Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
torsdag 24. august 2006
Det enklaste er ofte det beste
Utspørjing av leverandørar i samband med innkjøp av portalsystem (intra- og internett) i Førde kommune og samarbeidskommunar, har vist mykje interessant og mykje overraskande. Til det siste høyrer med at alle leverandørane i finalerunden ikkje hadde eksempel på administrasjonsbiletet for ein vanleg brukar, men berre for 'admin'.
På spørsmålet om korleis biletet ville sjå ut for ein vanleg brukar, vart det klossete (bort-)forklaring om at det og det menypunktet ikkje ville bli vist, og at det og det valet ikkje ville vera tilgjengeleg. Men ingen hadde altså ein brukar å visa dette på!
Hovudutfordringa for publiseringsdelen er jo sjølvsagt å få grensesnittet enkelt nok, ikkje at det er for få "bells & whistles".
onsdag 23. august 2006
Programvare-patentar? Nei takk!
mandag 21. august 2006
Kva er Internett?
- spør Universitetsforlaget, og Gisle Hannemyr svarer. Boka er i serien "Hva er" og er eit initiativ frå forlaget der dei utfordrar sentrale fagfolk på viktige og vanskelege spørsmål. Slik sett kan boka lesast som ei innføring i emnet. For akkurat dette spørsmålet er Gisle H eit opplagt val, få kjenner nettet betre enn han her til lands.For ein del vil dette vera kjent informasjon, men for mange vil det vera nyttige opplysningar og eit startpunkt for vidare utforsking. For det er kjeldene til GH som er ekstra nyttige.
Boka er som sagt ein heilt grei introduksjon til fenomenet Internett og gir gode ruter for vidare utforsking. Sjølv stiller eg meg stort sett heilt på linje med GH i synet på Internett og ikkje minst ønskt utvikling.
Eg har tidlegare kommentert patentutviklinga og avsluttar med å sitera GH i boka:
"Når det gjelder programvarepatenter, bør vi, gjennom våre folkevalgte, rett og slett sette foten ned og si at dette er noe samfunnet ikke er tjent med. Programvarepatenter bør ikke tillates, og den utflytningen vi har vært vitne til i patentsystemet de siste årene - ved at programvare-patenter maskert som "metodepatenter" har sluppet gjennom - må strammes inn. Klarer ikke patentvesenet å skikke seg, har det ikke livets rett."
Tiltredes!
lørdag 19. august 2006
Web'en 15 år!
Igjen ein forseinka gratulasjon, men likevel: Gratulerer med dei første 15 åra! Gratulasjonen må særleg gå til Tim Berners-Lee, som 6. august 1991 posta følgjande melding på nyheitsgruppa alt.hypertext:From: Tim Berners-Lee - view profileHypertekst var ikkje noko nytt, det nye TBL gjorde var å kopla hyperlenking med internett. Igjen ser vi at den viktigaste innovasjonen som regel skjer ved å byggja vidare på andre sitt arbeid og gjerne kombinera ulike arbeid. Tenk om hyperlenking hadde vore patentert! Tenk om internett-protokollane hadde vore patenterte! Desse spørsmåla meiner eg dei som ivrar for stadig meir patentering og kopivern bør stilla seg og prøva å gi gode svar på.
Date: Tues, Aug 6 1991 5:00 pm
Not yet rated
show options
In article <6...@cernvax.cern.ch> I promised to post a short summary of the WorldWideWeb project. Mail me with any queries.
WorldWideWeb - Executive Summary
The WWW project merges the techniques of information retrieval and hypertext to make an easy but powerful global information system.
The project started with the philosophy that much academic information should be freely available to anyone. It aims to allow information sharing within internationally dispersed teams, and the dissemination of information by support groups.
Reader view
The WWW world consists of documents, and links. Indexes are special documents which, rather than being read, may be searched. The result of such a search is another ("virtual") document containing links to the documents found. A simple protocol ("HTTP") is used to allow a browser program to request a keyword search by a remote information server.
Her er heile meldinga TBL posta på alt.hypertext.
fredag 11. august 2006
PC'en 25 år i dag!
