fredag 9. september 2011

BMW 507 i fødselsdagspresang!

Eg har fått ein BMW 507 i fødselsdagspresang - slå den! OK, den er i skala 1:18, men likevel. Ungane mine har ikkje unngått å få med seg kva slags bilmerke som gjeld, og kva som er favorittmodellane, og ga meg altså denne flotte bilen.

BMW 507 høyrer til dei ultimate, men uoppnåelege bilane. Dei store 6-sylindra kupéane frå 1971-75 (3.0 CS/3.0 CSi/3.0 CSL) høyrer til favorittane som faktisk er oppnåelege, om enn relativt dyre.

BMW 507 er ein klassisk roadster, dvs. låg, open 2-setar. Den var designa av Albrecht Graf von Goertz og produsert i berre 252 eksemplar i perioden 1956 - 1959 (202 eksemplar har overlevd). Motoren var ein V8-ar på 3,2 l og 150 hk. Samanlikna med dagens forhold mellom motorvolum og effekt, er det ikkje rare greiene, men på den tida var det eit vanleg forhold. Motoren var uansett stor nok til behageleg cruising, som var målet for denne bilen. Det var ingen racing-bil.

Interessant nok var det USA-importøren Max Hoffman som overtalte BMW til å laga denne modellen. Han såg eit klart behov for ein moderne roadster i USA som kunne fylla gapet mellom billegare britiske roadster-modellar som Triumph og MG, og den langt dyrare Mercedes 300SL. Elvis Presley er kanskje den mest kjende kunden av BMW 507. Men det hjelpte ikkje på salet, produksjonen vart berre ein brøkdel av det planlagde. Resultatet vart at BMW som selskap kom ytterlegare nærare kanten av det økonomiske stupet.

Ny kapital frå Quandt-familien pluss introduksjon av ein ny klasse bilar ("Neue Klasse", symbolisert med BMW 1500) redda bilfabrikanten frå konkurs. I dag blir BMW 507-eksemplar selt for nærmare 10 mill. kr, ei bra verdistiging på ein bil som med dagens kroneverdi kosta ca. 450 000,- kr ny.

Ingen kommentarer: