Det er for seint å ønskja deg denne boka til jul, men om du har ei bok du skal byta inn, bør du vurdera denne om du berre er ørlite interessert i hjort og hjortejakt.
Journalist, fotograf og hjortejeger
Egill Danielsen er journalist og fotograf og i tillegg meir enn gjennomsnittleg interessert i hjortejakt. Slikt blir det gode bøker av. Journalist- og fotobakgrunnen viser godt att i boka, og eit stort pluss for at han skriv både nynorsk og dialekt når han gjengir jegrane. Det gir langt større truverde og skaper god flyt i teksten.
10 jegrar - 10 metodar
Han presenterer 10 erfarne hjortejegrar med 10 ulike jaktmetodar. Her er smygjakt, drivjakt, bøjakt, jakt med hund med meir. Kurt Oddekalv er ein av dei 10, og han har smygjakt som favorittmetode, og med Strileland som jaktområde. Elles er det Sogn og Fjordane som dominerer, og det er jo også det største hjortefylket i landet.
I tillegg til interessant presentasjon av ulike jaktmetodar er det mange nyttige tips og fakta kring hjort og hjortejakt. Av dei mange nyttige tipsa er særleg behandling av kjøtet viktig. Når hjorten er skoten, er det mange mulegheiter til å gjera feil og få eit dårlegare resultat enn ønskjeleg.
Rask nedkjøling av kjøtet? Nei!
Av mange myter som blir avkledde, er den om rask nedkjøling av kjøtet kanskje den viktigaste. For ein god mørningsprosess er det viktig at kjøtet ikkje blir raskt nedkjølt. Helst skal kjøtet hengja med høgast muleg temperatur det første døgnet. Leiar av Hjortesenteret på Svanøy, Johan Trygve Solheim, tilrår til og med å hengja hjorten opp med skinnet på for å halda kjøtet varmt. Det skaper sjølvsagt større problem med flåinga, så her her må ein kanskje kompromissa.
Under der årets resultat, ein spissbukk skoten av jaktkamerat Otto. Den vart skoten siste veka før jul og med eit fint snølag var det ei smal sak å dra den heil ned frå 500 meters bratt terreng.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar