Eittårsdagen sidan starten på Sveins blogg må feirast! Skulle eigentleg vore i går, men då var eg oppteken med smalahove i godt lag.
Etter eitt års blogging er eg endå meir overtydd om blogging som verktøy. For min eigen del har eg sett at den fungerer som eit slags arkiv; eg tek opp saker og problemstillingar med ein gong, og kan seinare komma tilbake til temaet i andre samanhengar. Forma fungerer også godt for bokmeldingar, også dei er greie å kunna slå opp på lenge etter at boka er lesen.
Tematisk har det for det meste vorte jobbrelatert informasjon. Eg finn det lettare å konsentrera skrivinga om eitt tema i staden for å spreia meg på mange ulike - sjølv om det også til tider er freistande.
Ei rask oppteljing viser 91 innlegg, noko som blir nesten to i veka. Eg hadde ambisjonar om å skriva minst ei melding i veka, så det er eg godt nøgd med. No er ikkje talet det viktigaste, viktigare er det å ha noko å melda.
Det neste blogg-framstøytet blir truleg ein firmablogg; VF-bloggen. Følg med!
2 kommentarer:
Gratulerer med dagen, ja! Håper du holder det gående minst ett år til.
Takk, takk. Eg har stor sans for blogg som fenomen, for meg hjelper det til å skjerpa interessa og leita etter gode tema. Og det fungerer godt som ide-arkiv.
Legg inn en kommentar