gang eit omfattande restaureringsarbeid, i tett dialog med NIKU. Resultatet er imponerande, og dei har fortent fått Olavsrosa frå Norsk Kulturarv for restaureringsarbeidet.
No tilbyr garden overnatting, servering og kurslokale. I samband med fjellseminaret var det middag kvelden før, og den vart servert i "stor-stuggu". Maten stod i stil med omgivnaden - imponerande!
Eit stort stabbur i Lom, frå 1600-talet, det største i Norge (fungerte som kornlager for heile bygda) |
Så viss du vil ha noko heilt spesielt, både med atmosfære og oppleving, skal du ta turen til Lom!
Abonner på:
Innlegg (Atom)