mandag 21. desember 2009

Geneva L eitt år etter

Er alt i alt veldig godt fornøyd med anlegget. Lyden er god (nok) i stova på ca. 35 kv.m. og ikkje minst er anlegget veldig praktisk med berre ein kabel (straum) å tenkja på. Det praktiske er viktig når lyden elles er veldig bra.

Den største mangelen ved anlegget er at det ikkje er tilkopling for hovudtelefon; eit uforståeleg val av Geneva. Har prøvt å kopla til den gamle platespelaren (LP!) til 'Line in', men lyden blir veldig svak - sjølv på maks. lydvolum. No er kanskje ikkje gamle platespelarar det første du vil kopla til denne boksen, men likevel.

Fjernkontrollen verkar billeg i forhold til resten av anlegget, og er ikkje alltid med på notane. Det er også eit lite irritasjonsmoment. Men totalt sett gir eg Geneva-en nesten topp-karakter: 5 av 6 stjerner!

Sjå også omtale og brukarkommentarar på Lyd og bilde.

3 kommentarer:

bollar sa...

Eg har nettopp kopla opp eit gamalt Sanyo-anlegg med platespelar, eit anlegg eg fekk frå tante Liv for omlag atten år sidan. Eg kom raskt til den konklusjonen at ingenting - sjølv ikkje overprisa, fargelagde, eittbeins designmøblar - kan måle seg med LP-plater.

Eg torer ikkje å seie noko om lyden, objektivt sett, men det å setje på ei plate gjev ein større nærleik til musikken enn å bla i eit iPod-, mediasenter eller spotifybibliotek. Det var til og med greitt å høyre på very best of Santana (som dessverre var den einaste plata for handa i går kveld).

Svein Ø sa...

Kan godt henda lyden er betre på LP-plater, men det praktiske har for lengst vorte styrande for mitt musikkopplegg.

Så lenge lyden er god nok, er det greitt for meg. Eg er ingen hifi-fanatikar, musikken har alltid vore viktigast.

bollar sa...

Som sagt, det er ikkje så mykje lyden som står i sentrum. Sjølv er eg mest fascinert av storleiken på LP-ane og finmekanikken i spelarane (for den del blir eg også meir og meir begeistra over kassettar).