fredag 8. juni 2007

USA heng etter

Kanskje litt spinkelt grunnlag å hevda det, men eg fekk akkurat inn ein e-post frå tidsskriftet Down Beat om at deira årlege avstemming av årets jazz-musikarar for første gong også skjer via nettet.

Down Beat Readers Poll har 71 års historie og går tilbake til dei gyldne 30-åra (ikkje dei harde, men dei gyldne..) med musikarar som Louis Armstrong, Roy Eldridge, Ben Webster, Coleman Hawkins osv. osv.

Avstemminga er delt i to; lesarane si vurdering og jazz-journalistar/kritikarar si vurdering (her er det snakk om jazzkritikarar i mange land). Den har på mange måtar vorte ein institusjon, men på den andre sida er den også ekstremt konservativ. Ein saksofonist som Sonny Rollins vinn til dømes også tenorklassen i våre dagar. Han er ein av mine favorittar, men han hadde nok si store tid for 40 år sidan (!).

Avstemminga finn du her.

2 kommentarer:

Paal Fosdal sa...

Litt utvikling er å spore. I år er det første gang Down Beat opner for at ein kan stemme via nettet. Tidlegare har dei kjørt eit håplaust gamaldags kryss-av-på-skjema-og-send-med-posten system som ikkje akkurat har bidrege til fornying. Vi får håpe at online-stemming vil gi resultat i den retning som du etterlyser. Det er ikkje berre blant tenorsaxofonistane at dei gamle er eldst. Også for andre instrumentgrupper er der minimale endringar frå år til år, noko som gjer desse målingane rimeleg uinteressante.

Svein Ølnes sa...

Ja, det er vel nesten slik at gode gamle Tommy Dorsey heng med enno :-)