tirsdag 15. desember 2009

Datalagringsdirektivet (lesarinnlegg)

(Det følgjande er eit tilsvar til Arne Johannessen sitt lesarinnlegg "Ja til Datalagringsdirektivet" som stod i Sogn Avis onsdag 09.12.09. Svaret mitt kom på trykk 14.12)

Arne Johannessen talar varmt for Datalagringsdirektivet (DLD) i onsdagens Sogn Avis. Det er hans og politiets jobb å kjempa for alt som kan letta politiet sitt arbeid mot kriminalitet. Men det er ikkje polititet me bør lytta til i spørsmål om personvern. Datatilsynet, som er fagetaten i slike spørsmål, har uttrykt stor skepsis til DLD og direktør Georg Apenes har kalla forslaget eit ”totalitært svermeri”.

Saka om innføring av DLD reiser viktige spørsmål om korleis me vil innretta samfunnet vårt framover, om me vil halda fram den stadig aukande overvakinga. Arne Johannessen likar ikkje ordet overvaking, men ei innføring av DLD vil medføra ei drastisk endring av føremål og omfang av informasjonslagring. Politiet synest elles å byggja på synet om at ”om du ikkje har gjort noko gale, har du ingen ting å frykta”. Det er eit dårleg utgangspunkt for personvern.

Det viktigaste argumentet mot DLD er den altomfattande lagringa av informasjon med føremål å avdekkja straffbare handlingar. Det gjeld ikkje berre dei som kan vera mistenkte for å planleggja kriminelle handlingar, men absolutt alle. Endringa av føremålet med lagringa er sjølve kjernen i denne saka. Historia har også vist oss at om informasjon først blir lagra, vil den bli brukt, jfr. Lundkommisjonen si avdekking av dei hemmelege tenestene.

Arne Johannessen er talsmann for at målet heilagar middelet, om me kan få betre metodar for å avdekkja kriminalitet er det verdt det. Det er ein farleg tankegang. Helga Pedersen i Arbeiderpartiet har uttrykt den same tankegangen ved å seia at om berre eitt barn blir redda, er innføringa av DLD verdt det. Men kvifor då stoppa ved innføring av DLD? Om me overvaker alt, vil me kanskje få bort alle overgrep mot barn. Kvar går grensa? Mangelen på slik prinsipiell tenking er skremmande.


Personvernet har lenge vore på vikande front og dagens elektroniske samfunn gjer det muleg å spora oss alle i ein grad som før var heilt utenkjeleg. Me treng ei styrking av personvernet, ikkje ei svekking. Det har heldigvis alle partia unnateke Arbeiderpartiet og Høgre forstått i denne saka. Til slutt vil eg oppmoda Arne Johannessen om å lesa ”1984” av George Orwell. Boka blir dessverre stadig meir aktuell. Den kan gjerne lesast saman med Personvernkommisjonen si innstilling frå i år, ”Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet”.
Svein Ølnes, forskar ved Vestlandsforsking

Ingen kommentarer: