Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
søndag 5. september 2010
eGov 2010 i Lausanne
[desse deltok ikkje på konferansen, men heldt plenen utanfor konferanselokalet ryddig..]
eGov er den viktigaste konferansen innan e-forvaltning i Europa. Det er samlingsplassen for forskarar innan feltet.Tidlegare høyrde konferansen inn under DEXA-paraplyen, men "reiv" seg laus i fjor og høyrer no til IFIP. Dette handlar mykje om politikk, og eg er ikkje inngåande kjennskap til det, men akademiske konferansar er på mange måtar "big business" og då skjer slike ting.
Lausanne
Årets konferanse var i Lausanne, i Sveits, ved Universitetet i Lausanne. Lausanne er ein liten by (ca. 120 000) innbyggjarar) ca. 40 min. togreise unna Geneve. Det er ein fin by, ved Geneve-innsjøen, og med majestetiske fjell i synsranda i sør. Sjølve byen verka også triveleg, og den verka også større enn innbyggjartalet skulle tilseia. Lausanne er nok mest kjend som staden der den olympiske komiteen held til. Tidlegare IOC-leiar Samaranch har ei stor stjerne her sidan det var han som slo endeleg fast at IOC skulle ha hovudkontor i Lausanne.
[det sprettande nye konferanselokalet til IDHEAP - Swiss Graduate School of Public Administration]
Akademiske konferansar
Som akademiske konferansar flest er deltakarane det både som tilhøyrarar og for å presentera, i alle fall majoriteten av deltakarane. Det er ei ok ordning, og deltakarane må også ta sin turn med sesjonsleiing osv. På denne måten blir konferansane nesten sjølvgåande. Til prosessen høyrer også med at når du først har fått godkjendt ein artikkel, må du stilla opp og presentera for at den skal bli teljande. Det sikrar det økonomiske grunnlaget for konferansen.
Business
Talet på konferansar har nærmast eksplodert, sidan det både er økonomiske interesser og ikkje minst karriere-messige interesser knytte til desse. Dette er parallelt med tidsskrift-verda, som blir styrt etter mykje dei same prinsippa. Den største skilnaden er at det tek lenger tid frå innsending til ferdig trykt artikkel i eit tidsskrift enn på ein konferanse med tilhøyrande skriftsamling (proceedings).
Interoperabilitet
Sjølv presenterte eg artikkelen "Interoperability in Public Sector - How Use of a Lightweight Approach Can Reduce the Gap Between Plans and Reality". Presentasjonen gjekk bra (trur eg) og det var mange gode spørsmål og god diskusjon i etterkant. Standardopplegget er 20 min. presentasjon og 10 min spørsmål. Eg brukte Los som case i artikkelen
Univ. i Agder i 2012
Det er tredje året på rad eg deltek på denne konferansen; dei to føregåande vart arrangerte i Linz (2009) og Torino (2008). Neste års eGov-konferanse skal arrangerast i Delft, Nederland, og i 2012 skal etter planen Universitetet i Agder ha ansvaret. Det vil i såfall vera eit bra løft og eit bra høve til å presentera norsk e-forvaltning til resten av verda og omvendt. Lykke til med planane Leif, Øystein og andre ved UiA!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar