|
Solnedgang i Kilimanjaro-området |
Eg hadde gleda av å bli med på eit 10 dagars opphald i Kilimanjaro-regionen nyleg. Det var ikkje for å gå på Kilimanjaro, eller på safari, men for å besøka ein skule eg har vore med og bidrege litt til dei seinare åra. Skulen heiter Bethel Primary School og er driven av det særs driftige paret Godbless og Neema Mamkwe. I samband med opphaldet fekk eg også etablert eit lite Bitcoin-seminar for ei mindre gruppe interesserte lærarar og tilsette.
|
Det norske reisefølgjet pluss vertskapet. Godbless og Neema framme til høgre. |
Hovudføremålet med reisa var å sjå kva Godbless og Neema, og alle som arbeider for og saman med dei, har bygd opp, og høyra kva planar dei har vidare for skulen og drifta elles. Godbless og Neema starta med å ta i mot foreldrelause barn for snart 20 år sidan. Etter kvart etablerte dei skulen Bethel Primary School der dei no har 5-600 elevar. Skulen er mellom dei beste i landet resultatmessig, og mange foreldre ønskjer å senda barna sine dit. Men dei har halde på den sosial profilen og tek stadig i mot barn også frå fattige familiar. Dei praktiserer "få etter behov, betal etter evne" slik at dei fattige betaler lite eller ingen ting, og dei rikaste betaler mest i skulepengar.
|
Inngangsporten til Bethel Primary School |
|
Innsida av porten er sjølvsagt utnytta til gangetabell :) |
Dei har eit internat der det bur rundt 200 barn. Nokre bur der fordi dei er foreldrelause eller har andre problem, andre bur der fordi dei har lang veg heim. Internatet er på same området som gjestehuset der me budde, og huset der Godbless og Neema bur. Det er sjølve hjartet i bedrifta. Skulen ligg 15-20 minuttar frå internatet.
I tillegg har dei også ein gard der dei dyrkar maten som blir brukt både på internatet og på skulen. Målet er å bli mest muleg sjølvforsynte. Dei har store planar for garden, og viktigast av alt er å skaffa vatn. Dei starta med å grava ein brønn for hand, og har greve seg 100 meter ned i bakken (!!). HMS i Tanzania er ikkje som i Norge, det er sikkert og visst.
|
Fjøset med mjølkekyr (20-30 stk.) som blir mjølka for hand. Men kyrne går laust inne (lausdrift). |
|
Litt av grønsakdyrkinga på garden. |
Men Godbless har innsett at han må leiga hjelp til boring etter vatn. Han har fått gjennomført geologisk kartlegging og har funne store vassreservoar like ved der dei grov brønnen. Planen er å hyra eit kinesisk selskap til å bora, og dei reknar med å finna vatn tilsvarande 35.000 liter i timen. Det er mykje meir enn dei treng på garden, så Godbless, som den entreprenøren han er, planlegg å selja vatn til andre.
Bitcoin-misjonær
Sjølv om eg reiste for å læra, hadde eg også eit lite håp om å få diskutera pengar generelt, og kanskje bitcoin spesielt. Men også på det området for å læra om situasjonen i Tanzania, både for ordinære pengar (tanzanianske shilling, TZS) og situasjonen for bitcoin og kryptovaluta generelt.
Det viste seg at lærarar og andre unge tilsette på internatet var svært interesserte i å læra om bitcoin. Eg samla difor dei ivrigaste til kveldsundervisning, og me hadde 5-6 økter i løpet av opphaldet. I tillegg til å gå gjennom det overordna og elementære med bitcoin, brukte eg mest tid på å få dei til å forstå risikoen med investering i bitcoin, og risikoen for å bli lurt. Eg ba dei også om å formidla det siste til venner og kjende. Det er mykje svindel på dette området, og endå meir i Afrika enn andre stader. Den store svindelen One Coin var spesielt stor i afrikanske land, og held faktisk på enno.
|
Nokre av dei ivrige deltakarane på bitcoin-kurset |
På eit seminar for lærarane og andre inviterte kom eg i snakk med ein banksjef som hadde investert i bitcoin (!). Det var gjort "underground", for banken og bankvesenet generelt var ikkje spesielt glade i bitcoin og kryptovaluta. Eg vart nysgjerrig og lurte på kva vekslingsteneste vedkommande hadde brukt, og hen viste meg appen Inkriptus, som eg aldri har høyrt om. Eg såg litt på appen og fekk litt dårleg følelse, utan at eg kunne peika på direkte feil eller svindel. Etter at eg kom heim, lasta eg ned appen og laga ein konto. Det viser seg at tenesta i alle fall ikkje handlar bitcoin, så kva banksjefen hadde kjøpt, veit eg ikkje. Eg rådde i alle fall vedkommande til å prøva å ta ut alt inneståande og heller kjøpa bitcoin på ei kjent vekslingsteneste, som Binance eller Kraken, som begge er tilgjengelege i Tanzania.
Opphaldet i Tanzania var eit eventyr, og overgjekk langt det eg på førehand hadde sett for meg. Det gir håp å sjå at lokale initiativ som det Godbless og Neema starta og driv, kan ha store positive ringverknader i eit land som elles er ganske dysfunksjonelt styringsmessig, med enorm korrupsjon og store utfordringar på basis infrastruktur som veg, vatn og elektrisitet.
2 kommentarer:
Spennende, og nyttig for dem å få kompetent, ikkekorrupt informasjon om kryptovaluta!
👍
Legg inn en kommentar