Eit par oppklaringspunkt først:
- eg meiner ulovleg nedlasting av opphavsrettsleg materiale er, ja - ulovleg
- at "alle andre gjer det" gjer ikkje at noko automatisk blir lovleg
- men: eg meiner at lenking til ulovleg materiale på nettet ikkje er ulovleg
Dersom det er slik at lenking til ulovleg materiale blir straffbart, vil det få store konsekvensar for nettet framover. Under ei slik tolking vil sjølvsagt Google og mange andre vera i "deep shit". Automatisering av lenking på nettet vil då bli bortimot umuleg, i alle fall veldig risikabelt.
Me ser alt følgjer av dommen i Sverige. Post- og teletilsynet var raskt frampå og gjorde det klart at nettleverandørar (ISP) som hadde ulovleg fildeling mellom kundane sine, ville bli tvinga til å namngi dei. Eg meiner difor Gisle Hannemyr ikkje heilt treffer planken når han påstår at dommen i PB-saka er godt nytt for den enkelte internett-brukaren.
Hittil har ISP-ane, med Telenor i spissen, stått knallhardt mot alle forsøk på å stengja ute tenester av tvilsamt slag. Men dersom denne dommen blir ståande, blir det veldig vanskeleg, og sensuren på nettet (som alt er eit faktum: jfr. barneporno) blir kraftig stramma inn.
Argumentet om at "alle gjer det" er sjølvsagt ikkje haldbart for dei som driv ulovleg nedlasting av materiale med opphavsrett. Men i det store biletet er det likevel eit poeng. Som Lawrence Lessig overbevisande argumenterer i den siste boka si, Remix, kan ein i det lange løpet ikkje kriminalisera ein heil generasjon.
1 kommentar:
Det er forskjell på å lenke til ulovlig materiale og å bare lenke til ulovlig materiale. På Google er nesten alt lovlig. På The Pirate Bay var nesten alt ulovlig. Så det er helt klart en forskjell her.
Jeg må bare innrømme at jeg ikke har nok kontroll på innholdet i dommen til å si i hvilken grad dette ble lagt vekt på. Skulle gjerne sett ordentlig dekning av denne dommen ett eller annet sted...
Legg inn en kommentar