onsdag 27. februar 2008

Semantisk web? Lær heller å krabba først!

Verda er full av spennande idear, men røyndommen slår ofte brutalt gjennom. Eg søkjer etter informasjon om konferansen "Semantiske dager 2008" som skal haldast i Stavanger i april ein eller annan gang, eg skulle gjerne visst datoen.

Eit søk på konferansenamnet Google gir meg ingen verdifulle treff, sjølv om både Norstella og Abelia (medarrangørar) dukkar opp. Norstella-treffet verkar relevant, men fører meg berre til ei generell side der konferansen ikkje er nemnd. Abelia viser meg til eit innlegg på Semantiske dager 2007.

Eg prøver OLF - Oljeindustriens Landsforening - som er ein sentral organisasjon i arrangementet. Eit søk på 'semantiske dager' gir meg 114 treff der ingen ser ut til å dreia seg om arrangementet. Søket 'semantiske dager 2008' gir også 114 treff (!) - sannsynlegvis dei same treffa.

Denne konferansen skal altså handla om det store nye området semantic web, men arrangørane er ikkje ein gong på web 1.0-stadiet. Her bør ein først læra seg å krabba før ein prøver å gå.

[eg prøvde for moro skuld søket 'semantisk' og det ga berre 4 treff! Det første treffet hadde tittelen 'Semantic Days 2008' - tenk det! Intelligensen i OLF sin søkemotor overgår min forstand.]

5 kommentarer:

Anonym sa...

"Eit søk på konferansenamnet Google gir meg ingen verdifulle treff"
Mulig mye har skjedd siden igår, for de første treffene på Google på "Semantiske dager 2008" forteller ihvertfall datoen nå. Ser forøvrig ut til å være en veldig spennende konferanse. Mon tro om de har egen minipris for folk i foreldrepermisjon ... :-)

Svein Ø sa...

Pussig, eg gjer same søket ('semantiske dager 2008') og får ikkje opp noko om konferansen. Men bloggen min kjem først! Kan det vera at eg brukar engelsk ver. av Google?
Elles støttar eg forslaget om minipris for dei som har foreldre-permisjon - hadde vore kjekt å treffast i Stavanger.

Svein Ø sa...

Ved søk på den eksakte frasen "semantiske dager 2008" kjem info om konferansen opp..

Anonym sa...

En årsak er kanskje at den kalles "semantic days 2008" og ikke semantiske dager.

Prøv søket: Semantic Days 2008 Norway

Semantisk ja, men ikke bilingual. :-(.

Svein Ø sa...

>Prøv søket: Semantic Days 2008 Norway

Ja, det fungerer nok, men kor mange utanom du (+ programkomiteen) er det som vil finna på eit slikt søk?

Eg tvilar sterkt på om ein utelukkande engelsk tittel er lurt marknadsføringsmessig, men det vil vel visa seg. Eg reknar med at størstedelen av deltakarane er norske?