tirsdag 21. oktober 2014

Masteroppgåver om Bitcoin

Ill.: Cryptocoinsnews
Bitcoin, både som system og som valuta, byr på heilt spesielle mulegheiter til å studera eit nytt teknologisk og økonomisk fenomen nærmast frå starten av. Så langt har ikkje så mange i akademia nytta seg av mulegheitene. Det er særleg publisering av vitskaplege artiklar som tel, både som sjølvstendige arbeid men også som delar av eit doktorgradsarbeid. Også masteroppgåver kan vera interessante og kasta nytt lys over fenomenet.

Eit søk på 'Bitcoin' i publikasjonsdatabasen duo.uio.no for Universitet i Oslo, gir t.d. tre treff:


Eg har lese den første og den siste og vil omtala dei. Deter to interessante oppgåver der den første oppgåva er innan økonomi (Det samfunnsvitenskapelige fakultet/Økonomisk institutt) og den siste er innan jus ( Det juridiske fakultet). Kortversjonen er at økonomen har skjønt det, medan juristen etter mitt syn er på bærtur..

Why Bitcoins Have Value..

Torbjørn Bull Jenssen har teke på seg oppgåva å forklara kva som gir Bitcoin verdi og kvifor myndigheiter er skeptiske til valutaen. Det siste er nok lettare å forklara enne det første, men det er det første spørsmålet som gjer oppgåva mest interessant.

Eg trur eg ville ha retta tittelen til "Why Bitcoin has Value..." for eg meiner Bitcoin ikkje skal omtalast i fleirtal, i alle fall ikkje når det er snakk om valutaen. Men det er berre pirk..

Oppgåva er bygt opp med desse hovudkapitla:
  1. Introduction
  2. What is money?
  3. What is Bitcoin?
  4. Real world examples of commodity money
  5. Solving real world problems; Bitcoin and current transaction costs
  6. What is a bitcoin worth?
  7. Bitcoin and the government
  8. Concluding remarks
Oppgåva er interessant lesnad. Eg har ikkje føresetnader til å vurdera den faglege standarden innan det øknomifaglege, men eg synest TBJ gir ei overbevisande grunngjeving for kva som gir Bitcoin verdi. Eg likar også måten han går inn i problemstillinga på:
With a comprehensive analytical framework in place, the thesis seeks to answer these questions, providing not only an economic understanding of Bitcoin, but also offering compelling insight into that fascinating and often neglected social construct: money.
Pengar som sosial konstruksjon
Nettopp pengar som ein sosial konstruksjon er ein viktig inngang og bakgrunn for diskusjonen av kva som gir Bitcoin verdi (og om Bitcoin er pengar). Som TBJ er inne på i innleiinga, ser konseptet pengar ut til å vera teke for gitt, og det er rart når me ser på utviklinga frå pengar som eit svært konkret fenomen, til i dag der pengar i stor grad er ein sosial konstruksjon og eit tillitsforhold mellom individ og styresmakter. Det fantastiske er at pengar eigentleg ikkje er noko anna enn eit symbol på tillit. Det fungerer fint så lenge tilliten er der, det kan rakna fullstendig når den manglar.

e-Pengar og digitale pengar
TBJ diskuterer kva pengar er og ulike typar pengar. Elektroniske pengar, eller e-pengar, er eit uklart begrep sidan det meste av vanlege pengar stort sett berre eksisterer digitalt. Men dei digitale pengane er representasjonar av dei fysiske pengane. Reint digitale pengar som Bitcoin er ikkje ein representasjon av anna enn seg sjølv.

Følgjande typar pengar blir diskuterte:

  • Commodity money 
    • pengar som ei fysisk vare, t.d. gull
  • Fiat money 
    • "statsautoriserte" pengar - staten som kan trykkja pengar
  • Credit money 
    • kreditt-pengar; ein kan få pengar mot å gi noko tilbake seinare
  • Electronick money - digitale pengar 
    • som kan vera både digitale representasjonar av dei andre typane pengar, eller 
    • reint digitale - som t.d. Bitcoin

Økonomen Milton Friedman var ganske klarsynt då han i eit intervju i 1999 uttalte:
…the internet is going to be one of the major forces for reducing the role of government, and the one thing that is missing, but that will soon be developed, is a reliable e-cash. A method where by, on the internet, you can transfer funds from A to B without A knowing B or B knowing A. The way I can take a 20-dollar bill and hand it over to you…
"Proof of Work" gir Bitcoin verdi
Gull blir brukt som eksempel på ei vare som får verdi av PoW. Det er to måtar du kan skaffa deg gull på: enten grava etter det sjølv, eller arbeida med noko anna og byta verdien av arbeidet ditt mot gull. Også Bitcoin sin verdi er knytt til PoW. Som TBJ seier:
"The value of any monetary unit therefore pivots on the work required to obtain it (not necessarily the cost of production), and in this regard, bitcoins are no different from other monies"
Stort potensial
TBJ avsluttar med å framheva at Bitcoin ikkje er ein flyktig mote-ting, men resultatet av årelang teknologiutvikling. Det reelle potensialet i Bitcoin-teknologien kan ta lang tid å realisera. Som med alle verkelege innovasjonar, følgjer også Bitcoin den gyldne utviklingsregelen:
  • først blir den latterleggjort
  • så blir den kraftig motarbeida
  • til slutt blir den akseptert som sjølvsagt
Det er nok å trekkja fram Internettet sjølv som eksempel..

Kva er digital valuta?

Den andre masteroppgåva er innan jus og tek opp spørsmålet om kva formuesrettsleg produkt digital valuta eigentleg er, om slike finansielle produkt blir omfatta av finansreguleringa og korleis dei eventuelt bør regulerast.

