fredag 23. oktober 2015

Studietur til Sør-Tyrol

Haust i Sør-Tyrol (Foto: Michael Mertens, CC BY-SA 2.0)
Vestlandsforsking feirar 30 år i år og har markert det med eit jubileumsseminar (21. sept.) og ein studietur til Sør-Tyrol denne veka. Sør-Tyrol vart valt på grunn av den omfattande reiselivssatsinga dei har og kva me kan læra av den. Eg har tidlegare vore i denne delen av Italia og mellom anna skrive om besøk på Reinhold Messners museum i Bolzano. Der var me ikkje denne gangen, men me var innom mykje anna interessant.

Tyrol og Sør-Tyrol
Tyrol er eit område som omfattar sørlege delar av Østerrike (dagens Tyrol) og nordlege delar av Italia med regionane Sør-Tyrol og Trentino. Området har hatt vekslande status og sjølvstende opp gjennom historia, men har like fullt vore eit naturleg samanhengjande område både geografisk og etnisk. Habsburgske herskarar har styrt Tyrol dei siste 5-600 åra fram til første verdskrig, då keisardømmet Østerrike-Ungarn vart oppløyst.
Regionen Sør-Tyrol (kart frå Wikipedia)

Regionen Alto Adige ("Øvre Adige", etter elva Adige), eller Südtirol som den blir kalla på tysk, ligg lengst nord i Italia, mot grensa til Østerrike. Området er på ca. 7.500 kvadratkm, litt mindre enn halvparten av Sogn og Fjordane fylke, og har i overkant av 500.000 innbyggjarar. Av desse er rundt 65 % tysktalande, knapt 25 % italiensk-talande, 4-5 % Ladin (eit retroreto-romansk språk) og resten fordelt på andre språk [Korrigering: reto-romansk har ikkje noko med retro å gjera].

Som ei følgje av språkleg likestilling mellom tysk og italiensk, er det eit krav at alle offentlege tilsette skal kunna begge språka flytande. På universitetet i Bolzano (Freie Universität Bozen) som me besøkte, vart det understreka at for universiteta var krava modererte, men elles i forvaltninga var det strenge krav. Innafor helsesektoren skapte dette litt problem, særleg for visse spesialist-stillingar.

Regionane Tyrol (Østerrike), Sør-Tyrol og Trentino har gått saman om Euro-regionen Tyrol-South Tyrol-Trentino, og har mellom anna felles representantar i EU i Brüssel. Til saman utgjer dette det gamle Tyrol.
Typisk landskap i Sør-Tyrol, men frukthagar på sletta,
omkransa av høge fjell (Foto: Kyrre Groven)

Historie med mykje uro
Sør-Tyrol er ein region der det har vore mykje uro, slik det ofte blir når naturlege regionar blir delte mellom land. Den grensar til Østerrike i nord og Sveits i vest og tilhøyrde Østerrike-Ungarn fram til første verdskrig. I 1915 lova dei allierte at Italia skulle få overta regionen om dei skifte side. Som ein del av krigsoppgjeret vart Sør-Tyrol italiensk, etter at italienarane hadde okkupert området sidan 1918. Det resulterte i ei splitting av det tidlegare samanhengjande Tyrol.

Denne delen av krigen er elles dokumentert i årets utstilling "Mountains in war" på Messner Mountain Museum Firmian. Det er ei historie om store lidingar og der dødsfalla skjedde mest som følgje av snøskred og forfrysingar og ikkje gjennom direkte kamphandlingar. Fronten låg bokstaveleg talt på fjelltoppane i Dolomittane og Alpane.

Messner Mountain Museum Firmian
(Foto: Kyrre Groven)
Fascistane sine planar
Fascistane med Mussolini i spissen sette i gang eit program for å flytta italienarar nordover slik at de tyske majoriteten skulle bli utvatna. Tysk vart også forbode i skulane; det opprinnelege folket skulle tvingast til å bli italienske. Det er elles ikkje ulikt den norske samepolitikken på den tida..

Bolzano (Bozen på tysk) er regionhovudstaden og det er denne byen som også best viser fascistane sine planar og byggverk. Ideen var å skapa ein ny by etter fascistiske ideal, som erstatning for gamlebyen. Den nye byen, "città nuova", skulle skapa eit nytt sentrum og visa nye ideal. Som det står i "Südtirol - Wirtscharfsfakten" frå Business Location Südtirol (BLS):
Die "città nuova" gilt als eine der dichtesten Komplexe faschistischer Architektur in Italien.
Citta nueva - den nye byen fascistane bygde opp i Bolzano
(Foto: Kyrre Groven)
Det bygde seg naturleg nok opp sterk motvilje mot desse tiltaka, og motstandsrørsle vart organisert. Då andre verdskrig braut ut ville det vore naturleg for Hitler å annektera Sør-Tyrol igjen, folket der var trass alt tyske og tysktalande og høyrde eigentleg til det gamle Tyrol. Men sidan Tyskland og Italia var allierte, inngjekk Hitler og Mussolini ein avtale der den tysktalande delen av folket skulle emigrerast til tyske område, vesentleg Tyrol i Austerrike og Bayern i Tyskland. På grunn av utviklinga i krigen kom ikkje dette skikkeleg i gang, så den tysktalande majoriteten heldt seg i Sør-Tyrol.

