søndag 22. april 2007

Datalagringsdirektivet - frå sletteplikt til lagringsplikt!

EU føreslår i datalagringsdirektivet å lagra detaljert informasjon om telefonsamtalar, e-post og internett-kommunikasjon i opptil to år. Tidlegare har det vore eit påbod om å sletta slik informasjon etter maksimalt eit halvt år.

Det er skremmande lite diskusjon om den stadig meir omfattande overvakinga. Datatilsynet står sørgjeleg åleine om å ropa varsku mot denne utviklinga. Det nye direktivet vil føra til ei massiv overvaking av absolutt alle. Tidlegare har det vore tiltak retta mot spesielt mistenkte, men no skal altså absolutt alle overvakast.

Leif T. Aanensen i Datatilsynet trekkjer fram ein interessant parallell: Tenk deg at Posten fekk i oppdrag å føra liste over alle dei du sender brev til og mottek brev frå. Det ville garantert vorte ramaskrik om dette vart føreslege, men det er akkurat det som skjer i cyberspace - og stort sett ingen løftar augnebryna.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Skikkelig bra direktiv, endelig får dem fatt i pedofile og kriminelle, for ikke å snakke om alle terroristene. JA til mer fred i verden.

Svein Ølnes sa...

Hmm, var det ironisk meint? Eller meiner du at målet heilagar midla? Eit kjent argument er jo også at så lenge du ikkje har noko å skjula, er det ikkje noko å bekymra seg over.

Eg er i mot ein slik tankegang og forsvarer retten til anonymitet; terror eller ikkje terror. Det er snakk om ein viktig, grunnleggjande rett.