torsdag 16. mars 2006

The Search


Det første møtet mitt med Google var i 1999. Det som overraska meg mest i starten var det reine grensesnittet, fritt for reklame og forstyrrande lenker. Det stod i skarp kontrast til dei andre søkemotorane som då hadde fått portal-sykja og var overlessa med lenker og reklame. Det neste som overraska meg var etter kvart relevansen i dei best rangerte treffa. Den var merkbart betre enn dei andre søkemotorane på den tida (AltaVista, Northern Light, Yahoo).

Våren 2000 deltok eg på konferansen Search Engine Meeting 2000 i Boston, saman med kollega Terje Aaberge. Det var på høgda av denne konferansen og alle søkemotorane stilte med dei beste folka til ein paneldebatt om framtida for søk. Der var t.d. Andrei Broder frå AltaVista, Eric Brewer, Inktomi og Jan Pedersen, InfoSeek. Som ein kuriositet kan også nemnast at Knut Magne Risvik frå FAST hadde foredrag om "Scaling the Web". Han er no Google-sjef i Norge.

Den som utmerka seg blant deltakarane var "oppkomlingen" Larry Page. Google var framleis ein liten utfordrar, men hadde begynt å få merksemd. Larry Page stod fram som ein "kranglefant", med ei litt irriterande og insisterande framtoning. Der dei andre deltakarane var opne for mange retningar i korleis søkemotorane kunne forbetrast, både ved menneskeleg hjelp og med betre algoritmar, var Page talsmannen for "algorithms only". Han messa om og om igjen om at det berre gjaldt å forbetra algoritmane, særleg for relevans-rangering, så ville søkemotorane bli så bra som ein berre ville. Han irriterte særleg representanten for Northern Light, Mark Krellenstein, og dei hamna i skikkeleg verbal klinsj. Northern Light var ein av søkemotorane i vinden på slutten av 90-talet. Me veit jo korleis det gjekk med Northern Light...

Eg minnest dette seminaret når eg les boka The Search - How Google and Its Rivals Rewrote the Rules of Business and Transformed Our Culture av John Battelle. Trass i undertittelen handlar boka mest om Google. Forfattaren var ein av etablerarane av The Industry Standard og ein av dei opprinnelege redaktørane av Wired.

Den gir eit interessant innblikk i bakgrunnen for Google og understrekar til dei grader "ingeniør"-imaget til selskapet. Det stemmer veldig godt med observasjonen min 6 år tilbake. Historia om Larry Page og Sergey Brin er fascinerande på klassisk amerikansk vis; den har alle dei faste ingrediensane av "the selfmade man". Larry og Sergey starta prosjektet BackRub som ein del av eit doktorgradsarbeid, og det vart etter kvart til Google. Interessant nok var Terry Winograd rettleiaren for Larry Page. Søkemotoren okkuperte snart større og større delar av fakultets-maskinene og skapte til slutt såpass store problem at dei måtte flytta alle maskinene ut av universitetsområdet.

Den beste delen av boka er historia om Google, særleg på grunn av mange intervju med nøkkelpersonar både i selskapet og i IT-miljøet generelt. Den svakaste delen er kanskje spekulasjonane til slutt om korleis søk generelt og Google spesielt vil utvikla seg. Scenariet med Google som verdsherskar er sjølvsagt muleg, men eg tvilar på at det skjer. Før eller seinare vil vel Clayton Christensens teori om disruptive technologies slår til, med ein eller annan irriterande oppkomling som vippar Google av pinnen...

Alt i alt ei bok som er vel verdt å lesa.

Ingen kommentarer: