Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
onsdag 11. august 2010
Samsung Galaxy S - ein månad i bruk
Eg sparte ikkje på ros då eg omtalte den nye mobilen min, Samsung Galaxy S. Etter ein månads bruk er det på tide å gjera opp litt status. Er den framleis like bra? Både ja og nei. Her er kortversjonen:
+ fantastisk skjerm (ja, skjermen er grunn god nok til å kjøpa den)
+ trass i stor skjerm er mobilen ganske hendig fordi den er så tynn
+ god Google-integrasjon (epost, nettprat, bilete)
- elendig programvare (Kies er ikkje oppdatert til å støtta telefonen!)
- dårleg wifi-rekkevidde
- litt lugging (litt lange tenkepausar av og til før den utfører det den blir bedt om)
Eg vel å utdjupa problema, plussane er omtalte tidlegare.
Dårleg drivar- og programvarestøtte
Synkroniseringsprogrammet Kies ser fint ut på overflata, men problema melder seg fort. Telefonen kopla seg greitt opp via USB første gangen, men seinare har eg hatt problem. Og eg er ikkje den einaste som opplever desse problema, ulike forum er fulle av Galaxy-trøbbel. Dette er for dårleg Samsung! Her heng ikkje programvara med telefonutviklinga.
Eg får heller ikkje kopla telefonen mot pc-en via Bluetooth. Igjen er det dårlege/mangelfulle drivarar utan at eg har klart å lokalisera feilen presist.
I praksis er det to måtar du kan synkronisera eller overføra informasjon frå telefon til pc:
1. Via Kies (usb eller Bluetooth)
2. Via "skya", dvs. via diverse Google-program og andre sky-program som Dropbox etc.
Enkelte vil kanskje hevda at den "gammaldagse" telefon-til-pc ikkje lenger er bruk for, når ein kan gjera mykje via skya. Men så enkelt er det ikkje. Framleis er det mykje som krev direkte tilkopling til ein pc. Og oppdatering av sjølve telefon-programvara krev dessutan Kies. På dette området er det berre å venta på ei opprydding og oppgradering av Kies og også ei oppgradering til Android 2.2 ('Froyo').
Dårleg wifi-rekkevidde
Dette er eit problem ein neppe kan oppgradera seg frå. Det er truleg antenne-delen av wifi som er for dårleg. På kontoret mitt har eg 80 % styrke på det trådlause nettet på pc-en. På mobilen får eg såvidt inn det trådlause nettet og det dett fort ut og blir erstatta med 3G.
Lugging
Dei to førstnemnde problema har eg ikkje sett omtalt i testar av Galaxy-en, men 'lugginga' er påpeikt av fleire. Dette er mest eit irritasjonsmoment og ikkje eit akutt problem som dei to andre. Mobilen treng ofte litt tenkepause før den utfører operasjonar, og det er litt plagsomt.
Konklusjon
Så ville eg ha kjøpt telefonen om eg hadde fått valt på nytt? Ja, det er eg ikkje i tvil om. Eg reknar med at programvare-feila blir retta, og det bør skje kjapt.
For eigen del er det viktig å støtta Android - eg likar ikkje den lukka epleverda. Og då må ein finna seg i at det kostar litt i form av litt meir trøbbel og vanskelegare tilgjengeleg funksjonalitet. Det er vel ein gang slik at det skal kosta å seia nei takk til iPhone...
[biletet er henta frå VGs test av telefonen]
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Eg var nok i overkant snill med Samsung der, ja. Diskusjonen på forumet eg lenka til, viser med all tydelegheit den håplause situasjonen for kundane der operatøren skuldar på mobilprodusent og mobilprodusenten skuldar på tredjeparts programleverandør - og slik går det i ring og ingenting skjer!
Du beskriver problemene med Samsungs programvare veldig godt. Dette stemmer helt med mine egne erfaringer fra bruk av to ulike Samsungtelefoner. Jeg deler imidlertid ikke din tålmodighet med produkter som ikke løser ordinære og helt nødvendige oppgaver som oppkobling og synkronisering mot PC. Det ER viktig å støtte Android(og andre Oser som er basert på bredde, åpenhet og horisontal forretningsutvikling), men jeg har for min del for lengst levert tilbake mine Samsungtelefoner. Jeg kommer heller ikke til å kjøpe noen nye derfor med det første. Heldigvis finnes det gode alternativer til Samsung (f.eks SE og HTC) for oss som ikke vil ha noe med eplene å gjøre.
Synkronisering var det store irritasjonsmomentet med SE X10 og før eg fant og kjøpte eit tredjepartsprogram (Dejaoffice) som synkroniserer kalender og kontakter med våre epost-løysingar. Gmail? Fleire har streva med kontaktoverføring frå outlook på VF og det fungerer nok. Men det er ikkje enkelt. (Det krev mykje manuell jobb og du mistar innhald og eg fekk det aldri til slik eg ville ha det.)
Hadde vært gøy om dere hadde testet den igjen etter at Android 2.2 (FROYO) oppdateringen kom ut.
Endelig full Adobe Flash support m.m.
Jeg føler at jeg har fått helt ny telefon etter oppdateringen...
Bra samantreff at du spør om dette sidan eg akkurat no sit og strevar med å få synkroniserings-programvara (Kies) til å fungera. Men ikkje pokker!
Begynner å bli ganske lei drivar-tullet. Skulle gjerne ha oppdatert til Android 2.2, men sidan eg ikkje får mobilen til å snakka med Kies er det utelukka.
Er det noen som har problemet med at når du setter på tastelåsen, så skrur lyset på telefonen seg av og på hele tiden etterpå?? Skikkelig plagsomt :S
Legg inn en kommentar