fredag 28. mars 2014

Pengar

"Penger" av Erling Røed Larsen
Interessa for Bitcoin har ført til ei nødvendig innføring i økonomi - "økonomi for dummies" om du vil. Litt av problemet med Bitcoin-diskusjonen er to leirar som ikkje kommuniserer spesielt godt:
  • økonomar som ikkje forstår seg på teknologi
  • teknologar som ikkje forstår seg på økonomi
Det er nødvendig med ei viss innsikt i begge fagfelta for å forstå fenomenet med ein digital valuta som Bitcoin (og andre liknande valutaer).

"Penger"
Boka "Penger" av Erling Røed Larsen er ei innføringsbok i økonomi. ERL er professor ved BI og underviser i mikroøkonomi og Managerial Economics. Boka har følgjande hovudinndeling:
  1. Pengenes natur og historie
  2. Penger og samfunn
  3. Penger og deg
Eg tek berre føre meg første del av boka sidan den er mest relevant for Bitcoin-diskusjonen.

Boka kort oppsummert
Boka kort oppsummert for dei som ikkje orkar å lesa lenger: Som ikkje-økonom som ønskjer ei innføring i ein del grunnleggjande økonomiske forhold tykkjer eg boka er god. Den er skriven i eit svært lett språk, eit Donald Duck-aktig språk som for enkelte vil bli for banalt. Eg tykkjer derimot det kler boka som innføringsbok, godt, og ERL er ein god historiefortelja og krydrar med mange språklege bilete. Men innimellom står ønskjet om å formidla gode historiar i vegen for ei meir ryddig framstilling. Eit eksempel er forklaringa av pengemengde (monetær base, M1, M2 osv.). Her startar ERL på ein forklaring, før han plutseleg slepper den og går inn i Andeby-verda med pussige historiar. Dermed mistar lesaren tråden og sit og lurer på kva er no M0, M1 og så vidare faktisk er.

På punktet om digitale valutaer, som Bitcoin, sviktar det også litt. Her har ikkje ERL sett seg grundig nok inn i sakene, og det blir svært overfladisk omtalt. Boka er frå 2012, og Bitcoin var då under radaren for dei fleste, det får vera ei forklaring.

Men i artikkelen "Er Bitcoin fremtidens penger", publisert i Aftenposten 16. januar i år, gir ERL ein litt grundigare omtale av Bitcoin utan at han viser særleg større forståing for fenomenet. Igjen er det for overfladisk og han tek ikkje opp dei viktigaste poenga med Bitcoin, etter mi meining: Ein revolusjonerande måte å betala over nett på, om enn framleis med mange spørsmål knytte til seg.

Kva er pengar?
I første kapittel spør Røed Larsen kva pengar er, før han gir ein rask oversikt over den historiske utviklinga av pengar.

Spørsmålet om kva pengar er, har vorte aktualisert med framveksten av virtuelle valutaer som Bitcoin og andre. Røed Larsen gir denne definisjonen på pengar:
Penger er perfekt likvide, ikke-rentebærende verdiobjekter
Overført på Bitcoin ser det ut som valutaen stettar krava i definisjonen. Bitcoin er perfekt likvide sidan det betyr at både mottakar og betalar aksepterer valutaen som betaling for ei vare eller teneste. Her kan ein innvenda at ikkje alle aksepterer Bitcoin, faktisk veldig få, så det er litt usikker om kravet likevel er oppfylt. Kravet om at dei ikkje skal vera renteberande er oppfylt. Her er Bitcoin akkurat som andre kontantar.

Det er også andre objekt som kan sjå ut til å stetta krava til definisjonen av pengar, t.d. gåvekort. Men gåvekort må ikkje aksepterast av alle. Dei har eit veldig avgrensa bruksområde. Amazon sitt Coin-system kan t.d. berre brukast som eit rabattsystem innafor Amazon.

Kvifor pengar?
Pengane si rolle er tredelt:
  1. som bytemiddel for handling av varer og tenester
  2. som middel for oppbevaring av verdiar
  3. som måleeining ("unit of account")
Viss me stiller spørsmålet om Bitcoin fyller desse rollene, må svaret bli eit tredelt

1. Ja
2. Tja
3. Nei

Bitcoin er definitivt eit bytemiddel for handel med varer og tenester. Det er her valutaen har sin største styrke. Som middel for oppbevaring av verdiar, er det meir tvilsamt om Bitcoin fyller krava. Dei relativt store svingingane i kurs gjer at det blir svært risikofylt å plassera verdiar i valutaen. På den andre sida er det nettopp det dei fleste Bitcoin-eigarar har gjort til no; kjøpt valutaen som ei investering. Bitcoin er difor eit middel for lagring av verdiar, om enn ganske risikofylt.

Dei store svingingane er også grunnen til at Bitcoin ikkje er egna som måleeining. Å oppgi prisar i Bitcoin vil vera farleg, då kan du like fort tapa store pengar som å vinna. Prisane må difor oppgjevast i kurante valuta og så føreta ei veksling til og frå Bitcoin.

Historisk utvikling av pengar
Det må bli ein lynrask gjennomgang av pengehistorien, det er også det ERL gjer. På enkelte punkt forenklar han kraftig, men det må også vera lov i ei innføringsbok som dette.

Pengar har eksistert i tusenvis av år og komme i ulike former.Det finst eit utal bøker om denne historia for dei som ønskjer ei grundigare innføring (eg er ein av dei..). ERL nemner A History of Money. From Ancient Time to the Present Day (1994) av Glyn Davies som eit hovudverk. Lenge var verdien av pengar, enten dei var steinar, skjel, tenner frå ein spermkval eller andre fysiske ting, knytte ein-til-ein verdifastsetjing til pengeeininga. Pengane hadde den verdien dei representerte, dei hadde intrinsic value som økonomiane ville ha kalla det i dag. Forløparen til dagens pengar er rekna oppstått, eller oppfunne, i Mesopotamia av den sumeriske kulturen. Dei fann opp den moderne skrivekunsten som grunnlag for bokføring, og med bokføringa kom også noko som likna på pengar; kvitteringar på "innskot".

Reell verdi
Myntar av edelt metall, som regel gull eller sølv, tok over for dei mange variantane nemnt over. Verdien av mynten den same som den på trykte verdien. Vekt var difor viktig for slike myntar, og av dette kjem t.d pundet sitt namn. Når pengane har ein reell verdi som pålydande, blir det i økonomispråket kalla intrinsic value. Dagens pengar har ingen reell verdi (no intrinsic value).

Innføring av gullstandard
Det vart i lengda upraktisk å la pengar ha same verdi som dei representerte. Med sedlar forlet ein idéen om ein-til-ein-representasjon av verdi. Ein seddel er i utgangspunktet berre verdt papiret den er trykt på. Med innføring av gullstandarden rundt århundreskiftet 1900 garanterte myndigheitene at du kunne få ut ei viss mengde gull viss du gjekk til banken og ba om det. Det gjorde at det var muleg å bruka sedlar, men også at pengemengda kunne aukast ut over gullreservane. Logikken var at ikkje alle ville komma og be om gull samtidig. 

Det er den same logikken i dag der den samla pengemengda (M0, M1, M2 osv, sjå lenger nede) langt overstig den fysiske pengemengda. Men me har sett kva problemet kan bli i land der bankane held på å gå under; folk strøymer til og vil ta ut pengane sine på same tid. Det går ikkje, og myndigheitene må på eit eller anna vis ordna opp, elles går bankane over ende og folk taper oppsparte midlar.

Gullstandarden var glitrande så lenge økonomien vaks og alt peika oppover. Men etter krakket i 1929, vart gullstandarden ein møllestein om halsen fordi det ikkje var muleg å auka pengemengda så mykje som det eigentleg var behov for. Det er skrive mange bøker om dette, og ERL nemner Golden Fetters. The Gold Standard and The Great Depression 1919-1939 av Barry Eichengreen som kanskje den dominerande ("Fetter" = lenke).

John Maynard Keynes
Etterspørselen fall i land etter land og prisane sank. Me fekk deflasjon, og det er det verste som kan skje, i alle fall i følgje økonomane. Økonomane på den tida meinte at løysinga måtte vera at lønningane måtte ned, og at "in the long run" ville økonomien ordna seg meir eller mindre på eiga hand. Den store britiske økonomen John Maynard Keynes svarte til dette at "in the long run we're all dead". 

