torsdag 23. november 2006

IST 2006

Den årlege IST-konferansen ( Information Society Technology) går mot slutten her i Helsinki. Det er eit kjempearrangement med ein del tusen deltakarar. Finland er arrangør pga. president-skapen.

IST er IT-delen av EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling. 6. rammeprogram går mot slutten og det 7. er i startgropa. Konferansen er difor ekstra interessant i år. Presentasjon av det nye rammeprogrammet har sjølvsagt vore hovudtema.

Vestlandsforsking med partnarar er tungt representerte; totalt 9 personar har vore her på heile eller delar av konferansen. Det er nok eit uttrykk for at satsinga på 7FP blir veldig avgjerande for IT-utviklinga i SFj-miljøet.

Det som slår meg med konferansen og IST generelt, er eit veldig teknisk fokus. Dette er laga av teknokratar, for teknokratar. Brukarperspektivet er heilt fråverande, det er påfallande. For forskingsområda som grensar mot grunnforsking, er det forståeleg, men for dei mange områda som kjem inn under anvendt forsking, er det meir enn merkeleg. Men dette er etter mitt syn eit av hovudproblema med innretninga av forskingsprosjekt i EU.

Konferansen har samla sett vore som forventa; det er mest politikk og lite fag. Men orienteringa om innretninga av 7FP er både interessant og nyttig. Enkelte andre foredrag har også vore interessante - særleg presentasjonen av ObjectWeb: eit viktig open source-initiativ innan EU. Du kan finna ut meir på www.objectweb.org

Meir informasjon om IST 2006, inkl. kopi av alle foredrag, finst på Cordis, http://europa.eu.int/information_society/istevent/2006/index_en.htm

2 kommentarer:

(Stein) Runar Bergheim sa...

Tor Ulven kunne ikkje ha skrive det betre, men...

Eg ville ikkje ha teke det så hardt at IST er teknologidrive; det kan føre mykje godt med seg at flinke teknologar får fritt spelerom til å utvikle ting som ikkje svarar på eit skrikande behov hjå mannen i gata.

Page og Brin nytta til dømes tre år på å lage den fyrste prototypen av Google som frå å vere eitt reint teknisk algoritmebibliotek no har blitt den viktigaste måten å finne fram til nettressurar globalt.

Cunningham installerte si fyrste utgåve av WikiWikiWeb i 1994 og uttrykte at denne teknologien var inspirert av eit ytterst teknisk program han hadde laga på åttitalet. Teknologien fekk så utvikle seg i fred mellom flinke teknologar og folk som arbeidde med teknisk dokumentasjon i sju år. Dei store massane såg berre rart på wiki-entusiastane og bles i domedagstrompetane sine til lenge etter at Wikipedia kom på lufta i 2001. Ikkje ein gong då var dei villjuge til å sjå på teknologien med nye auge. Påstanden var at Britannica Online hadde mykje høgre kvalitet og at medverknadskonseptet i eit Wiki var alt for avansert til at ein kunne sleppe laus "vanlege" brukarar her.

I 2006 er wikiteknologien høgt skatta uavhengig av fagleg bakgrunn. Wikipedia lagde ei hovuddør inn til wikiteknologien for "vanlege brukarar", ti år etter at "huset" vart bygt med berre kjøkeninngang.

Utbetring av "anvendt teknologi" kan i større grad skje på kommersiell basis då marknaden er villeg til å betale (litt) for utbetring av kjende problem. Å etablere infrastruktur i form av nye tenesteområde der det enno verken finst kundar, tenester eller teknologi - det krev investeringar i forskning.

Og kvifor er dette så viktig? Jau: fordi it-økonomien har ei langt større grad av økologisk berekraft over seg enn tradisjonelle næringar. Om eitt internettselskap går overende sit ein att med ein "404 page not found"-feil i nettlesaren sin, om eit storstilt turismeprosjekt går overende sit ein att med eit halvferdig vikingsenter ved Dragsvik.

Svein Ølnes sa...

Første tenkte eg at dette måtte vera eit bra kompliment. Men så googla eg "tor ulven" og wikipedia har følgjande karakteristikk:

"Tor Ulven viser seg som en svært depressiv dikter. En kan bli meget depressiv av å lese hans verker som anses som store i samtidslitteraturen."

Vel, vel, eg får leva med det.

Det er klart det er forlokkande å få sitja i fred og ro og prøva seg fram med teknologiske løysingar utan å ha ein einaste brysam brukar i mils omkrets. Det høyrest vel ut som eit gj.sn. EU-/eContent-/Interreg-prosjekt.

Men eg trur ikkje på ei utvikling som ikkje inkluderer brukarar. Og eg er uroleg for den stadig aukande avstanden mellom forskings- og utviklingsfronten og brukarane. Eg burde vel gå så langt som å seia at situasjonen er 'bekymringsverdig' :-)