torsdag 27. mai 2010

Wittgensteins Wien


Professor emeritus Kjell S. Johannessen frå Filosofisk institutt, Universitetet i Bergen, heldt i går (26.05) eit foredrag om "Wittgensteins Wien - Den kulturelle og intellektuelle bakgrunnen for arbeida hans".

Arrangementet fann stad i Sogndal bibliotek sine lokale og rundt 45 interesserte tilhøyrarar hadde møtt fram. Arrangementet er ein del av Vestlandsforsking si markering av 25-årsjubileum for instituttet.

Her følgjer eit slags resyme av foredraget, men det kan sjølvsagt ikkje yta foredragshaldaren full rettferd.

(biletet viser Ludwig Wittgenstein og er teke i 1930. Det er eigd av Nasjonalbiblioteket i Austerrike.)

Bakgrunn
Ludwig Wittgenstein (26. april 1889 - 29. april 1951) var samanhengjande 2 år i Sogn (Skjolden) – over til saman 6 periodar. Det er ein viktig grunn både for foredraget og interessa for filosofen i Norge. Ved Universitetet i Bergen finst også Wittgenstein-arkivet, som Kjell S. Johannessen var leiar av i mange år.


Wittgenstein avviste at filosofi kunne vera vanleg vitskap. Det einaste filosofi kan bidra til, er ei form for klargjering av våre tanke-reiskap; våre begrep. Denne filosofien blir difor ei form for språk-kritikk, og filosofien blir ein språkfilosofi.

Wittgenstein ga berre ut eitt filosofisk arbeid, eit ungdomsarbeid kalla Tractatus Logico-Philosophicus. Johannessen omtala dette verket i eit anna foredrag som "Platon trekt heilt til yttergrensene". Det andre hovudarbeidet, Filosofiske undersøkingar (Philosophical Investigations) kom ut to år etter han var død, i 1953. Her går filosofen tilbake på mykje av det han skreiv i Tractatus. Me finn difor to "leirar" av Wittgenstein-tilhengjarar som litt enkelt kan grupperast i: Logikarar med stor sympati for det første verket, og språkforskarar som viser stor interesse for det siste.

Begge arbeida vart påbegynt i Skjolden. Han skreiv til mentoren Bertram Russel om Skjolden at ”her er ein fabelaktig plass å arbeida”. Wittgenstein vart ofte misforstått og forveksla med Russels arbeid. Men då oversåg ein heilt at han kom frå ein annan kultur. Av ein eller annan grunn er heile den sentral-europeiske kulturen undertrykt i Norge. 



Det er viktig å forstå utsagn osv. ut frå ein kontekst, særleg gjeld det Wittgenstein som ikkje er lett å tolka. For å forstå Wittgenstein må ein altså forstå Wiener-kulturen på den tida. Eit godt utgangspunkt i så måte er den klassiske boka Wittgenstein’s Vienna av Allan Janik. Eit anna klassisk arbeid er Fin-de-Siecle Vienna: Politics and Culture av Carl E. Schorske.

Den unge Wittgenstein
Han var fødd i Wien i 1889 (same år og same månad som landsmannen Adolf Hitler!) i dobbelt-monarkiet Austerrike-Ungarn, som var noko heilt anna enn dagens vesle Austerrike. Det gjekk til Transsylvania i aust og Tyrol i vest, og omfatta store delar av tidlegare  Jugoslavia. Heimen til Wittgenstein var eit kulturelt sentrum i Wien og i det store keisardømmet. Det var stadig musikk-arrangement, teaterførestillingar og i det heile mykje kultur. Mellom gjester og utøvarar kunne ein finna m.a. Johannes Brahms, Klara Schumann, Gustav og Alma Mahler, Richard Strauss, Arnold Schønberg og mange fleire kjende kulturpersonar frå den tida. Wittgenstein-palasset var det musikalske sentrum i Wien og Wien var det musikalske sentrum i verda.

Ludwig hadde fire brødre og tre søstre og alle var musikalsk begava. Og dei hadde alle mulegheiter til å utøva og forfølgja musikken. Faren ønskte sjølvsagt også at ein av sønnene tok ingeniør-utdanning for å overta industri-konglomeratet. Men ingen av ungane var interesserte (begge foreldra var svært musikalske og faren Karl hadde ei stund livnært seg som fiolinist i New York ved sida av å vera lærar i matematikk).

Tre av brødrene tok sjølvmord. Berre Ludwig viste litt interesse og prøvde å følgja faren sitt ønskje. Han vart utdanna maskiningeniør i 1908. Han var spesielt interessert i fly-mekanikk. Han heldt fram ingeniør-studiane i Manchester, med spesiell vekt på fly-teknologi. Han vart meir og meir interessert i matematikk som følgje av ingeniørstudiane. W lurte på grunnleggjande matematiske grunnprinsipp og gjorde ein sjokkerande oppdaging av at matematikken manglar eit vitskapleg fundament. Han fekk kjennskap til Principia Matematica av Bertram Russel og det endra W grunnleggjande.

Russels viste at aritmetikken kunne førast tilbake til nokre få absolutte grunnsetningar (aksiom) som kviler på logikken. W fekk lyst til å treffa Russel og drog til Cambridge og møtte han. Dermed var den filosofiske løpebana starta. 

Wittgenstein som begynnande filosof
Wittgenstein var oppteken av det estetiske ved Russels logikk, skjønnheiten.
 Han hadde for vane å uttrykkja seg svært kort og kryptisk og utan argumentasjon. På sp.m. frå Russel svarte W at ”argument ville øydeleggja skjønnheiten”.
 


Wittgenstein ville heller ikkje gi frå seg noko før det var fullstendig gjennomarbeida og fullkomment. Russel meinte at W hadde kunstnaren si haldning om at det måtte vera det fullkomne eller ingen ting.
Det etiske og estetiske var begge delar til stades i W arbeid, men fråverande hjå Russel (og dei fleste andre).

Storborgarskapet kontrollerte enorme verdiar og dei var den dominerande klassen ved århundreskiftet. Strukturen var gjennomgåande svært patriarkalsk (kjem veldig tydeleg fram i filmen Det hvite båndet - Das Weisse Band). 


Kunsten vart ikkje dyrka for kunsten si skuld, men for å visa fram dei verdiane ein dyrka. Historisismens og stilblandinga si tid – prangande, forsiringar prega arkitekturen. Nokre heimar kunne karakteriserast som reine redselskabinetta. Etterlikning av kunst frå forgangne tider prega storborgar-heimane. Det vart eit vulgært uttrykk, og heimane vart langt på veg museum. Den tilbakeskodande stilen og haldninga var parallell til heile keisardømmet si innretning: bevara fordums storheit for ein kvar pris. Keiserdømmet A-U var altså ikkje akkurat i takt med tidas straumar og kjempa iherdig mot all fornying.


På musikkfronten var Brahms det mest radikale Wien-borgarane kunne tenkja seg. Sjølv Mozart vart litt for "vill" for dei fleste..


Den fremste arkitekten var den danske Theofilus Hansen. Han vart utnemnt til hoffarkitekt von Hansen! Langs Ringstrasse kan ein sjå den herlege stilblandinga han var ansvarleg for.


Skodespelarane ved Burgtheater var mønsteret for korleis borgarskapet skulle oppføra seg. Folk oppvaksne i Wien på den tida hadde problem med å innsjå at det fanst andre ting enn dei reint estetiske verdiane som vart dyrka der. Men den oppveksande slekta tok avstand frå dette dekadente livet. Leiande figurar var ulike forfattarar som sat på Wiener-caféane og diskuterte den bedrøvelege tilstanden. Krinsen kalla seg for Jung-Wien. Det var ein kritikk av bruken av kunst som eit barometer på økonomisk suksess. Men kritikken hadde ikkje samfunnsendring som føremål. Dei stilte diagnosar, men hadde ikkje forslag til løysingar.
 


Der Mann ohne Eigenschaften av Robert Musils var ein bitande analyse av tilstanden i Wien rundt århundreskiftet.Den tapre soldat Svejk er også ein skarp analyse av den sørgjelege tilstanden i hæren. Den vart skriven av Jaroslav Hasek. Ein annan tsjekkisk roman, Prosessen av Franz Kafka,  har også ein figur av den same tida og den same kulturen: Josef K. Praha var den gangen ein del av A-U.


Nye kunstnarar
Nye kunstnarar tok etter kvart avstand frå den klisjé-baserte biletkunsten på den tida. Målaren Gustav Klimt stod i spissen for den nye stilen som vart kalla Wiener Secession, men som også gjekk under namnet Wiener Jugend. Eit av dei mest kjende verka hans er ”Kysset”. Den representerer den nye Jugend-stilen. Andre kjende målarar frå den tida var Egon Schiele og Oskar Kokoschka. Dei skapte mykje oppstyr og rysta borgarskapet.

Karl Kraus var ein av dei som kom til å bety mykje for Wittgenstein. Han var ikkje fornøyd med å stilla diagnosen, men ville også bidra til endring (”Infamitetens meistar”). Den viktigaste reiskapen hans var tidsskriftet Die Fakkel. Her skreiv han dei fleste artiklane, etter kvart alle. Kraus har utan tvil vore eit stilistisk førebilete for W, særleg den aforistiske stilen.

Men for å forstå Kraus, må ein bli kjend med hovudverdiane hans. Det enkelte menneskes karakter er sett saman av både maskuline og feminine verdiar. Fornuften er det maskuline, det estetiske er den feminine. Fornuften hadde ikkje noka meining i seg sjølv, men berre når dei feminine verdiane ga fornuften retning. For djupast sett er fornuft og fantasi to sider av same sak.
Kraus var ein skarp kritikar av borgarskapet, men verst av alle meinte han, var Jung-Wien, som flykta inn i ei narcissistisk sjølvdyrking.

Motsetningar, som for Wittgenstein ikkje var motsetningar, men to sider av same sak:
Fornuft – Følelsar
Fakta – Verdiar
Etikk – Estetikk

Ein annan person med stor innflytelse på W var arkitekturen Adolf Loos. Han kjempa like iherdig mot dåtidas rådande arkitektur som Kraus gjorde på det moralske området. Arkitektur er ikkje kunst, meinte Loos, dermed måtte ein fjerna alle spor av utsmykking, forsiringar osv., særleg alt som smakte av kopiering av gamle stilartar. Den vart forløparen for funksjonalismen og den austerrikske versjonen av Art Nouveau.

Loos’ stil var forenklande og naken, heilt klart i slektskap med funksjonalismen. Den stod i skarp kontrast til historisismen. Loos gjekk også laus på brukskunsten på den tida fordi den tilslørte skiljet mellom kunst og bruksting. Igjen er rota til det heile at fakta-sfæren blir blanda saman med verdi-sfæren.



(biletet viser Stonborough House, huset han teikna til søstera Margaret Stonborough i perioden 1926-28)

Wittgenstein var inspirert av Loos og brukte mykje av Loos’ idéar i huset han teikna for søstera si, Margaret. Her designa han både huset og mange innvendige detaljar og la heile intellektet og sjela si i det. Det var på mange måtar dette arbeidet som førte han tilbake til det akademiske, etter at han hadde brote med denne verda etter første verdskrig.

Spørsmål frå tilhøyrarane
Kva var motivasjonen for å dra til Skjolden, så langt frå den rike kulturen i Wien?
Han kunne ikkje fordra omgangsformene i Wien og heller ikkje i Cambridge. Begge stader oppfatta han som like ille. Han søkte utkantane. Han var både i Wales og i Irland. Før han kom til Skjolden var han ein månad ved Øystese Turisthotell.

Han likte folka i Skjolden. Han var ikkje folkesky, som mytene gjerne prøver å byggja opp om. Kjell S. Johannessen har skrive ei bok om Norges-opphaldet; Wittgenstein and Norway saman med Rolf Larsen og Knut Olav Åmås. Han sette pris på det direkte og ærlege, som kontrast til Wiens ”forstillelse”.

Korleis tok Wittgenstein med seg idéane frå Kraus et al. vidare i arbeidet med språkfilosofien?
Problemet med Wittgenstein sine verk er at dei er utan argumentasjon. Det blir difor eit vanskeleg rekonstruksjonsarbeid å finna ut kva han meinte. Heile foredraget har vore eit forsøk på å forklara korleis dei to elementa, etikk og estetikk, kunne smelta saman.

3 av dei 4 hovudretningane innan vitskapsfilosofien hadde utspring frå Wien:

Positivismen - med dei logiske positivistane i Wiener-krinsen (med Moritz Schlick i spissen)
Kritisk rasjonalisme (Karl Popper)
Wittgensteins språkfilosofi
Hermeneutikken (som er den einaste hovudretninga som ikkje stammar frå Wien)

Wittgenstein skreiv aldri fullstendige artiklar, med innleiing – innhald - avslutning, berre bemerkningar (Bemerkungen) som han skreiv ned i notatbøker. Det artige er at på mange av desse notatbøkene står det Beyers Bokhandel. Notatbøkene kjøpte han altså i Bergen, på veg til Skjolden.


Biletet over viser Wittgenstein si grav i Cambridge. Stigen på grava symboliserer den kjende teksten i seksjon 6.54 av Tractaticus: 

"My propositions are elucidatory in this way: he who understands me finally recognizes them as senseless, when he has climbed out through them, on them, over them. (He must so to speak throw away the ladder, after he has climbed up on it.) He must surmount these propositions; then he sees the world rightly."
Foto av Andrew Dunn.














Ingen kommentarer: