Det gamle flagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Då Fjord1 valde å vraka flagget og erstatta det med eit nytt, skapte det mykje protestar. |
Salet OK, men ikkje prosessen
Salet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 har det vore relativt brei politisk semje om, det er ikkje der problemet ligg. Med den utviklinga som har skjedd i transportsektoren dei siste ti-åra, har det vorte meir og meir unaturleg at fylkeskommunen skal eiga eit slikt transportselskap. Kvifor skal det vera ei oppgåve for Sogn og Fjordane fylkeskommune å driva ferjedrift i Finnmark og Rogaland?
Først Torghatten-bom
Problema starta då det politiske vedtaket var eit faktum. Då kunne salet plutseleg ikkje skje raskt nok. Topplønna konsulentar frå Oslo vart hyra inn for å førebu eit sal til Torghatten. Etter å ha svidd av 15 mill. kr (minst), sette Konkurransetilsynet som venta foten ned for det. Det ville truleg berre kosta ein telefonsamtale til Konkurransetilsynet å få ei stadfesting på at dette var daudfødt. Det skal seiast at Torghatten måtte ta rekninga, men likevel..
Per Sævik og Havila-konsernet
Neste etappe var å selja til Per Sæviks Havila-konsern som var minoritetseigar i selskapet etter å ha kjøpt opp Møre og Romsdal fylkeskommune sin aksjepost i det fusjonerte Fjord1-selskapet. Per Sævik hadde tidlegare trua med rettsak om Torghatten fekk kjøpa Sogn og Fjordane fylkeskommune sin aksjepost. Det var fordi han hadde sikra seg ein forkjøpsavtale. Det er ikkje godt å seia kva som hadde skjedd om Konkurransetilsynet ikkje hadde sett foten ned. Då kunne det vorte lange rettsprosessar som igjen kunne resultert i annulering av Torghatten-salet.
Fylkestinget godkjende samrøystes salet av Fjord1-aksjane til Havilafjord AS 17. august 2016. Då hadde selskapet bak seg følgjande driftsresultat (før skatt):
2013: 130 mill. kr
2014: 186 mill. kr
2015: 248 mill. krEBITDA (driftsresultat før avskrivingar) var meir enn det dobbelte desse åra. Saman med stor ordreinngang burde det ikkje komma som noka overrasking at børsintroduksjonen auka verdifast-setjinga monaleg. Og sjølv om det ikkje hadde vorte børsnotering, ville ein klausul i avtalen ikkje ha kosta fylkeskommunen noko.
Aksjerabatt til 1 mrd. kr!
Per Sævik fekk til slutt kjøpa aksjane i Fjord1 der selskapet sin totalverdi vart vurdert til 1,8 milliardar kroner. Sævik lufta alt under møte med politikarar og administrasjon at ei børs-notering kunne bli aktuelt. Det er her det ufattelege kjem inn: Kvifor i alle dagar sikra ikkje fylkeskommunen seg ein høgare pris på aksjane i tilfelle ei børsnotering til ei høgare verdifastsetjing? Ein treng ikkje vera aksjemeklar for å forstå at det både burde og skulle vore med i avtalen med Havila.
Børs-introduksjonen auka verdifastsetjinga til knappe 3 mrd. kr, ein verdiauke på 1 milliard kr. Det betyr at Sogn og Fjordane fylkeskommune sine 59 % av aksjane var verdt 1,8 mrd. kr og ikkje 1 mrd. som dei har avtalt med Per Sævik. Per Sævik har dermed henta inn frå investorane heile milliarden han skuldar fylkeskommunen.
Stela sukkertøy frå småungar
Heile handelen framstår difor i ettertid som å stela sukkertøy frå småungar. Greitt nok at dette er endå eit eksempel på kvifor politikarar ikkje bør driva butikk, men det får vera grenser. Her har dei gitt vekk bortimot 1 milliard av fellesskapen sine midlar; ikkje ulikt det Jeltsin gjorde under privatiseringa i Russland først på 1990-talet.
Fakta må fram!
Dersom det er noko eg ikkje har fått med meg, eller har misforstått, vil eg sterkt oppmoda dei som kjenner saka om å uttala seg. Det har innbyggjarane i Sogn og Fjordane krav på!
Oppfølging i media
Dagens Næringsliv omtalar handelen som "Fergefarsen" i ein leiar onsdag 10. mai. Dei brukar sjølvsagt saka til å argumentera for at eit meir omfattande offentleg eigarskap neppe er lurt. Og denne saka er ikkje akkurat god reklame for at det offentlege skal driva meir butikk..
Jacob Nødseth, lokalpolitikar frå Florø, har også eit lesarinnlegg i DN 11.05.17 med overskrifta "Billegsalg av Sogn og Fjordane" der han går i rette med SP sitt slagord "Nei til salg av Norge" ("men ja til billigsalg av Sogn og Fjordane").
Dag og Tid viar førstesida denne veka (veke 19, 12. - 18. mai) til saka med tittelen "Milliardærens ferjereiser". Journalist Jon Hustad tek for seg saka i artikkelen "Då pengane reiste med ferja".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar