tirsdag 17. april 2007

Norsk ordbok på nett?

Dagens Næringsliv hadde ein omtale av Norsk ordbok-prosjektet for eit par år sidan og framstilte det som ein gjeng nedstøva forskarar som eigentleg tilhøyrde 1800-talet. Det vart etter kvart ei rikssak, og Norsk ordbok-prosjektet fekk sine 15 min. berømmelse, men med negativt forteikn.

Etter at eg las om etableringa av The Oxford Dictionary i boka The Meaning of Everything fekk eg stor sympati for desse nitidige ord-samlarane. Dei gjer eit viktig arbeid, sjølv om det framstår litt gammaldags i dagens hypereffektive samfunn (hypereffektivt i den forstand at alt går veldig fort, men innhaldet er det så som så med).

Band 6 av det store verket, som skal vera ferdig til 100-årsmarkeringa i 2014, er nyleg kommen. Ordboka har no komme til bokstaven 'k'.

Det er bra. Men eg set eit stort spørsmålsteikn ved prioriteringane i publisering. Det verkar for meg som alle ressursane er lagde i bokpresentasjonen, og lite eller ingen ting i nettutgåva. Det er forferdeleg synd, for det er nettet som opplagt er den store formidlingskanalen. Eg meiner ikkje at bøkene ikkje skal givast ut, men at det må leggjast ressursar i å utvikla ei god nett-teneste for dette verket.

Dagens nettutgåve er dessverre direkte dårleg og ikkje brukande for folk flest. Den er ekstremt avsendarorientert, med søkealternativ som (hald deg fast): 'Metaordboka', 'Grunnmanuskriptet', 'Setelarkivet' osv.). Gi meg berre eit søk, for f... Kor vanskeleg kan dette eigentleg vera?

2 kommentarer:

Kristin Bakken sa...

Takk for interesse. Vi er haltså fått løyving til å gje ut 12 bøker før 2014. Men i tillegg har vi gjennomdigitalisert arbeidsmåtane våre her, og alle kjeldene er no digitaliserte, vi har redigeringsverktøy, stasproduksjon osb. på samme plattform. Ordboka er ein fingreina søkbar database, men problemet er at dette berre gjeld dei to siste band. Dei fire første arbeider vi no med å få tredd inn i databaseformatet, og bd. 1 og 2 kjem på plass i vår. Strevsamt og krevjande jobb. Vi er også i forhandlingar med forlaget om å få leggje ut denne databasen, og til slutt har vi tenkt på å hente inn eigne prosjektmidlar for å lage brukargrensesnittet for denne fabelaktige ressursen så proff og tilgjengeleg som mogleg. Så eg er samd med alt du skriv, og ville gjerne at du skulle vite at vi arbeide slik du truleg ville at vi skulle gjere.
Krisitn Bakken, direktør NO 2014

Svein Ø sa...

Det var godt å høyra! Eg var redd de heilt hadde gløymt denne viktige delen. Men ein ting er å ha materialet digitalt tilgjengeleg, ein heilt annan ting er å gjera det tilgjengeleg på ein brukarvennleg måte.

Eg brukar nettutgåva av nynorsk- og bokmålsordboka dagleg i arbeidet mitt og vil peika på den som eit bra utgangspunkt for arbeidet dykkar, sjølv om ordboka kanskje er litt meir krevjande å gjera søkbar på ein god måte.