Skatteetaten gir seg ikkje. Nytt brev i dag, denne gangen i ei anna sak om eit manglande kontonummer. Saka gjeld i korte trekk skifte av kontonummer i eit selskap eg er kasserar for. Endring av kontonummer skal meldast Skatteetaten (det var nytt for meg), og eg fekk brev frå etaten 29.04 om at nytt kontonummer måtte sendast dei.
Eg sende det nye kontonummeret pr. brev like etter, men det har tydelegvis ikkje Skatteetaten oppdaga. Det er ein stor etat må vita, og omorganisert seg har dei også for å bli meir effektive (til kva??), så det er ikkje rart dei ikkje klarer å halda oversikt over kommunikasjonen med brukarane.
I dag fekk eg altså nytt brev om manglande kontonummer, med mellom anna følgjande ordlyd:
... Vi manglar opplysningar om verksemda sitt bankkontonummer og ber difor om, for 3. gong at de sender inn denne informasjonen...For det første er det ikkje tredje gongen eg blir beden om å senda inn kontonummeret, men andre gongen. For det andre er nytt kontonummer alt sendt inn, tydelegvis utan at dei har registrert det. Det er vel ulike avdelingar som handterer dette..
Som i forrige sak saknar eg ei meir audmjuk haldning og ei opning for at også etaten kan ha gjort feil. Det er vanleg elles i næringslivet og samhandling med offentleg sektor at ein opnar for at meldingar/innbetalingar kan ha funne stad etter at første påminning er gitt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar