fredag 30. oktober 2009

Og turen går til: Island

Det var (er?) Politiken som hadde denne tittelen på reisehandbøkene sine. I reisehandboka for Island, frå ca. 1970, som kollega Kyrre hadde med seg, vart det advart mot skålding ved Geysir..

Heile Vestlandsforsking drog på personaltur til Sagaøya sist helg. Stort sett har vi halde oss i eige fylke på slike samlingar, dei fleste av oss reiser nok likevel. Men som ein tjuvstart på 25-årsjubileet neste år, fann me ut at Island er tingen. Då kan me gjera ein innsats for islendingane også, som jo er i "deep shit" for tida. [foto: Dieter Schweizer, Wikipedia]

Island er STORT
Det første som slår meg når me flyg over øya er at den er stor. Størrelse og avstandar er på ein heilt annan skala enn eg hadde førestilt meg. På ein køyretur frå Reykjavik og sør-/sørvest, blir dette understreka sterkare. Mil etter mil med flatt slette-/myrlandskap og til slutt ei enorm sandslette, Sandur. Det er ein fascinerande monotoni i landskapet. Kollega Nils Arne er klar i vurderinga: "det er det styggaste landet eg har vore i", medan Ivar Petter nesten fell i stavar over kvar rustne bølgjeblekkplate. Og det er mange rustne bølgjeblekkplater..

Det er mykje sauer og hestar å sjå; dei dominerande dyreslaga på Island. Det er knapt ein halv million sauer og rundt 100 000 islandshestar på øya. Beitepresset frå dyra er ei stor utfordring for dette svært sårbare landskapet.

Lite synleg krise
Islendingane er hardt ramma av den økonomiske bakrusen. Det er ikkje så lett å sjå det på overflata, bortsett frå ein del halvferdige bygg der aktiviteten har stogga brått. Prisane og valutakurs er også ein bra indikasjon på at noko har skjedd. Den islandske krona er halvert i verdi, og prisane er dermed relativt låge sett med norske auge. Renta er høg, over 15 %, og dei som har mykje gjeld er ille ute.

I siste nr. av Iceland Review står det at det er enkelte lyspunkt i mørket: mange nystarta bedrifter, lågare arbeidsløyse enn forventa og talet på turistar har auka. Me har også gitt vårt bidrag og ei oppmoding om å dra til Island har mykje for seg.

Vulkanar og brear
Det som først og fremst kjenneteiknar Island er sjølvsagt den vulkanske aktiviteten. Sprekken mellom den amerikanske og den euroasiatiske tektoniske plata går tvers gjennom Island (på Thingvellir er den spesielt synleg). Langs denne sprekken er det mykje vulkansk aktivitet. Ein del av denne aktiviteten ligg under ein av fleire store isbrear. Island har den største isbreen i Europa, når Grønland blir halde utanfor. Under Vatnajøkul var det eit utbrot for ikkje mange år sidan, og ei spektakulær nedsmelting av store mengder is skjedde.

Varme kjelder og geysir (Islands språklege bidrag til verda) er også synlege bevis på vulkansk aktivitet. Dessverre er den mest kjende geysiren, Geysir, lite aktiv og med eit langt mindre imponerande utbrot enn på det flottaste. Aktiviteten blir styrt av den vulkanske aktiviteten under. Den må ha vore eit imponerande syn med kokande vatn som blir slynga 60-70 meter opp i lufta. Stakkars Strokkur blir liten i forhold med sine 15-20 meters utbrot. Men han er stødig, det skal han ha. Ca. kvart 5. minutt kjem det eit utbrot.

Medan me her i landet har ikkje mindre enn tre bresenter berre rundt Jostedalsbreen, har Island utruleg nok ikkje eit einaste vulkan- eller bremuseum. Det er nesten ikkje til å tru at dei ikkje har teke tak i det mest spesielle dei har og viser det fram til dei tilreisande. Dei manglar visst ei Marit Orheim Mauritzen og ein Olav Orheim der borte.

Vulkansk aktivitet er medverkande til at Island har ein andel fornybar energi på rundt 80 %.

Språk
For ein sogning er det utruleg artig å høyra og sjå mange kjende ord. 'Sautjan', 'atjan' og 'nitjan' tel også islendingane til liks med oss (sytten, atten og nitten for dykk litt tilbakeståande). Galleri Sautjan er ein trendy Islandsk klesbutikk. 'Heitt vatn' treng inga forklaring, og 'kjuklingabringa' er favoritten min (kyllingbryst blir merkeleg blodfattig i samanlikning).

Men sjølv om mykje lyder kjendt, er det også mykje som er uforståeleg. Dersom ein prøver å lesa ei islandsk avis, står ein fort fast.

Nei, ta deg ein tur til Island og gjer det fort!

Takk fyrir mig, og Ævinlega sæl og blessuð

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for interessant informasjon