Kva er likheiten mellom Petter Stordalen og meg? I utgangspunktet ville eg vel ha sagt at det var veldig lite, interesse for bilar kunne kanskje vera ein. Men eg har funne to ting til:
- begge har vore på framsida av Nationen i løpet av den siste veka (!)
- begge har raud (!) Sony Ericsson K610i
Det siste har eg fått høyra på jobben er skikkeleg femi (for å vera heilt ærleg har eg fått andre kommentarar også, men dei skal eg la liggja her...).
Petter har sikkert ein del andre mobiltlf. (det har forresten eg også), men det var den raude K610'en han var avbilda med på framsida av Nationen nyleg.
Saka var mangelen på økologiske matvarer (men det er sjølvsagt underordna akkurat her)
1 kommentar:
Kvifor eit menneske uprovosert og av eigen fri vilje finn det tenleg å¨samanlikne seg med Petter Stordalen har eg vanskar med å forstå. Kva grunn har du til å løfte fram Stordalen og la han bade i ditt lys på denne måten?
Elles trur eg du skal lytte til kollegiet ditt når dei seier at den raude telefonen din (og Petter sin) sender ut 'blanda signal'. Vegen er kort til arm- og halskjede i gull.
Legg inn en kommentar