Det er grunn til å feira litt ekstra i dag: PC'en er nemleg 25 år gammal; ein temmeleg høg alder i denne bransjen.11. august 1981 lanserte IBM sin PC. Den endra det meste av utviklinga innan mikrodatamaskiner. Operativsystemet CP/M forsvann relativt fort ut til fordel for det nye MS-DOS som vart valt for IBM PC. At det samtidig var starten for Microsoft gjer ikkje milepålen mindre.
Det er grunn til å reflektera over IBM PC sin enorme suksess. Det er ingen tvil om at openheit var grunnen til suksessen. Ikkje open programvare, men open maskinvare. Grensesnittet var dokumentert frå første stunde og det var inga lisensiering for å ta teknologien i bruk. Sjølv om IBM var eit stort selskap også i 1981, var det ikkje sjølvsagt at deira debut i dette segmentet skulle bli vellykka.
Apple hadde slik sett minst like store sjansar til å lykkast, men valde som kjent den proprietære strategien. Det er verkeleg grunn til å minna om dette for framleis går diskusjonen høgt om patentering og framleis er dette god latin i næringslivet. Abelia er ikkje minst ivrige talsmenn for ein slik strategi. Så kva hadde skjedd dersom teknologien bak IBM PC hadde vorte patentert?
For meg er historia om PC'en framfor alt historia om den opne tankegangen sin suksess. Etter 25 år har Apple framleis berre 2-3 % av pc-marknaden.
Den første datamaskina eg kom i kontakt med i jobbsamanheng, var ein IBM PC med to floppystasjonar og ingen harddisk. Det var i 1984. The Times They Are A-Changin'.
tirsdag 1. august 2006
Tulipan dot com
Eit anna essay i Peter Englunds Stillhetens historie handlar om den første kjende finansbobla som skjedde med handel med tulipanar i Nederland. Tulipanen kom til Nederland frå Sental-Asia; namnet kjem av det tyrkiske dulban, som tyder 'turban'.At det vart Nederland som fekk æra av å vera vertsland for det første kjende finanskrakket, har bakgrunn i eit tidleg kapitalistisk system og ein sterk og uavhengig borgarstand utan tvangstrøyer som laug o.l. Tulipan-næringa var då også heilt ny i landet og slik sett var det fritt fram for alle.
Parallellane med seinare finansbobler er slåande, og det er umuleg å ikkje tenkja på dotcom-bølgja når ein les Englund:
"...I sliketider dukker det som sagt regelmessig opp forestillinger om at man er kommet inn i en ny æra, der alle gamle økonomiske tyngdelover på et eller annet vidunderlig vis er opphørt å gjelde. "Dette er noe helt nytt", nå har vi helt nye mekanismer: For tulipanløk kan jo for fanken forøke seg uten hjelp, og en digital kopi er jo identisk med den kopierte."
Dette er altså dotcom i året i åra 1636-1637. Velkommen etter! Av og til kan ein lura på om ein nokonsinne vil læra av historia. Englund meiner slike syklusar gjentek seg med rundt 20 års mellomrom; halveringstida for hukommelsen som han kallar det.
Ei anna viktig læresetning i denne samanhengen er frå Gordon Gekko i filmen Wall Street: "Greed works".
mandag 31. juli 2006
Bindersen ikkje norsk likevel?
Peter Englund, svensk historikar, slår ein kile av tvil i ein av våre store stoltheiter: Oppfinninga av bindersen. Saman med ostehøvelen er desse kroneksempla på norsk oppfinning og norsk design.I boka "Stillhetens historie" tek Englund for seg historien til ulike kvardagsting (slik sett litt i slekt med Don Normans berømte The Design of Everyday Things) som bindersen, tannkosten, hamburgaren m.m. Samlinga av essay er høgst leseverdig, ikkje minst fordi Englund er både ein god skribent/stilist og ein god historikar.
Men han pirkar altså i den norske folkesjela og sår tvil om bindersen faktisk kan krediterast Norge:
"Som bindersens skaper utpekes ofte en 33-årig elektrotekniker fra Aurskog i Akershus, Johan Vaaler, som i 1899 oppfant en papirklemme - som det ble søkt patent på i Tyskland to år senere. Påstanden er problematisk. Vaalers binders ligner riktignok mye på nåtidens, men den skiller seg fra den på et viktig punkt: Den er ikke oppbygd med den velkjente doble ovalen. (Den syv meter høye kjempebindersen som er reist til Vaalers ære ved Handelshøyskolen BI i Sandvika, viser ironisk nok ikke den papirklemmen man finner i hans patentsøknad.) Dessuten finnes det et amerikansk patent fra 1898 - gitt til en viss Matthew Schooley - som foregriper Vaalers ufullbyrdede form."
Det neste blir vel at ostehøvelen heller ikkje er av norsk opphav?
mandag 24. juli 2006
auto motor und sport 60 år!
"Das Auto" var namnet på bilbladet renn-legende Paul Pietsch ga ut rett etter krigen i Tyskland 1946, saman med Ernst Troellsch og Joseph Hummel. Det skjedde gjennom firmaet Motorsport GmbH. I 1951 fusjonerte bladet med "Motor und Sport" og vart kalla "Das Auto - Motor und Sport". Seinare vart dette forenkla til dagens "auto motor und sport".Frå ein enkel start i 1946 har utviklinga til i dag vore enorm. Motor Presse er i dag eit forlag med over 150 tidsskrift i 23 land med over 2 000 medarbeidarar og ei omsetning på nærmare 3 mrd NOK.
Sjølv har eg abonnert på ams i snart 30 år! (men ikkje samanhengjande..). Sjølv om bladet etter kvart også har komme på norsk, held eg meg til originalen på tysk. Det har både med vane å gjera og at eg etter kvart likar godt å lesa tysk (den praktiske nytten av tysken er ei anna sak; ord som 'getriebe', 'antrieb' og 'leistung' har sine begrensningar i turistsamanheng...).
Sjølv om eg set stor pris på ams, og det er eit kvalitets-tidsskrift, ergrar eg meg også nokså ofte over den utrulege sjåvinismen tyskarane oppviser. I biltestar skjer det omtrent aldri at ein tysk bil ikkje kjem ut på topp (jubileums-utgåva gjer eit stort nummer av at Mazda 626 i 1987 vart den første japanske bilen som vann ein samanlikningstest - say no more!).
Grunnleggjaren Paul Pietsch er 95 år og framleis i storform der han poserer i racing-klenodia sine: Bugatti 35B, Maserati 4CL, Alfa Romeo Tipo 159 med fleire.
lørdag 8. juli 2006
I remember Clifford
Er dessverre litt seint ute med hyllesten til Clifford Brown, men 26. juni var det 50 år sidan han omkom i ei bilulykke, berre 26 år. Clifford Brown er eit av dei største trompet-talenta verda har sett, kanskje det største. Då snakkar eg om meistringa av trompeten som instrument (Miles Davis var også ein stor trompetar, men også mykje meir).Clifford Brown var involvert i ei alvorleg bilulykke 6 år tidlegare også, ei ulykke som nesten stoppa trompet-karrieren hans. Men han kom tilbake og frå 1953 - 1956 spelte han inn mange meisterverk på plate.
Det var ved introduksjon til trommeslagar Max Roach det tok av. Max Roach var alt då for veteran å rekna og hadde godt auga for nye talent. Seinare vart også tenorsaksofonist Sonny Rollins ein del av bandet og denne besetninga markerte toppen av CBs karriere. I Sonny Rollins fann han endeleg ein saksofonist som kunne matcha han musikalsk.
Er du berre bitte lite interessert i trompet og/eller jazz, finst det ingen unnskyldning for ikkje å ha CDAr (eller mp3-filer) med Clifford Brown i samlinga.
Tittelen er elles henta frå Benny Golsons hyllest til CB, men det visste du sikkert...
fredag 7. juli 2006
(x)html er web'ens språk, pdf er for utskrift!
