fredag 29. desember 2006

Kardinalfeil i brukargrensesnitt









Sit med eit søknadsskjema frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane saman med ein kommune og har akkurat funne ut at alt som vart lagt inn i skjemaet er borte. Skjemaet er bra laga og følgjer etter det eg kan sjå Elmer-retningslinjene (du kan lesa meir om desse på www.elmer.no).

Men, og det er eit stort men, skjemaet manglar ein lagringsknapp! For å komma fram til lagringsknappen må du først trykkja 'Avbryt' og så kjem det fram ein knapp for lagring av skjemaet. Dette er heilt feil utforming av brukargrensesnitt - det er som å først skulla trykkja Escape-tasten for å kunna lagra. Avbryt betyr avbryt, underforstått utan å lagra. Det er motstykket til lagring.

Lurer på om dette skjemaet har vore brukartesta før det vart sett lagt ut på nettet?

1 kommentar:

Anonym sa...

For deg som ser mørkret, vit at du ikkje er åleine, sjå denne RSS-straumen frå www.webpagesthatsuck.com