Stieg Larsson som påskekrim er ikkje overvettes originalt - eg trur eg må vera ein av dei siste i Norge som les desse bøkene. Første og andre bok er unnagjorde, og eg ser at eg må lesa den tredje også.
Den viktigaste indikatoren for ei krim-bok er om ein klarer å leggja boka frå seg eller ikkje. Her scorar Stig Larsson høgt, for det er god nerve og driv i bøkene og ein har ikkje lyst å leggja dei frå seg.
Det var først med hjelp av forfattaren sjølv, og langt ute i andre boka, at eg såg kva som er rollemodellen for hovudpersonen Lisbeth Salander: Det er jo Pippi Langstrømpe! Salander er den hypermoderne varianten av Pippi, men med same kjerneverdiar: sterk moral og rettferdig, men følgjer sine eigne vegar.
Eg er ingen ekspert på kriminalromanar, eg les heller sjeldan slike bøker. Grunnen er at eg ofte tykkjer dei er spekka med klisjear, og Stig Larsson styrer ikkje unna han heller. Her er det mange av dei vanlege klisjeane, og framfor alt er det "detaljanes tyranni". Alt skal vera så forbanna detaljert, og eg spør meg kvifor. For me kjem ikkje nærmare personane trass i eit hav av detaljerte beskrivelsar.
Nokre eksempel: Når Lisbeth S. handlar inn møblar til den nye leilegheita si, blir absolutt alt namngitt med IKEA-namn, nesten som ein produktreklame. Men det tilfører ikkje lesaren noko som helst, det blir berre endå ei side for mykje. I andre tilfelle øydelegg detaljane for kvaliteten og opplevinga av innhaldet ved at det ser håplaust utdatert ut: Når Larsson beskriv den siste iBook-en Lisbeth har skaffa seg, med dei råaste spesifikasjonane, blir det i ettertid berre latterleg fordi dette i høgste grad er ferskvare. Ein topp-spekka pc/Mac frå 2003 er ikkje like imponerande i dag - berre førestill deg korleis det blir å lesa dette om 5-10 år..
Alt i alt spennande litteratur, og med ein original vri på helten, men likevel bortimot like klisjefylt som anna eg har lese i sjangeren. Og det tek litt for lang tid før det dreg seg til med spenning; 200 siders innleiing er i så måte for mykje.
2 kommentarer:
Enig i at bøkene har klare svakheter. Dette gjelder både karakterskilderingene og de alt for mange og lange detaljer, men ta deg tid til også å lese bok nr. 3 og ha i mente at Larsson er vel kjent med samfunnsTEORI. Mitt tips: les de to siste bøkene i lys av Max Webers byråkratiteori og da blir det straks mer interessant. For hva skjer når byråkratiet som idealtype forvitrer, unndras demokratisk kontroll og får karismatisk ledelse?
Interessant perspektiv - har bok nr. 3 framfor meg og skal i gang med den. Stieg Larsson hadde god innsikt i samfunnets maktstrukturar og ein del av intrigane i bok nr. 2 er ikkje heilt utenkjelege. Den djupe skepsisen til myndigheitene, særleg påtalemakta, er også forståeleg.
Legg inn en kommentar