tirsdag 19. desember 2017

Bitcoin, bobler og verkelege verdiar

Ill.: fedecomite (CC-BY-2.0)
Innlegg i Dagens Næringsliv i dag (papirutgåva):

Den veldige kursauken i Bitcoin blir karakterisert som ei boble og samanlikna med den velkjende tulipan-bobla i Nederland i første halvdel av 1600-talet. Det mange ikkje veit, er at tulipan-bobla var meir samansett enn som så. Fleire artiklar har studert kva som skjedde i Nederland i åra 1634-38 og konkluderer med at mykje av det som blir gjenfortalt, er feil (sjå t.d. artikkelen «There Never Was a Real Tulip Fever» av Lorraine  Boissoneault, Smithsonian.com). Historien om tulipan-bobla har mest av alt vorte brukt som ei moralsk åtvaring, særleg frå kyrkja si side.

Den elleville kursstigninga i Bitcoin og andre kryptovalutaer i år gir likevel grunn til uro. Det er ikkje sunt med ei så kraftig kursstigning på så kort tid, og for Bitcoin har det gått ut over funksjonen som betalingsmiddel. Pengar har som kjent tre hovudfunksjonar: 1) bytemiddel for varer og tenester, 2) lagring av verdiar og 3) måleeining.

I dag er Bitcoin mest aktuelt som lagring av verdiar, og i mindre grad som betalingsmiddel på grunn av dei relativt høge gebyra som krevst for å få ein transaksjon loggført på blokk-kjeda. Den store etterspørselen etter ei avgrensa mengde bitcoin driv prisen i veret. I tillegg har Bitcoin-systemet kapasitetsproblem fordi blokkene har ein definert størrelse og frekvensen av blokker som blir lagra på blokk-kjeda er også gitt med i snitt 10 minuttars mellomrom.

Mange økonomar meiner Bitcoin er ei boble fordi det er ikkje nokon substans bak valutaen. Den er ikkje under nasjonal kontroll («money by law») eller knytt til underliggjande verdiar. Det må difor vera eit oppblåst fenomen. Men det Paul Krugman, Joseph Stiglitz og ei rekkje andre prominente økonomar ikkje forstår, er at Bitcoin med den underliggjande teknologien viser veg til ei ny organisering av forretningsdrift. I vel 400 år har vi møysommeleg utvikla eit kapitalistisk system basert på eigardelar i bedrifter i form av aksjar, avgrensa risiko i samband med desse aksjane og reglar for handtering av konkursar osv. Ei slik organisering representerer ikkje ei naturlov; det er ikkje gitt at denne modellen skal halda fram i evig tid.

Bitcoin har vist vegen til ei ny organisering av kommersielle føretak: ein distribuert modell utan institusjonane vi kjenner i dag. Gjennombrotet med overføring av verdiar utan bruk av ein tredjepart kan knapt overvurderast. Saman med smarte kontraktar og andre nyvinningar opnar det for det vi kan kalla Organisasjon 2.0; ein kapitalistisk modell der dagens institusjonar blir erstatta av «eigarlause» autonome organisasjonar. Med denne teknologien kan vi ha AirBnB-liknande føretak utan AirBnB i midten, Uber-liknande forretningsdrift utan Uber i midten og Amazon-liknande handelsplassar utan Amazon i midten.

Kva er verdien av ein slik innovasjon? Førestill deg at du skal setja ein verdi på Internett. I starten av 1990-åra ville mange seia at Internett er null verdt, og fram mot tusenårsskiftet ville mange sagt at dette er eit boble som vil sprekka. Og den sprakk i den velkjende dot.com-krisa. Men det var ikkje slutten på Internett, men starten på ei berekraftig utvikling som har gitt oss nett-gigantar som Google, Amazon, Facebook, Amazon og andre.

Etter meir enn 20 års web-utvikling med ei stadig sterkare sentralisering er tida kommen for ei omvelting i form av desentrale modellar og tilbake til dei originale Internett-idéane. Det er dette Bitcoin og dei andre opne blokk-kjedene representerer, og spørsmålet blir då: Kor mykje er dette verdt?

Eg er ganske sikker på at vi vil få ein korreksjon av prisane på kryptovaluta, og at dei som har ropt «ulv, ulv», vil få ei kortvarig gledesstund ved å peika på at «det var det vi sa!». Og så er eg ganske sikker på at Bitcoin (og andre kryptovaluta) er ganske mykje meir verdt om 5-10 år enn i dag.

[Siste del av innlegget var eigentleg meint som eit eige svar til Terje Erikstad sin kommentar "Verdensrekord i energisløsing" i DN 16.12.]

2 kommentarer:

Gunnar sa...

Alltid interessant lesnad, men ein ting stussa eg over: viss bitcoin skal bli mykje meir verd om 5-10 år, som du spår, vil ikkje dette yttarlegare forverre den krisa som bitcoin står i no, nemleg at det ikkje fungerer som betalingsmiddel, berre som eit objekt for investering/spekulasjon?

Svein Ølnes sa...

Takk for god tilbakemelding!

Dersom det ikkje skjer meir utvikling i Bitcoin-systemet, er eg einig med deg i at det blir vanskeleg å bruka bitcoin til betaling. Men såkalla betalings-kanalar er på veg til å bli innførte, og då blir det straks meir interessant å bruka bitcoin også til betaling. Enkelt sagt skjer betalingar med betalingskanalar utanfor hovud-blokkjeda ("off-chain") og berre avstemminga skjer på blokkjeda. Ein betalingskanal kan haldast open i lang tid slik at det ikkje blir behov for å bruka hovud-blokkjeda særleg ofte.

Det er likevel eit spørsmål om korleis ein valuta som aukar i verdi, vil fungera som betalingsmiddel. Det ligg nokre utfordringar i deflasjons-eigenskapane.