Blogg for Svein Ølnes. Etter kvart har bloggen handla mest om Bitcoin, kryptovaluta og blokkjedeteknologi. Det hender eg også skriv om andre interesser, som jazz og bilar. Det som blir publisert her står for mi eiga rekning.
torsdag 9. juni 2011
Den dumme tv-en
Me skriv 2011 og framleis er tv-en heilt ukjent med fenomenet Internett. Snart har 100 % fått flatskjerm i huset, og med det alle mulegheiter for ein skikkeleg skjerm for internett-surfing, men det er berre å gløyma.
Rask utvikling, treg utvikling
Det blir sagt at den tekniske utviklinga går fort, og på mange område gjer den det. På andre område står den derimot nesten stille. Det er ganske uforståeleg at ikkje flatskjermen for lengst har fått innebygd trådlaust nett, eller ethernet-kontakt for den del.
"Set-top 2.0"
For å få nett-tilgang på tv-en må du enten bruka den som skjerm mot ein pc, eller kjøpa eigen "set-top box". Det siste alternativet er ikkje så vanleg her til lands, men det er interessant å sjå på utviklinga i USA.
Apple TV
Både Apple og Google har kasta seg på internett-på-tv og tilbyr Apple TV og Google TV. Den første er i god Apple-ånd ein lukka boks der hard- og mjukvare er styrt av Apple. Take it or leave it! Den er tett integrert med iTunes og ikkje egna for nettsurfing.
Google TV
Google TV er på den andre sidan meir eit økosystem enn eit produkt. Det blir tilbydd både av Google, Logitech og Sony, alle i ulike variantar. Google har satsa på apps og i tillegg er nettsurfing sett i høgsetet. Løysingane er stort sett ein god del dyrare enn Apple TV, men så rommar dei også ein god del meir.
Internett på tv-en vil til slutt komma, men det kan enno ta ei god stund.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar