fredag 19. desember 2014

Julenissen kom tidleg - med Samsung Galaxy Tab S 8.4

Galaxy Tab S 8.4 ligg godt i handa
Eg fann ut at eg har vore så snill i år at eg fortener ein fin julepresang. Og sidan eg ønskte meg eit nytt nettbrett, vart det ein Samsung Galaxy Tab S 8.4. Det stod mellom denne og Sony Xperia 3. Men sidan Sony er veldig dårlege til å marknadsføra og selja produkta sine, i alle fall her til lands, fall valet på Samsung.

Nexus 7 ut
Eg har alt eit nettbrett, ein Nexus 7 som eg har vore veldig godt fornøyd med. Men alderen begynner å setja sitt preg, og særleg batteriet har begynt å tapa seg. Farten er heller ikkje som då den var ny; det verkar som kvar oppgradering av Android syg litt meir krefter ut av brettet, med unnatak av 4.3-oppgraderinga.

Eihands-grepet
Det beste med Nexus-en er eitthands-grepet: Den er svært god å halda med ei hand (i portrett-modus). Ein viktig test før eg kjøpte Galaxy-brettet var difor eihands-testen. Og Galaxy-en er god å halda i ei hand. Den er berre eit par millimeter breiare enn Nexus-en, trass i at skjermen er 20 % større.

16:10-forhold
Ein viktig grunn til, og føresetnad for, eit godt eihands-grep er at nettbrettet har 16:10-forhold mellom lengde og breidde (evt. 16:9). iPad og enkelte andre nettbrett som nye Nexus 9, har 4:3-forhold. Dermed blir sjølv den minste iPad-en for brei til at den er særleg god å halda i ei hand.

Super skjerm
Skjermen er den delen av nettbrettet som har fått mest skryt. Samsung "pumpar" rett nok opp fargane på AMOLED-skjermane sine, men det funkar. Fargane står rett og slett ut frå brettet. Med ei oppløysing på 2560 x 1600 må du ha lupe for å sjå piklsar, men sjølv då slit du. I Amobil.no/Tek.no sin test var det berre prisen dei hadde noko å utsetja på. Men når den no kostar 2.880,- (på Elkjøp), kan det punktet strykast.

Så langt kan eg berre seia: Ei slik julegåve kan ikkje bli feil, skund deg å handla før det blir utselt!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Skikkelig gledesdrepere vil kanskje påpeke at slike gaver blir feil for de som lider under lovløsheten som følger av "konfliktmineraler", f.eks. koltan i Kongo.

Steinar Skagemo

Svein Ø sa...

Oi, den var ny for meg. Eg eit at elektronikk inneheld ein del miljø-øydeleggjande stoff, t.d. bromerte flammehemmarar. Men at Galaxy-nettbretta utpeikar seg med bruk av koltan, visste eg ikkje. No blir det jule-surfing med bismak.. ;)

Anonym sa...

Veldig god flaskedrykk. Har fordommar mot krydder, men dette var bra. Ikkje humlebittert. Flott blogg! har ein sjølv: "eies.wordpress" Einar E. Jostedalen

Svein Ø sa...

Det var kjekt å høyra. Er sjølv litt redd for å øydeleggja smaken med krydder, og den delen av brygget eg ikkje tilsette krydder, smakte også godt. Har akkurat skrive litt om det.