fredag 11. juni 2010

VM i fotball er i gang!


(logoen er den offisielle FIFA World Cup 2010 logoen) Så er VM i fotball endeleg i gang. For meg har VM i fotball vore det største sidan 1974 og eg har sett fram til kvart nytt VM med spenning. Sjølv om det starta i 1974 for min del, og med skuffelse over at Nederland vart slått av Vest-Tyskland, så var det VM i Argentina i 1978 interessa for alvor vart tent. Den første helten min vart Mario Kempes, ein (den?) avgjerande person for Argentina sin seier på heimebane, lett kjenneleg på ei enorm "heddna". Her er eit knippe nostalgi i form av Kempes-scoringar:



VM i fotball er både magi og dramatikk og framfor alt god fotball. Slik sett er det heilt ok at Norge ikkje er med; eit dårleg norsk lag i VM ville ikkje vore noko særleg. Kanskje kan Drillo få sving på laget og klara ei ny kvalifisering. Og med den spelemessige framgangen som til dels har vore siste året, kan me kanskje ha noko å bidra med om eit par år (EM).

Også veldig bra for Afrika, og særleg Sør-Afrika, at kontinentet endeleg fekk arrangementet. Dei skulle hatt det i 2006, men tapte med ei stemme. I ettertid er det kanskje like bra, for dei har fått betre tid på seg til å førebu det kjempe-arrangementet dette er. Det er verdas største idrettsarrangement.

Mykje av spenninga er også knytta til at det som regel er uråd å spå kven som vil vinna. Ekspertane tek i alle fall som regel feil, sidan favorittane sjeldan innfrir. For meg er det stor sett det same kven som vinn, så lenge det skjer med god, offensiv fotball.

Og opningskampen enda som vanleg med uavgjort, 1-1. Men det var øyeblikk av magi; både i Sør-Afrika si scoring og dos Santos sitt herlege skot mot vinkelen, men som målvakta redda. Eigentleg litt rart at Mexico ikkje er eit betre lag. Dei burde ha like store ressursar som Argentina, og kanskje Brasil, men er likevel klart dårlegare.

Ingen kommentarer: