fredag 11. april 2008

iTunes endeleg frigjort!

Stor takk til Jon Lech Johansen, a.k.a DVD-Jon, som har snekra saman programmet DoubleTwist for mellom anna å konvertera Apples DRM-baserte AAC filsystem til MP3. Problemet med iTunes, eit elles genialt konsept, har vore låsinga mellom musikkbiblioteket og Apples iPod-format.

Eg ønskjer å lasta musikken frå iTunes, lovleg kjøpt, over på mp3-spelaren min. Det skulle berre mangla, men det har ikkje vore lett. For å få det til, har eg først måtta brenna ein cd med dei låtane eg vil overføra, og så overføra desse til mp3-spelaren.

Men Jon har endra dette; DoubleTwist "frigjer" iTunes-biblioteket mitt slik at eg kan synkroniser mot mp3-spelaren min. DoubleTwist gjer rett og slett mp3-spelaren din like anvendeleg som ein iPod, om du frå før brukar iTunes.

1 kommentar:

Paal Fosdal sa...

Endeleg! Dette har vore eit mareritt for alle som har ønska å bruke iTunes sitt rikhaldige bibliotek, men som ikkje har valt iPod som spelar og som kanhende vil leggje låtane på minnekortet i mobiltelefonen.