mandag 17. mars 2014

Come Shine i Operaen

Come Shine med gjester (Erlend Skomsvoll sat heilt til venstre
og kom dessverre ikkje med på biletet)
Gruppa Come Shine hadde lanseringskonsert i Operaen i går (søndag 16.03) og det vart ein konsert av dei heilt store. Ein nesten fullsett Opera fekk eit musikalsk minne for livet.

Come Shine er noko så sjeldan som ei jazzgruppe med kommersiell suksess. Fire tidlegare studentar ved jazzlinja i Trondheim slo seg saman og danna kvartett. Dei debuterte på VossaJazz i 1999 og kom med den første cd-en i 2001 ("Come Shine"). Dei ga ut ytterlegare to cd-ar før dei bestemde seg for å ta ein pause i 2004. Då hadde dei altså oppnådd ein slag kjendisstatus ut over det relativt smale jazz-samfunnet. Men det er klart, jazz & kommersiell suksess er ikkje heilt bra..

Oppskrifta til Come Shine er standardlåtar i ny innpakning. Dei tek kjende melodiar og gir dei "extreme makeover" i form av nye arrangement, men heile tida utan at melodien frå standardlåten forsvinn.

Etter å ha hatt ein "reunion"-konsert på Oslo Jazzfestival i 2011, har dei nyleg lansert plata "Red and Gold". Det er framleis standardlåtar, men utvalet er endå vidare enn tidlegare. Uttrykket er også endra sidan sist med eit litt meir rocka lydbilete. Tydelegast kjem det til uttrykk ved meir bruk av el-bass (men eg likar best kontrabassen til Sondre Meisfjord, den lyden er milevis frå det elektriske).

På konserten i Operaen hadde Come Shine invitert med seg gjester, og det var eit godt val. Gjestene Gjermund Larsen (fiolin), Eirik Tovsrud Knutsen (hammond B3), Knut Aalefjær (perkusjon), Knut Reiersrud (gitar, munnspel) og Jan Erik Vold ga ein ny dimensjon til musikken. Det gjekk opp i ei høgre eining.

Lydbiletet verka litt spakt i starten, nesten som konsertsalen vart for stor for dei. Men utover i konserten steig temperatur og intensitet og det tok heilt av på eit Jimi Hendrix-inspirert parti mot slutten. Trommeslagar Håkon Mjåset Johansen fekk også vist kunstene sine i ein imponerande solo. Her var det snakk om å spela slagverk, ikkje først og fremst å slå. Det er rein nytelse å sjå på gode trommeslagarar, det ser så enkelt ut og er så elegant.

Live Maria Roggen er det sjølvsagte midtpunktet med ei fenomenal stemme, ikkje minst rytmisk. Eg tykkjer det er lett å høyar at ho har høyrt på mykje variert musikk, ikkje berre jazz, og at ho klarer å bruka det på ein framifrå måte. På konserten i går vart ho fint utfylt av Jan Erik Vold, som las dikt på sitt særeigne vis oppå musikken. Det fungerte veldig bra.

Erlend Skomsvoll er hovudarkitekten bak dei nye arrangementa, sjølv om heile bandet bidreg meir enn tidlegare. Han har vist arrangør-kapasiteten sin ved mange høve, ikkje minst i det svært vellykka samarbeidet mellom Chick Corea og Trondheim Jazzorkester for nokre år tilbake.

Come Shine er ei gruppe som i tillegg til å vera på topp her i landet, også burde få ein internasjonal sjanse. Det er liten tvil om at dei har mykje av det som skal til, i form av kreativitet og musikalitet. Då er det i grunnen berre flaks & timing som gjenstår, pluss eventuelt ambisjonar.

To grupper såg ut til å glimra med sitt fråver: andre (jazz-)musikarar og pressa. Eg håpar eg tek feil..

Ingen kommentarer: