- HTML skal vera primærformatet for publisering av offentleg informasjon på Internett
- PDF er obligatorisk i tilfelle der ein ønskjer at den opprinnelege utsjånaden på eit dokument skal vera uendra
- ODF skal brukast til å publisera dokument som skal kunna endrast etter at dei er lasta ned, til dømes skjema som skal fyllast ut av brukaren
Sjølv likar eg best formuleringa om at HTML skal vera primærformatet for publisering av offentleg informasjon på nettet - det har i alt for lang tid vore ei pdf-isering av nettet som ikkje er bra.
Dei nye krava vil gjelda frå 1. januar 2009 og arbeid er sett i gang for at dei også skal omfatta kommunane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar