mandag 30. november 2009

iPhone for ein dag

Eg var ein lykkeleg (?) eigar av iPhone 3GS 32 i ein dag før eg fekk den store tvilen og leverte den tilbake. Kva var det eigentleg som var feil?

iPhone er genial på mange vis, særleg brukargrensesnittet. Den har nesten eigenhendig opna opp web-en for mobilbruk og har skapt ein eigen marknad for småprogram ("widgets").

Problemet mitt er at eg brukar mobilen først og fremst til å senda tekstmeldingar. Eg snakkar relativt lite, men tekstar mykje. Etter ein dag med iPhone innsåg eg at den ikkje er spesielt god å skriva tekstmeldingar på, eg vil påstå den er direkte dårleg. Problemet er at du heile tida må bruka to hender; eg vil påstå det er umuleg å skriva tekstmeldingar med ei hand (muleg det kan lærast?).

Nett-tilgang via mobilen kunne vore ok, men er ikkje så viktig sidan eg har med meg den berbare pc-en over alt.

Ein dag er kanskje litt lite til å fella ein dom over iPhone, men førsteinntrykket seier likevel ein god del. Sjølv om grensesnittet er innovativt og for det meste bra, er ein del ting über-coole og unødvendig tungvindte. Eg har ikkje heilt sansen for alle skyveknappane, det er mykje enklare å trykkja ein tast for å svara på ein samtale. Det er også mykje enklare å trykkja ein tast for å starta kameraet og ta bilde. I det heile er det ein del rom for forbetringar i grensesnittet ved å introdusera litt fleire fysiske knappar. Greitt, det går ut over det minimale funkis-preget Apple er eksponent for, men brukaropplevinga bør komma først.

Eg har ikkje nemnt sensuren med AppStore, men det er klart det er ein vanskeleg kamel å svelja. Apples lukka og paranoide verden er noko eg helst ikkje har lyst til å støtta, trass i freistande utstyr.

No må eg berre gå tilbake til start og vurdera mobilmarknaden på nytt. Er det nokon som har gode tips?

9 kommentarer:

Unknown sa...

Andreas har en Nokia N97 ('topmodellen') som han er veldig fornøyd med. Høres ut som mange av samme funksjoner som iPhone, god samtale med PC, erstatter nesten iPod...

Svein Ø sa...

Takk for tipset, skal sjekka den.

Oluf Haugen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Oluf Haugen sa...

Jeg går for HTC Hero - har fått prøvd den hos en kamerat og skal ha den i min nye jobb. Android og greier ;-) http://www.amobil.no/artikler/htc_hero/71400/konklusjon

Virket veldig bra å skrive meldinger med. Du får teste den en dag også.

Oddrun Midtbø sa...

Har hatt HTC Hero ei vekes tid, og må seie at det funkar ok, litt rart med touch-skjerm når ein er van med tastar, men det gjekk fort over. Etter å ha høyrt mobilfolka i Silicon Valley, er androide-saker tingen, utviklinga skjer fort:-)

Torger Åge Sinnes sa...

Eg må faktisk sei at eg er einig med deg angåande det å skriva på iPhonen. Det er ei utfordring. Det taktile i å kjenne kvar ein til ei kvar tid er på tastaturet er borte, og det skal MYKJE til før ein kan tekst samtidig som ein gjeng.

Når det er sagt så har iPhonen min gjort kvardagen så pass mykje meir straumlinjeforma at eg ikkje trur eg kunne ha gjenge attende til "analoge knappar". Men du får ha lukke til i jakta!

Ps. Dette skreiv eg på iPhonen, men eg hadde 100% fokus. :)

Svein Ø sa...

OK å høyra at fleire saknar meir/annan funksjonalitet når det gjeld tekstmeldingar og iPhone. Eg ser jo styrken til iPhone på andre område, men vart redd eg skulle enda opp med to tlf.; ein til å ringja/teksta med og ein til å surfa. Eg har faktisk møtt fleire som har den strategien.

Android-tlf. er spennande, men på akkurat dette området er vel problemet det same som med iPhone?

Kristian sa...

Jeg må innrømme at jeg har stikk motsatt følele for iPhone - det er det mest komplette mobile arbeidsredskapet jeg noen sinne har eid. Det er et særdeles potent verktøy etter min mening.
Å tekste med trykkfølsom skjerm og relativt bredt (fysisk sett) apparat er uvant, men jeg har aldri tenkt på det som håpløst.
Jeg bærer min iPhone stolt og med hevet hode!

Svein Ø sa...

Nei, den har eg ikkje sett. Interessant, iPhone-dyrkinga er jo berre eit framhald av den religiøse haldninga Mac-brukarar har til si datamaskin.

For all del, Apple er gode på design og brukargrensesnitt. Men det betyr ikkje at produkta deira er utan problematiske sider.