Eg synest å sjå ei feil utvikling med stadig meir bruk av pdf som filformat på informasjon lagt ut på nettet. Det er ikkje bra; me har (x)html som er standarden for web-presentasjon - pdf bør ikkje brukast på anna enn stoff som spesifikt er meint for utskrift.
Eg har har skrive om dette før, i spalta "Gode tenester" for Norge.no tilbake i 2001. Dessverre må eg seia at utviklinga sidan den gong har gått i feil retning; det har vorte stadig meir pdf på nettet, men kanskje mindre Word-format?
Grunnen til å ta dette opp att no, var eit nettmøte statsråd Heidi Grande Røys hadde i samband med besøk hjå Norge.no på Leikanger i dag. Der har dei prestert å leggja ut spørsmål og svar frå nettmøtet som pdf-fil (!), i tillegg til pressemelding frå seansen. Shame on you!
Eg stilte statsråden eit spørsmål og fekk eit javel/nei til svar. Meir om det i ein annan artikkel.
torsdag 6. juli 2006
Emnekart? Javisst, kor mange skal det vera?
Dette seier meg to ting:
- det er viktig for leverandørane å svara 'rett' på kravspek. og unngå 'nei' i svar-rubrikken
- emnekart er framleis dårleg kjent som teknologi og standard
Det første er ikkje så mykje å gjera med, men leverandørane må vera klare over at det er dumt å bli avslørte på slike ting. Enkelte av dei ga seg heller ikkje, sjølv om det var heilt klart at dei var ute og sykla, for å seia det forsiktig. Svara på kva emnekart var, varierte frå 'nettstadskart' til 'mulegheit for å relatera til andre artiklar'.
Det er mange som treng innføring og oppdatering og på dette, og ein god start kan vera desse lenkene:
The TAO of Topic Maps - glimrande innføring i emnet av Steve Pepper, Ontopia
Meir formell dokumentasjon ligg i sjølve ISO-standarden:
Topic Maps - Data Model (pdf)
Topic Maps XML Syntax (XTM) (pdf)
Dei siste to dokumenta er i ein serie på fem dokument frå ISO som beskriv standarden.
tirsdag 4. juli 2006
Frå nyheit til tema
1. Første generasjons kommunesider: Informasjon ut på nettet (same korleis)
2. Andre generasjon: Kommunen som nyheitsprodusent; publisering og nyheiter i sentrum, i tillegg einvegsoverføring av informasjon frå sak/arkiv
3. Tredje generasjon: Tilbake til kjerneområda - tema- og tenestebasert orientering, nyheitspreget blir dempa, tovegs-kommunikasjon med innbyggjarane. Sak- og arkivsystem blir sentralt i datafangst og dataleveranse. Data frå skjema inn i fagapplikasjon og så til arkivsystem; sjølvbetjening er heilt sentralt.
Det kan verka som det er ei brytingstid for kommunane, og trenden frå nyheitsfokus til å setja tema og tenester i sentrum, synest klar.
Tenkjer ein tenestetrappa, ser vi ei utvikling til trinn 3 og 4. Då brukar eg definisjonen som seier at trinn 4 er fullført elektronisk saksbehandling, enten det skjer innan eigen organisasjon eller i samarbeid med andre.
Utviklinga frå nyheiter til tema/tenester er bra. Eg har ein mistanke om at innføring av generelle portal- og publiseringssystem, som har eit veldig fokus på nyheiter, har litt av skulda for det sterke nyheitspreget.
Men å løfta fram tenester gir nye utfordringar, ikkje minst når det gjeld strukturering og samanheng i informasjonsmengda. Meir om det seinare.
lørdag 1. juli 2006
Alle snakkar om det, men ingen gjer noko med det
Dei siste dagane har eg vore i Førde i jobbsamanheng med møte mellom kommunen og tilbydarar av sak/arkiv-programvare og portalløysing (intra-/internett). Det har vore interessante og lærerike dagar, og showet er ikkje over enno.
