søndag 21. oktober 2007

NOKIOS - Norsk konferanse for IKT i offentleg sektor

Ikkje akkurat ein tittel det swingar av, men ein interessant konferanse var det som gjekk av stabelen 17. - 19. oktober i Trondheim. NTNU var vertskap og dei har planar om ein årleg konferanse for temaet. Totalt var det rundt 200 deltakarar, men trekkjer me frå foredragshaldarar m.m. blir det reelle tale i underkant av 150. Det er litt lite for ein konferanse med såpass store ambisjonar, og eit råd er å korta ned til to dagar og prøva å redusera prisen. Det er truleg i dyraste laget, særleg for kommunane.

Heidi Grande Røys opna konferansen med foredrag om ikt-utfordringar i offentleg sektor [dvs. Arne Sølvberg stod for opninga. Han skrytte særleg av intiativet Trådlause Trondheim, men i konferansesalen var det ikkje muleg å få inn trådlaust nett - oh irony..]. Heidi G. R. trekte fram særleg to utfordringar:
  1. Fragmentering
  2. Brukarorientering
Eg hadde to oppmodingar til ho i spørsmålsrunden etterpå, knytte til dei to utfordringane: Standardisering er eit av tiltaka mot fragmentering og her er departementet for passive når dei snakkar om "tilpassing til standardar" heile tida. Norske miljø er med i standardiseringsarbeidet og dei må støttast betre økonomisk enn det som er tilfelle i dag. Det er viktig at me er med og utformar standardar der det er muleg, og ikkje berre tilpassar oss dei.

Den andre kommentaren gjekk på brukarorientering og at begrepet må utvidast til også å innehalda brukarmedverknad. Det ligg eit stort potensiale i å engasjera brukarane og la dei få dela kunnskap og erfaringar med andre via offentlege nettstader.

Andre interessante tema under konferansen var særleg felles it-arkitektur for offentleg sektor. Først var det ein sesjon med utgangspunkt i arkitekturskissa som er å finna i St.mld. "Eit informasjonssamfunn for alle" (litt vanskeleg å lesa her, men boksane i det raude feltet har tittel som 'Skjemamotor', 'Tenestekatalog', 'Arkiv/meldingsboks', 'Autentisering/eID'...):


Det var ei veldig teknisk og instrumentell tilnærming hos innleiarane og først då den kvinnelege rådmannen i Frosta kommune tok ordet, vart det fart i debatten. Ho peikte på at ho ikkje skjønte så mykje av figurane og begrepa og ho tvilte på om dette var det viktigaste for ein kommune som den ho jobba i. Ho peikte på at oppgåver kan løysast enklare.

Eg tok også ordet og støtta i prinsippet rådmannen. Eg meinte at dei planane som er skisserte for felles arkitektur og felles komponentar er veldig ambisiøse og at fallhøgda er stor. Eg oppfordra til å snu om på problemstillinga og heller stilla spørsmål om kor lite ein kan klara seg med og likevel oppnå god samhandling og gjenbruk. Eg minna om forrige gang det vart laga store arkitekturplanar. Det var i starten av 1990-åra og resulterte i vedtak om X.400 og NOSIP (Norsk OSI-profil). Begge delar vart totalt mislykka og overkøyrt av Internett som kjent.

Arkitekturdebatten heldt fram dagen etter og it-direktør i NAV, Gunnar Horn, orienterte om FAOS - Felles IT-arkitektur for offentleg sektor. Han leiar utvalet som skal leggja fram tilrådingar til FAD før jul. Det vart interessante diskusjonar også i denne sesjonen. Ein del av innvendingane som kom fram i første arkitektur-sesjonen vart tekne opp att. I tillegg vart det peika på faren ved å øydeleggja konkurransen i marknaden ved å utviklinga felles-komponentar. Utvalet vart elles oppfordra om å gå detaljert til verks og vera konkrete på enkelte punkt, som t.d. tilgjengelegheit.

Alt i alt ein god konferanse som godt kunne hatt litt fleire deltakarar. Det må det jobbast med fram til neste år, og ein god start er å kutta både i pris og antall dagar. Kommunane sit på mange måtar med nøkkelen til god e-forvaltning og då er det dumt at dei er så dårleg representerte.

2 kommentarer:

Paal Fosdal sa...

Bra å sjå at det er noko som hugsar på den manglande suksessen med NOSIP og X.400. Det som idag kjenneteiknar off forvaltning er at det blir sett igang gigantiske utgreiingar og prosjekt utan at målet er tilstrekkelg definert og utan at oppdragsgjevar har tilstrekkelg styring på system- og arkitekturutviklinga. Eg trur dette har noko å gjere med at det dei seinare åra har vorte altfor stor merksemd rundt den sokalla bestillarfunksjonen. Ein skal kunne bestille alt hjå eksterne leverandørar basert på ein funksjonell spesifikasjon og definerte grensensitt mot andre system. Over tid har "bestillarrolla" ein lei tendens til å utvikle seg meir i juridisk og økonomisk retning enn teknisk retning, med det resultat at off verksemder sit igjen med for lite teknisk kompetanse til å kunne styre prosjekta på eit godt fagleg grunnlag. Dette skal så kompenserast for gjennom utvikling av ein felles arkitektur som skal gi enno betre spesifikasjonar. Men resultatet blir truleg ein mastodont som ingen kan gjere seg nytte av. Eg støtter fullt ut din minimalistiske tilnærming: Kor lite kan ein verksemd klare seg med og likevel samhandle godt. For det er samhandlinmga og nytteverdien som må stå i sentrum.

Svein Ølnes sa...

Ja, eg er redd det blir arkitektur for arkitekturen si skuld, og ikkje som grunnlag i reelle behov. Først må behova på bordet, så kan me diskutera kva felles arkitektur som er nødvendig for å løysa dette for fleire.

Elles slo det meg på konferansen at det er mange etter kvart som aldri har høyrt om X.400, NOSIP og TRESS - for å ta nokre gufs frå fortida. Det er noko med alderen...

Men så er det også det med å læra av historia og tidlegare feil...