fredag 25. februar 2022

Økonomiske sanksjonar mot Russland

Russlands invasjon av Ukraina blir fordømt over heile verda, og vestlege land med USA og EU i spissen diskuterer kva sanksjonar som kan ileggjast. Det gjeld å finna sanksjonar som svir mest muleg, men utan at det skadar europeiske land for mykje. Det er ein vanskeleg balansegang, for Russland har nokre trumfkort som kan spelast ut. Det er særleg levering av gass til EU-land, men også andre råvarer. Og ein sanksjon som vil ramma hardt, er å stengja Russland ute frå betalingssystemet SWIFT - eller Society for Worldwide Interbank Financial Telecommunication som det står for.


Betalingssystem som globalt blodomløp
Økonomiske sanksjonar er det første som blir diskutert og iverksett i slike situasjonar, men også i nasjonale krisesituasjonar slik me såg i Canada nyleg. Økonomiske sanksjonar mot Russland er alt sette i gang, diskusjonen går ikkje på det. Det er særleg forslaget om å stengja Russland ute frå SWIFT-systemet som skaper hovudbry. Den sanksjonen er eit tve-egga sverd på mange måtar.

Tilgang til bankkontoar og betalingskanalar er sentralt for alle land. Finanssystemet er blodomløpet i den globale handelen, og det er ganske effektivt å stengja nokon ute frå det. SWIFT er det globale overføringssystemet for pengar globalt, og avgjerande for å kunna gjera handel, i alle fall med vestelege land. USA kontrollerer i stor grad SWIFT og har også tidlegare brukt det som våpen mot land dei ikkje likar, f.eks. Iran.

Kva er SWIFT?
SWIFT er ei meldingsteneste for pengeoverføringar og kan sjåast på som eit slags Gmail for banktenester, og då pengeoverføringar som kryssar landegrenser. SWIFT sender berre betalingsinstruksjonar ("payment orders") og utfører ikkje sjølve betalinga. Sjølve betalinga skjer mellom korresponderande bankar. 

Innan Europa har me SEPA, Single Euro Payments Area, for enklare pengeoverføring med EU og tilslutta land. Det er i alt 36 medlemsland i SEPA. Men dersom betalinga skal gå til land utanfor SEPA-området, er SWIFT det einaste reelle alternativet. Russland brukar SWIFT for økonomisk oppgjer med mottakarland av olje, gass og andre råvarer. Om Russland blir stengd ute frå SWIFT vil dei få store problem med å motta pengar for råvarene. Men på den andre sida betyr det også at leveransane truleg vil ta slutt. Det blir eit slags "damned if you do, damned if you don't".

SWIFT omfattar meir enn 11 000 finansinstitusjonar i over 200 land, og handterer meir enn 42 millionar meldingar/transaksjonar på ein vanleg dag. I 2018 stod SWIFT for rundt halvparten av alle større grensekryssande betalingar globalt.

Kven kontrollerer SWIFT?
SWIFT er registrert i Belgia og blir kontrollert av National Bank of Belgium og representantar frå "The Fed" (U.S. Federal Reserve System), Bank of England, the European Central Bank, Bank of Japan og andre større sentralbankar. Det trengst eit vedtak frå EU for å stengja tilgangen til SWIFT, men det er vel ganske naivt å tru at ikkje USA er den som faktisk bestemmer her. Det er kjent at NSA overvakar trafikken gjennom SWIFT, og USA har gripe inn i overføringar mellom to europeiske land fordi amerikanske dollar var involvert. Med tanke på dollarhegemoniert i global handel er det klart at USA har stor kontroll med det meste som går gjennom systemet.

Alternativ til SWIFT
Pr. i dag finst det ikkje reelle alternativ til SWIFT, men ei utestenging av Russland kan tvinga landet til å søkja å utvikla alternativ. Ei muleg løysing for Russland er bilaterale oppgjersformer, f.eks. ved å selja olje og gass til Kina og gjera opp i renmimbi. Eit anna alternativ som blir løfta fram i desse dagar, er kryptovaluta og framfor alt Bitcoin. Men Bitcoin er langt frå å kunna erstatta SWIFT i dag. På lenger sikt derimot, kan Bitcoin bli eit aktuelt overføringssystem med reduserte sanksjonsmulegheiter for USA og andre.

Det er også fare for at ei ekskludering av Russland frå SWIFT vil tvinga dei nærmare Kina, og eit tettare samarbeid mellom dei to landa er heller ikkje nokon lysteleg tanke.

Bitcoin som globalt betalingsnettverk og reservevaluta
Sjølv om Bitcoin ikkje er eit alternativ for Russland i dag, er det ikkje vanskeleg å sjå at det kan utvikla seg til å bli eit reelt alternativ til SWIFT. SWIFT-systemet stammar frå 1973 då det erstatta dåtidas telex-baserte meldingssystem. Men systemet er overmodent for oppgradering til dagens digitale standardar og forventningar. Blokkjedeteknologi har vore lansert som ei muleg løysing for moderniseringa av SWIFT, men det er vanskeleg å sjå at det skal løysa dei eigentlege problema sidan SWIFT eigentleg berre er eit meldingssystem. Eit moderne overføringssystem i dag bør ha ein digital, innebygd valuta for å vera effektivt, og det finst (namnet startar med 'B..).

Bloggposten er i stor grad basert på ein artikkel frå Washington Post og frå omtalen av SWIFT på Wikipedia.

Ingen kommentarer: