søndag 16. oktober 2011

Eplejus på 1-2-3

Med den svartaste fruktsesongen i manns minne er det i alle fall bra at ein del av epla kan nyttast til nydeleg eplejus. Med nyinnkjøpt kvern og presse har det vorte ein ekstra spennande haust. Eplepressa er vassdriven (hydropresse) der det berre er å kopla til vatn (vanleg springvatn eller vatn med same trykk). Det er så enkelt at det nesten er mistenkjeleg, men det fungerer heilt utmerka.

Epla blir først kverna til ein eplegraut (eller pærer, andre frukttypar) og denne blir så fylt i pressa.



Pressa er sett saman av ein gummiballong inst, og ein stålsylindar med mange små hol (som ein sil) utanpå, og i mellomrommet fyller ein eple (frukt-)grauten. Det er ein tekstilduk på innsida av sylindaren (viser ikkje på videoen), mest for å hindra tetting av silen og å hindra fruktkjøt i safta.

Når sylindaren er fylt opp (denne tek ca 40 liter, noko som tilsvarer to gammaldags trekassar med eple), er det berre å setja på loket, skru det godt fast, og så opna vasskrana. Ballongen blir då fylt med vatn og pressar eplegrauten mot sylindaren. Safta renn som vist på videoen, ut gjennom hola i sylindar-silen og blir samla i renna i botnen. Etter safta er pressa ut og vatnet stengt og sleppt ut att, er det berre å skru av loket og løfta opp stålsylindaren. Eplemasken (fruktkjøtet) heng fast i duken som ei kake og det er berre å løfta heile duken over i ein oppsamlingsbalje. Det som blir att av epla blir godt for til sauene.

Veging av eple før pressing viser at ca. 60 % av vekta blir omsett til jus. Det er litt mindre utnyttingsgrad enn hydrauliske presser, men eg meiner det blir langt oppvege med den enkle og lite arbeidskrevjande metoden.



Og til slutt er det berre å spyla rein både kvern og presse med vatn. Så enkelt at det er mest som ein leik. Og eplesafta er heilt nydeleg. Om du kjem på besøk skal du få smaka :)

1 kommentar:

Idun sa...

Vakkert! Nokon forelskar seg i den siste iPaden, iPoden eller iPhonen, og andre svermar for eplepresser basert på vasstrykk. Eg er ein fan av slike presser òg, etter å ha leigd ei av Jostein Ølmheim og andre fruktbønder. Men i år var det godt med ein pause frå herlegheita.