Det store spørsmålet er integrasjon mellom sak-/arkivsystem og intra-/internettsystemet. Eit sak- og arkivsystem er kommunen sin sentral i informasjonssamanheng. Det er her det viktigaste av kommunen sine oppgåver ligg lagra og kan hentast ut att. Det er også mottakaren av informasjon frå alle fagsystem i kommunen. Portalen er vindauge ut mot brukarane, men også i større og større grad grensesnittet for mottak av informasjon frå dei same.
Alle leverandørane me har snakka med så langt, framhevar integrasjon som det viktigaste for kommunen og den viktigaste grunnen til at akkurat deira løysing bør velgjast. Men kva slags integrasjon? Det er sjølvsagt integrasjonen mellom deira eigne system. Det er ingen grunn til å tvila på at den er på plass, men det skulle berre mangla også. Når spørsmålet blir snudd til integrasjon mellom ulike leverandørløysingar, blir svara meir unnvikande og den tydelege talen dreiar meir mot mumling.
Paradokset for ein kommune er at ved å velja beste løysing på to område isolert sett, endar ein opp med i beste fall nest beste løysing samla sett. Det er fordi integrasjon på tvers av leverandørar framleis er framtid.
KS sette i gang eit viktig arbeid for å definera eit standard grensesnitt for utveksling av informasjon med NOARK 4-baserte arkivsystem. Leverandørar som EDB, ErgoGroup, Acos og Software Innovation vart inviterte til å testa ut forslaga mot eigne løysingar. Dessverre vart dei ikkje utfordra til å testa dette ut mot konkurrentane si løysing.
Det nemnde KS-prosjektet følgjast opp med eit nytt prosjekt der dei same leverandørane blir bedne om å integrera sitt system mot ein av leverandørane sine løysingar. Her kan ein gjerne trekka samansetjinga frå ein hatt. Alternativt bør KS støtta eit pilotprosjekt der ein kommune går i bresjen for å få reell integrasjon mellom ulike leverandørløysingar.
onsdag 28. juni 2006
Don't Make Me Think!

Steve Krugs Don't Make Me Think!, opprinneleg utgitt i 2000 og i revidert utgåve 2005, er eit einaste stort slag for sunn fornuft innan web usability. Undertittelen stadfestar jo dette med A Common Sense Approach to Web Usability. Konsulentdelen av Krugs aktivitetar kallar han då også Advanced Common Sense. Måten han beskriv firmaet og tilnærminga til jobben, seier ein god del om tonen i boka:
... my consulting business (actually just me and a few well-placed mirrors) is called Advanced Common Sense. "It's not rocket surgery" is my corporate motto.
Har du sans for denne stilen, har du sans for boka. Den er ikkje av den krampaktige amerikanske humoren som litt for ofte pregar bøker; eg synest i alle fall Steve Krug sin stil er lesverdig og passar godt med bodskapen. Illustrasjonane i 50-talsstil fungerer også bra.
"Don't Make Me Think" er Steve Krugs første lov for usability, og seier mykje om tilnærminga hans til temaet. I dette ligg det at det viktigaste for ei god nett-teneste er at brukaren med ein gong skjønnar kva dette dreier seg om ("get it") og at det er innlysande korleis ho skal gå vidare frå denne sida.
Innhaldet i boka kan synast veldig enkelt, og som Steve Krug argumenterer for: "sunn fornuft". Erfaringsmessig krev det god oversikt over eit tema for å skriva så enkelt og så kort som Steve Krug gjer. Denne boka bør alle interesserte i temaet usability ha lese.
onsdag 21. juni 2006
Brukartesting etter Europris-modell
I 1989 skreiv Jakob Nielsen artikkelen "Usability Engineering at a Discount" og lanserte med det omgrepet "Discount user testing". For brukartesting var dette ein revolusjon: Bort frå dyre laboratorie-baserte forsøk og fram med sunn fornuft og enkle hjelpemiddel.
Steve Krug tek dette eit steg lenger i boka "Don't Make Me Think!". Her er det brukartesting til Europris-nivå. Han set opp denne samanlikningstabellen mellom tradisjonell brukartesting og "Europris"-modellen (som han sjølv kalla "lost-our-lease testing"):
| | Tradisjonell | ”Europris” |
| Tal testpersonar | Vanlegvis 8 eller fleire | 3 – 4 |
| Rekruttering | Nøye utval tilpassa målgruppa | ”Få tak i nokon”, nesten alle som brukar nettet vil funka |
| Testlokale | Brukartest-laboratorium med observasjonsrom og 1-vegsspeil | Kva som helst slags kontor eller møterom |
| Kven testar? | Erfaren usability-ekspert | Ein person med eit minimum av tålmod |
| Planlegging | Fleire vekers planlegging for rekruttering og booking av laboratorium m.m. | Testane kan gjerast nesten på sparket, med minimal planlegging |
| Førebuing | Utkast, diskusjon, revisjon av testopplegg og –protokoll | Bestem deg for kva du vil visa |
| Kva blir testa, og når | Med mindre du har eit enormt budsjett: legg alle egga i ei korg og gjer ein grundig test mot slutten av prosjektet | Små testar kontinuerleg gjennom heile utviklingsperioden |
| Kostnader | 35 000 – 100 000 NOK (eller meir) | ca. 2 000 (som stort sett går til å betala testbrukarane) |
| Kva skjer etterpå? | Ein 20-siders rapport ei veke etter testen, deretter møte i utviklingsgruppa for å vurdera endringar | Utviklingsgruppa, og evt. andre interesserte, diskuterer testen i lunsjen same dagen |
Er dette dårleg nytt for usability-bedriftene og -miljøa som no veks fram? Eg trur ikkje det, for dei seriøse vil sjå at det er plass til begge typar opplegg. Men det er klart det er ei utfordring å skulla gjera butikk av brukartesting; det blir ofte litt for smått. Løysinga ligg nok i å pakka det inn i ein større samanheng - brukartesting i seg sjølv løyser ikkje alle problem.
tirsdag 20. juni 2006
Lenkerik startside = kjøkenskåp med glasdør
JMS brukar metaforen å leita etter koppar og glas på eit framandt kjøken. Det er ein god metafor. Ytre sett er alle kjøken nokså like; det er skuffer og det er skåp. Men der vi kjenner innhaldet i kvar skuffe og kvart skåp heime, står vi bom fast når vi kjem inn på framande kjøken. Nettsider kan oppfattast på same måte - det er ofte vanskeleg å gjetta seg til kva som ligg bak nokre enkle lenker på startsida.
Det er her glasdørene kjem inn: Dersom kjøkeskåpa (og forsåvidt skuffene) var utstyrte med glasdører, ville det sjølvsagt ikkje vera noko problem å finna innhaldet. Parallellen til glasdører er ein lenkerik startside. Innafor rimelege grenser er det lurt å løfta fram innhaldet og gjera det synleg gjennom godt formulerte lenker på startsida. Kva som er 'godt formulerte lenker' er eit tema i seg sjølv.
I mitt forrige liv og forrige blogg - spalta "Gode tenester" på www.norge.no - skreiv eg om Trondheim kommune sine dåverande nettsider der startsida var forma etter "less is more". Eg står framleis inne for det som står der, men det må nok nyanserast. Med argumentasjon for lenkerike startsider, er det plutseleg "more is more" som gjeld.
søndag 18. juni 2006
Dårleg brukargrensesnitt blir ikkje betre med AJAX
Dessverre fekk eg ikkje med meg foredraget (og workshop) til JJG. Han snakka ikkje berre om Ajax, men også om The Elements of User Experience, noko han har skrive bok om. Og eg tippar at han understreka nett det; eit dårleg konstruert brukargrensesnitt kan ikkje reddast av Ajax eller andre kule teknologiar. Det blir berre like dårleg, men på ein kulare måte.
Eit av eksempla var søk i bok- og mediedatabasen på Deichmanske bibliotek sine sider. Nyskjerrig som eg er, var eg inne for å sjå korleis teknologien var brukt. Eg rekna med at det var inkrementelt søk, som hjå Google, og det var det. Men det funka dårleg.
Eg søkte på "Erlend Loe" i feltet 'Forfatter/Person', og som forventa kom forfattarane opp i ein resultatboks på høgre side etter kvart som fleire bokstavar vart tasta inn. Første treffet var "Erlend Kurt Loe" og eg rekna med at det var det fulle namnet til forfattaren eg var på jakt etter. Eit klikk på dette treffet ga ei ny side med tittel "Søket ga ingen treff". Men likevel kom det opp 15 treff (!) og eit av dei var 'erlend loe' med tre treff. Desse tre treffa viste tre bøker med 'erlend loe' som del av tittelen.
Systemet hadde sikkert rett; det fann ikkje bøker av Erlend Loe (merkeleg), men fann bøker som hadde namnet i tittelen. Men måten dette blir presentert på, er ikkje godt å forstå - sjølv ikkje for bibliotekarar vil eg tru. Men prøv sjølv på http://www.deich.folkebibl.no/cgi-bin/websok
lørdag 17. juni 2006
Fotball-VM - klart for elektronisk revolusjon!
Fotball-VM fascinerer stadig og årets VM har overraska positivt. Sjølv om det ser ut som alle favorittane går vidare og det blir få overraskingar, er det mykje positivt å seia om spel og scoringar. Det som er moro med fotball-VM er at det alltid vil bli spennande kampar og spektakulære situasjonar og scoringar. Det siste har det vore mange av.
Eg trur tida er moden for å ta i bruk elektronisk dømming av offside. Det vil gi den offensive fotballen eit stort løft. Med stadig betre kameradekning på arenaene blir det meir og meir klart at dommarane står overfor ei nesten umuleg oppgåve og det er lett å sjå i ettertid at det blir gjort feil. Linjeoffside blir i dag svært ofte feilaktig avvinka.
Elektronisk dømming av offside har vore utprøvt (meiner eg) og er ikkje science fiction. Det vil snart vera klart for bruk, og då er det berre motstand mot endring som vil gjera det vanskeleg. Det siste skal sjølvsagt ikkje undervurderast, det ligg masse følelsar og tradisjon i fotballen og det er tregheit i systemet som verkar mot endringar. Det er også positivt, for det har endeleg vore føreslege, og prøvt ut, dumme forslag (nok å nemna straffespark-avgjerd ved uavgjorte kampar). Men mange nyare endringar har også vore heilt nødvendige, som forbod mot tilbakespel til målvakt.
Kanskje kan el. dømming av offside prøvast ut alt i neste VM i 2010?
Ja, og så må eg ta med Gary Linekers fantastiske definisjon av fotball: "A game of 22 players chasing one ball and in the end the Germans always win."
Betre kan det ikkje seiast!
torsdag 15. juni 2006
Kodenamn "Westlife"
(Are Halland, Even Risbakken og Eidar Grande Vollan - til orientering)
fredag 2. juni 2006
Altinn - med teskei?
Rett skal vera rett: Systemet har vorte betre og i år gjekk det nokolunde greitt å fullføra rapportering av sjølvmelding m/vedlegg. Starten var kronglete: Etter berre to forsøk (!) fekk eg beskjed om å venta ein heil time til neste forsøk. Då klikka det nesten for meg; eg var seint ute i utgangspunktet og så måtta venta ein heil time pga. to feiltastingar av passord! Problemet er at innloggingsdelen ikkje er intuitiv når du brukar systemet ein gong i året. Det er lett å gå seg vill i alle alternativa og det var det som skjedde meg.
Eit anna problem er dei ulike rollane og å hugsa på kva rolle ein må vera innlogga som for å utføra rett jobb. I fjor bomma eg og var innlogga som org.nr-brukar Svein Ølnes. Eg fylte ut alt og skulle godkjenna, då først fekk eg beskjed om at det var feil. Og ein telefon til brukarstøtte bekrefta det eg trudde ikkje var muleg: Eg måtte tasta inn alt på nytt, det var uråd å ta med seg opplysningane som var inntasta. Det er stryk i kravet til brukargrensesnitt! Og når ein tenkjer på kor mange (hundre) millionar som er kasta til Altinn-utviklinga er det til å bli heilt dårleg av.