Synet mitt på dei to oppgåvene er nok prega av at er veldig einig i vurderingane til TBJ og ganske ueinig i vurderingane til Vilde Stuvøy Heggen. Men den viktigaste skilnaden på dei to oppgåvene er likevel at TBJ har forstått kva Bitcoin er medan VSH ikkje har gjort det og heller ikkje har gjort noko forsøk på å forstå det.

Inndelinga av oppgåva er slik:
  1. Introduksjon
  2. Metode
  3. Kva er digitale valutaer?
  4. Er digitale valutaer å rekna som eit betalingsmiddel?
  5. Kva slags verksemd driv dei som omset digitale valutaer?
  6. Er digital valuta å rekna som ein type finansielt instrument?
  7. De lege ferenda: Korleis burde digital valuta regulerast?
  8. Konklusjon
Interessant problemstilling, men..
Problemstillingane er interessante nok, men når ein ikkje forstår det nye ein skal sjå på, blir resultatet også noko underleg. Det er muleg at dette er karakteristisk for lovtolkingar og norsk rettsvesen: dersom det ikkje står uttrykkeleg i lova, eksisterer det ikkje. Ei absurd følgje av dette har me sett i straffelova der ytringar framførte på nettet (bloggar, diskusjonsforum osv.) ikkje blir rekna som offentlege fordi Internett ikkje er nemnt i lovteksten (!).

Samanlikna med den første oppgåva eg omtalte, er denne svak på den økonomiske delen. Det er kanskje å forventa sidan dette er ei juridisk oppgåve og ikkje ei økonomisk. Men når oppgåva går ut på reguleringsmekanismar for digitale valutaer, blir den økonomiske delen likevel viktig. Eg saknar mellom anna ein tydelegare diskusjon og definisjon av pengar/valuta. Den tradisjonelle definisjonen av kva pengar er (transaksjonsmedium, verdioppbevaring og måleeiing) er uklar eller ufullstendig gjengitt.

Lova seier ikkje noko om digitale valutaer..
Konklusjonane til VSH på spørsmåla ho stiller, blir på same måten: Nei, det står ikkje noko om digital valuta i dei ulike lovene ho drøftar, dermed kan ikkje digital valuta falla inn under nokon av dei. Det blir som om ein skulle avskriva at bilen er eit køyretøy fordi i den gamle lovteksten står det at eit køyretøy er noko som blir drege av eit dyr.

I kapitlet om kva digitale valutaer er, står det ein del rart og ein del direkte misvisande ting. Ein del av feila har ikkje særleg verknad for diskusjonen av hovudspørsmåla, men viser heller at forfattaren ikkje har sett seg grundig inn i teknologien. Eksempel på slike feil er at det blir påstått at det blir vanskelegare og vanskelegare å "grava" ut Bitcoin og at gjer at tilførselen minkar framover. Det korrekte er at "halveringstida" for Bitcoin-belønning, dvs. den mengda Bitcoin den som løyser den kryptografiske utfordringar får, er gitt på førehand. Kvart fjerde år blir belønninga halvert. Denne upresise omtalen betyr likevel ikkje så mykje for hovudspørsmåla drøfta i oppgåva.

Også i spørsmålet er regulering er eit skilje mellom betalingsmiddelet bitcoin og teknologi-plattforma Bitcoin viktig. Det eine kan ikkje fungera utan det andre, men det er likevel to ulike ting som må omtalast separat. Det blir på same måten som valutaen NOK og den underliggjande finansstrukturen med bankar, transaksjonssystem (t.d. BankAxept) osv.

Er alle digitale valutaer like?
Eit større problem er definisjonen av digital valuta, der det ikkje blir skilt mellom spelvaluta som t.d. Linden Dollar og Bitcoin. Når oppgåva er å sjå på reguleringsmekanismar for digital valuta, blir det etter mitt syn heilt feil å slå saman så ulike valuta. Linden Dollar, og andre tilsvarande spelvaluta, er kontrollerte av eit selskap medan Bitcoin er eit "peer-to-peer"-nettverk og i realiteten kontrollert av brukarane: "It's not clear if Bitcoin is legal, but there is no company in control an no one to arrest", som Joshua Davis formulerte det i ein artikkel i The New Yorker i 2011.

Bitcoin Foundation har sjølvsagt ei viss makt og innflytelse på Bitcoin, men ikkje på dei grunnleggjande elementa i systemet. Dessutan er Bitcoin bygt på open kjeldekode slik at det vil vera enkelt til ei kvar tid å kontrollera kva systemet faktisk gjer, og dermed fanga opp endringar som måtte vera uheldige eller bryta med grunntanken. Det faktum at Bitcoin byggjer på open kjeldekode og er fritt til å studera i alle detaljar, er ein svært viktig del av valutaen som VSH ikkje har fått med seg i tilstrekkeleg grad.

If it looks like a duck..
Hovudkritikken min mot oppgåva går på manglande forståing for dei grunnleggjande sidene ved kryptovaluta. Det mest alvorlege er likevel den rigide tolkinga av lovverket i møte med noko som er grunnleggjande nytt. Det er ikkje ein kritikk av VSH, som berre følgjer standard juridisk metode. Det er ein kritikk av systemet og den norske juridiske praksisen. Oppgåva er på den måten opplysande når det gjeld å forstå kva argument som blir brukte mot at Bitcoin t.d. ikkje kan definerast som eit betalingsmiddel. Ein alternativ måte å vurdera nye digitale valutaer, er å tenkja meir som "if it looks like a duck and it quacks like a duck, then it is a duck".

Ingen kommentarer: