onsdag 13. juni 2007

The King and I

Seniorrådgivar Einar Flydal i Telenor R & I (Research and Innovation - tidl. forskingsavd.) heldt eit interessant foredrag på Campus Seminar i går. Temaet var "IT og miljø", men det var spesielt historia om oppbygginga av Grameenphone i Bangladesh som var interessant.

Den saka har fått mykje merksemd takka vera Nobelprisvinnar Mohammad Yunus. Men det er klart at saka har (minst) to sider. Flydal orienterte overbevisande om utviklinga.

Historia starta med den asiatiske finansmeklaren i New York som vart sitjande ein heil dag utan tilgang til telefon og pc pga. eit straumbrot. Det fekk han til å tenkja på situasjonen i heimlandet Bangladesh, med for alle praktiske føremål null tilgang til telefon for folk flest. Han fekk då ideen om at løysinga for Bangladesh måtte vera å ta eit kvantesprang over den tradisjonelle teleutviklinga og gå rett på eit moderne mobilnett. Dette presenterte han for Yunus, som tende på ideen, og leitinga etter eit teleselskap som ville bli med på ideen starta.

Yunus prøvde først amerikanske teleselskap, men dei skjønte absolutt ikkje vitsen med å investera i Bangladesh, eit av verdas fattigaste land. Yunus fekk råd om å prøva dei skandinaviske landa fordi tankane passa betre til innstillinga her. Han kontakta Telia og dei var interesserte. Av ulike grunnar trekte det ut og vart gløymt og Yunus sende eit brev til kong Olav i Norge (!). Kongen kontakta Telenor-sjef Tormod Hermansen (!) og dermed var det i gang. Flydal presiserte at utan Tormod Hermansens innstilling og interesse for prosjektet, ville det aldri lete seg gjennomføra.

2 kommentarer:

Helge Tennø sa...

Ikkje direkte knytta til konflikten mellom Grameen og Telenor, men om en vil vite mer om Grameen holdt Iqbal Quadir et flott foredrag om dette (og meir til) på TED2005.

Foredraget ligg ute på TED og anbefales:
http://www.ted.com/index.php/talks/view/id/79

Svein Ølnes sa...

Iqbal Quadir er vel mannen eg omtalte som "asiatisk finansmeklar" i innlegget (?).