Eg reiste med tog forrige veke og det er alltid kjekt. Det er ein suveren måte å reisa på - den suverent beste etter mi meining. NSB har også lagt til rette for å kjøpa billettar via nettet, så den delen begynner også å bli bra.
Eg kjøpte billettane via nettet og det hadde også sidepassasjeren min gjort. Men ho fekk ei kraftig irettesetjing av konduktøren fordi ho hadde kryssa av for henting på stasjon, og ikkje henting i tog. Hallo?! Er dette brukarorientering slik NSB ser det?
Det må vel vera knekkande likegyldig korleis billettane blir skrivne ut, i alle fall for passasjerane. er det elektroniske billettar eller er det ikkje? Det er NSB si oppgåve å sørgja for å ha oversikt over dei som har bestilt via nettet, ikkje passasjerane. Skjerpings!
2 kommentarer:
NSB er ikkje aleine om å strekkje passasjerar fordi dei ikkje har orden på elektroniske reisedokument. Eg har opplevd tilsvarande hos Widerøe. Ei stakkars dame hadde bestilt billett til Oslo og ikkje fått med seg at ho skulle om Bergen. Det vart oppfatta omtrent som ei personleg fornærming då Widerøe-mannen oppdaga det etter at ho var kome ombord i Oslo-flyet. At både innsjekk og ombordstiging (med ID-kontroll) hadde latt dama passere spelte inga rolle når kjeften skulle delast ut. Slik kan det gå når papirmakta forsvinn.
Hehe, der oppe behandlar dei pasasjerane som sauer. Det var vel smørbukken som var på jobb hjå Widerø tenkjer eg.
Legg inn en kommentar