Keynes peikte på kor viktig det var at staten stod fram som "den første kjøparen", den som fekk sirkulasjonen i gang att. Til det trengdest det pengar, masse pengar. Keynes viste det håplause i dåtidas situasjon ved å føreslå at staten kunne grava ned pengar rundt omkring, så kunne driftige folk grava dei opp att (!). Poenget hans var sjølvsagt at staten måtte trykkja pengar og "sleppa dei laus" til folk. Men i staden for å grava dei ned, kunne dei jo setja i gang store utbyggingstiltak som vegar, jernbane m.m.

For å gjennomføra dette, måtte myndigheitene bryta lenkene til gull. Dei måtte forkasta gullstandarden. Keynes lanserte den uhyrlege tanken om "fiat"-pengar; pengar som berre var garanterte av staten og ikkje noko anna. Pengar som i realiteten var verdilausen, men baserte på ein tillit til staten som sa at dei hadde verdi. 

Bretton Woods, 1944
Keynes' idé om fiat-pengar vart for tung å svelgja. I staden vart lenkene til gull løyste litt opp på ein slik måte at det berre var dollaren som vart knytt til gull. Keynes var den dominerande fagmannen i forsamlinga på Mount Washington Hotel i Bretton Woods i juli 1944. Han la grunnlaget for den nye verdsøkonomien der berre dollaren vart knytt til gull, og der institutsjonane IMF (Det internasjonale pengefondet) og Verdsbanken vart oppretta for å sikra at ikkje kriser som i 1929 skulle få like katastrofale omfang.

Fiat-pengar: Gullstandarden blir avvikla i 1971
Sidan alle landa hadde knytta seg til gullstandarden, var vekslingskursane låste. Det blir om lag som euroen og låsinga av land med høgst ulike økonomisk utvikling. Då USA trykte pengar "i vilden sky" for å finansiera Vietnamkrigen frå midten av 1960-talet og utover, begynte valutasystemet for alvor å knirka i samanføyingane. Det vart meir og meir klart at dette systemet ikkje var levedyktig, og søndag 15. august i 1971 heldt Nixon ein tale der han oppheva gullstandarden. Det var ikkje lenger muleg å krevja gull for dollar, og Keynes' idé om reine fiat-pengar var frå det tidspunktet ein realitet.

Pengar har vorte ein sosial konvensjon, utelukkande basert på tillit.

Seigniorage
Det har ikkje alltid vore slik at myndigheitene har hatt monopol på å laga pengar. I USA (sjølvsagt!) var det i perioden 1816 - 1863 fritt fram for bankar å laga sine eigne pengar! Denne perioden er kalla "wildcat banking". Namnet kjem frå eit gaupe-motiv (wildcat) som ein bank i Michigan brukte på sine pengar. Det var ikkje fullt så vilt som det høyrest ut, og som ERL skriv. Bankane var framleis regulerte, men berre på statleg nivå, ikkje på føderalt nivå. Det vart likevel i lengda for brysamt å forholda seg til så mange ulike pengetypar og frå 1863 fekk vart eineretten til å laga pengar overført til føderalt nivå gjennom National Bank Act.

Myndigheitene sitt monopol til å laga pengar, heiter seigniorage.

Pengemultiplikatoren
Pengane i eit land er meir enn dei myntane og sedlane som sirkulerer blant folk. Den delen er faktisk den minste. Den blir kalla M0. Pengemengda er samansett av desse elementa:

  • M0 = Monetær base: Alle myntar og sedlar pluss private bankar sine innskot i sentralbanken
  • M1 = M0 pluss private personar sine innskot i bankane
  • M2 = M1 + bankane sine utlån basert på innskota
  • ....
Det er dette som blir kalla pengemultiplikatoren; pengar ser på finurleg vis ut til å reprodusera seg sjølve og den samla pengemengda blir mykje større enn den "faktiske".

Gull viktig likevel
Sjølv om gull er ute av dagens valutasystem, spelar det likevel ein viktig rolle som middel for oppbevaring av verdiar, særleg i økonomisk turbulente tider. Etter at finanskrisa var eit faktum hausten 2008, begynte prisen på gull å auka kraftig og nådde for eit par år sidan $ 1900 pr. unse (1 ounce = 31 g). Det var ei sjudobling av prisen på 10 år. Det er ikkje så rart. Når pengar ikkje har reell verdi, og folk begynner å tvila på om myndigheitene klarer å ordna opp i det økonomiske rotet, ser mange seg om etter varige verdiar å bytta til seg.

Gull har ei rekkje eigenskapar som gjer det attraktivt som medium for lagring av verdiar: Det blir ikkje forringa (korrosjon o.l.), det er lite av det på verdsbasis og det er vanskeleg å forfalska. Ikkje så rart at Bitcoin ofte blir omtalt som digitalt gull..

Om Bitcoin og digitale valutaer
Eg hoppar over omtale av del II og III. Ikkje fordi det ikkje er interessant, men fordi det i Bitcoin-samanheng ikkje er like viktig.

ERL kjem inn på Bitcoin og digitale valutaer på slutten av boka. Boka er frå 2012 så det er rimeleg at han har fått med seg det nye. Mendette punktet sviktar den elles så glitrande økonomen. Omtalen av Bitcoin er veldig overfladisk og han har ikkje sett seg skikkeleg inn i kva det er. Han samanliknar det med gåvekort og flybonusar og uttalar seg rett og slett om noko han eigentleg ikkje har greie på. Det er synd, for det ville vore interessant å få ei vurdering av digitale valutaer som Bitcoin frå ein fagmann, gitt at han har sett seg skikkeleg inn i verkemåten.

Han kan ha gode grunnar for å vera skeptisk til Bitcoin, for all del!, men då må argumentasjonen opp på eit anna nivå. 

Bortsett frå det, har eg all grunn til å tilrå boka.

11 kommentarer:

Lars Marius Garshol sa...

Det er enda flere grunner til å se på Bitcoin som digitalt gull: Bitcoin har mange av de samme problemene som gullstandarden, og Bitcoin har faktisk deflasjon innebygget. Jeg skriver en del om dette her: http://www.slideshare.net/larsga/bitcoin-digital-gold

Svein Ø sa...

Bitcoin har som du er inne på, mange fellestrekk med gull. Men i motsetning til gull er bitcoin lett å flytta mellom folk.

Deflasjonen er kanskje eit problem, men eg er ikkje heilt sikker. Viss du held ein fast balanse med Bitcoin, dvs. kjøper like mykje Bitcoin som du brukar, vil det ikkje ha noko å seia i praksis.

Men om folk flest brukar ein valuta på den måten, er meir usikkert. Så langt har Bitcoin først og fremst vore investeringar. Først i den seinare tida har talet på transaksjonar gått markert opp.

Det siste heng sjølvsagt saman med kor mange som aksepterer Bitcoin som betalingsmiddel. Den første store netthandeleng som tek i bruk Bitcoin, vil gjera den til ein "killer application". Om ikkje myndigheitene har teke livet av den innan den tid..

Lars Marius Garshol sa...

Problemet med deflasjon er at det oppmuntrer til å bruke valutaen som investeringsobjekt, og dermed hemmer faktisk bruk. Dette ser man jo helt konkret i praksis: de fleste Bitcoin har aldri blitt brukt, og veldig mye av interessen rundt valutaen drives jo nettopp av verdiøkningen.

Ja, enig i at det er betalingsløsningen som er interessant. Men en betalingsmekanisme kan man jo lage uten å innføre en ny valuta. Dermed kan Bitcoin risikere å bli utkonkurrert av en enkel betalingsløsning.

Det blir spennende å se hvordan dette går.

H sa...

Bra innlegg.

Har besøkt bloggen din av og til etter «Bitcoins i Bergen» (jeg er han som snakket om teknologien som stemmegivning og kontraktskriving med deg etterpå)
Det er flott å se innlegg som sprer kunnskap og fakta om Bitcoin, det er det ikke så mye av her til lands.

Når det gjelder penger så anbefaler jeg alle til å se videoene til Mike Maloney: Hidden Secrets Of Money. Det er 5 episoder på ca 30min hver. Alle er tilgjengelig på YouTube.
Om det er en episode en bør få med seg så er det denne: http://www.youtube.com/watch?v=iFDe5kUUyT0

Svein Ø sa...

Takk for tips, skal sjekka ut YouTube-videoane.

mrl sa...

Svein, hvilken definisjon av unit of account legger du til grunn når du gir et klart nei til Bitcoins oppfyllelse av denne pengefunksjonen?

Så vidt jeg kan se er det kun Bitcoins (valutaens) volatilitet du fremhever?

Hvis jeg har skjønt de økonomifaglige definisjonene, så hører stabilitet/volatilitet til under vurderingen som store of value, ikke unit of account, jf. Wikipedia.

Følger man Wikipedias definisjoner, så vil jeg påstå at Bitcoins har tilnærmet perfekt funksjon som måleenhet (divisibility, fungibility, verifiably countable).

Det er (foreløpig) selvsagt ikke lurt å i praksis bruke Bitcoin som enhet, men det har sammenheng med dens mangler i store of value-kategorien, og ikke fordi Bitcoins har en iboende svakhet som enhet.

Svein Ø sa...

Eg kjenner ikkje den økonomiske definisjonane av 'unit of account'. Men meininga med UoA er likevel enkel nok: det er ein målestokk for verdien av varer og tenester. Ein målestokk må så stabil som muleg, om den skal ha nokon verdi.

Ein meter som endra vesentleg med varierande temperatur, ville for eksempel vera ein dårleg måletstokk. Av den grunn meiner eg Bitcoin egnar seg dårleg som målestokk, dvs. unit of account. Det ville for eksempel vera veldig risikabelt å oppgi prisar i Bitcoin. Og viss du ikkje kan oppgi prisane i ein bestemt valuta, kan ikkje valutaen vera ein god unit of account.

mrl sa...

Ein målestokk må så stabil som muleg, om den skal ha nokon verdi.
Det er klart, men jeg er ikke enig i at det er Bitcoin-målestokken som endrer seg, slik du impliserer.

Ser du nøye på Wikipedia-definisjonen, så sier den "a 'measure' or 'standard' of relative worth" (min utheving).

Gitt to varer, hvor den ene er verd 1 BTC og den andre er verd 2 BTC, så vet man at forholdet mellom dem er 1:2 - uavhengig av hvor mange kroner man får for én Bitcoin.

En konto-balanse gir sånn sett et øyeblikksbilde av verdier (angitt i kontoens enhet, f.eks. NOK eller BTC), på samme måte som et målebånd kan gi et øyeblikksbilde av min sønns høyde (angitt som en lengdeenhet, f.eks. meter).

Hvis min sønn senere skulle vokse og bli høyere, så er ikke den målte størrelsen riktig lenger, men det er ikke meteren sin feil. Det er ikke definisjonen av meteren (1/299792458 av et lyssekund) som har endret seg; det er verden som har endret seg.

Hvis verdsettelsen av én BTC skulle endre seg, så er ikke priser oppgitt i Bitcoin riktig lenger, men det er ikke Bitcoin sin feil. Det er ikke definisjonen av en BTC (100 mill. satoshis i bitcoin-blockchainen) som har endret seg; det er verden som har endret seg.

Som du forhåpentligvis ser er det verdsettelsen av Bitcoin som endrer seg over tid, ikke definisjonen. Med andre ord vil jeg fremdeles hevde at Bitcoins volatilitet gir den en svakhet som store of value, ikke unit of account.

Effekten for sluttbrukere er vi selvsagt enige om: Man kan ikke oppgi priser i BTC så lenge den har dagens volatilitet. Og man velger ikke BTC som kontoenhet i regnskapet sitt.

Men det er ikke fordi enheten BTC endrer seg med temperaturen, eller lignende sære greier. ;)

Svein Ø sa...

Tja, muleg du har rett, men det blir ein litt abstrakt diskusjon. I praksis vil eg framleis hevda Bitcoin er ein dårleg "unit of account".

Eg fann dette i den relevante artikkelen "Money as a Unit of Account" av Matthias Doepke og Martin Schneider (2013): "In our theory, there are additional factors (other than the presence of government debt) that determine the optimal unit of account. For example, it is useful for a unit of account to be stable in value relative to other goods traded in the economy. this feature explains why if the value of fiat money is too volatile (i.e., volatile inflation), local currency may fail to be used as a unit of account even if nominal government debt is present."

H sa...

Jeg er enig i at noe med mye volatilitet ikke egner seg som UoA...men det er ikke det jeg egentlig ville si.
Persepsjon er viktig.
Folk flest snakker om hvor mye BTC er verdt, når den er $500 i går og stiger til $1000 i dag så sier de fleste den har økt i verdi. Har det virkelig gjort det? Eller er det egentlig dollaren som er verdt mindre?

Svein Ø sa...

Akkurat det eksempelet meiner eg er lett å forklara: Det er Bitcoin (og her meiner eg trua på heile systemet, kva det kan brukast til i framtida) som har stige i verdi og ikkje dollaren som har sunke. I det siste tilfellet måtte dollaren også ha gått ned samanlikna med andre valutaer, og det går eg ut frå den ikkje har.