onsdag 29. oktober 2008

Blogger og Chrome

Det er i grunnen djupt ironisk: Googles Chrome-nettlesar klarer av ein eller annan grunn ikkje å lasta Google-tenesta Blogger. For ordens skuld skriv eg www.blogger.com i adressefeltet; det er Google som endrar adressa til https://www.blogger.com/start

Ingen skal komma og påstå at Google favoriserer eigne tenester!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ser ut til å funke nå - her i hvert fall...
Blogger kan ha vært midlertidig nede.

Svein Ø sa...

Merkeleg; hos meg insisterer Chrome på at Blogger skal ha https-adresse. Muleg det kan vera noko med oppsettet, men eg har ikkje gjort endringar etter at eg lasta ned nettlesaren.

Jan-Erik Kvåle sa...

Her går det fint. Apropos Google si favorisering av eigne tenester: Det stikk ikkje djupare enn at dei, då eg la inn Chrome, høfleg spurde meg om eg ville behalda Google som default motor. Det var jo sympatisk..

Tykkjer elles at Chrome verkar ok. Passeleg minimalistisk og veldig brukarvennleg. Den funkar veldig bra saman med Netvibes`en min (hvis program eg har lagt heile nettlivet mitt i).

Anonym sa...

Ingen problem her heller :-)

Svein Ø sa...

Har reinstallert Chrome, men det same skjer. Den nektar å opna https://www.blogger.com. Kvifor den insisterer på https i.st.f http forstår eg ikkje. Det ser ut som det er noko den plukkar opp frå Firefox under installasjonen.