Endeleg ro i 1992
Etter krigen var det mykje uro og motstand mot dei italienske styresmaktene trass i aukande sjølvstyre. Det var terrorhandlingar og fleire menneskeliv gjekk tapt. Både gjennom 1950- og 1960-åra heldt problema fram og vart løfta opp på eit internasjonalt plan. I 1971/72 vart ein ny avtale mellom Italia og Østerrike underteikna og den sikra stor grad av sjølvstyre og at regionen skulle få behalda rundt 90 % av alle innkravde skattar. Først i 1992 enda striden mellom dei to landa, men blussa kortvarig opp att ved oppdaginga av Ötzi og strid om korvidt han låg i Østerrike eller Italia. Nye og grundige oppmålingar måtte til for å slå fast at han låg nokre meter inne på italiensk side.

Schloss Trauttmansdorff i Merano er verdt eit besøk med sin
fantastiske hage. Parken har vore open i 14 år og er ein stor
suksess.

Velståande region
Sør-Tyrol er ein av dei mest velståande regionane i Europa og og skil seg kraftig frå resten av Italia. Sjølv om dei får behalda storparten av skatteinntektene er dei netto bidragsytarar til den italienske staten. Handel og tilreisande har alltid vore viktig for denne regionen sidan den ligg tett opp til Brenner-passet - den mest brukte passasjen mellom Nord- og Sør-Europa. Toll og avgifter har i mange hundre år vore den viktigaste inntekta til stadene både sør og nord for passet. Innsbruck er ein annan by som har fått velstanden på denne måten.

Småskala dominerer
Regionen Sør-Tyrol har litt over 500 000 innbyggjarar (2011) og typisk for området er dei mange små familieverksemdene. Over halvparten (53,5 %) er enkeltpersonføretak (ein tilsett), vidare har 39,3 % mellom to og ni tilsette. Med andre ord er 92,8 % av dei tilsette i næringslivet i verksemder med mindre enn 10 tilsette. Det er noko å tenkja på for dei som meiner at alt må vera stort og at samanslåingar er nødvendig for gode levevilkår! Desse tala er henta frå "Die Südtiroler Wirtschaft" frå Landesinstitut für Statistik og gjeld 2013.

Me tykkjer det er bratt mange stader i Norge, men i Sør-
Tyrol er det brattare! (Foto: Michael Mertens, CC BY-SA 2.0)
Reiseliv og landbruk viktig
Produksjon, herunder også landbruk, står for 40 % av omsetninga medan tenesteytande næringar står for 60 %. Ein stor del av næringslivet er knytt til handel, transport og turisme - totalt 50,4 % av all omsetning. I tillegg til reiselivet er landbruk også viktig. Eksport av frukt, inkl. saft og most, stod for 15,5 % av eksportinntektene til regionen. Eksport av vin utgjorde 3,4 % av inntektene.

Også bank- og finans-sektoren reflekterer dei mange små verksemdene. Meir enn 96 % av alle tilsette i bankar i regionen er i små eller bittesmå ("Kleine banken" og "Kleinsten banken").

Førebilete for Sogn og Fjordane?
Med strukturane i arbeids- og næringslivet i Sør-Tyrol både med tanke på småskalaverksemd og dominerande næringssektorar, bør området vera interessant for fleire i fylket vårt. Me har eit visst slektskap når det gjeld reiseliv og landbruk, og småskala-struktur for verksemder. Så er det også store skilnader når ein går nærmare inn på næringane. Landbruket er til dømes svært intensivt og med satsing på produkt med høg verdiskaping (frukt, vin). Den intensive drifta blir også reflektert i prisnivået på jord. Guiden ved eit vinkooperativ me besøkte, svarte at kvadratmeter-prisen på jord i deira område var rundt NOK 2.000; eller 2 mill. kr pr. dekar om ein vil!

Turen vår starta i Milano og det vart høve til å sjå storkampen
Inter Milan - Juventus saman med 80.000 galne italienarar.
Litt av ei oppleving!

Ingen kommentarer: