torsdag 29. januar 2009

Internet Governance (1. dag)

"Internet Governance at the Crossroads" er tittelen på seminaret som blir halde i dag (29. jan.) og i morgon på Litteraturhuset. Eg prøver å samanfatta det viktigaste frå seminaret her.

Lee Bygrave, UiO, opna seminaret og fortalde litt om bakgrunnen for konferansen. Konferansen er eit resultat av eit arbeid finansiert av Uninett NORID og fell saman med lanseringa av boka "Internet Governanse - Infrastructure and Institutions" av Bygrave sjølv og Jon Bing. Boka er ei samanfatting av arbeidet i prosjektet og er tenkt som ei innføringsbok i Internett-styring, mest retta mot studentar.

I boka blir det gitt to definisjonar på Internet Governance:

Eva Hildrum, dep.råd i Samferdsledep.:
Viktig å halda nettet ope og eit verkemiddel er å skilja styring og kontroll av nettverket (infrastruktur) og innhald. Viktig å halda på dynamikken i nettet og ivareta den opprinnelege filosofien om minst muleg regulering og styring, men det må også balanserast mot andre krav.

Nettverks-nøytralitet: Støttar EU-kommisjonen sitt syn, men har kommentert at det kan vera meir substansielt.

Ho gratulerte elles Post- og Teletilsynet med 3. plassen i "EM for Telekom-tilsyn"!

Keynote: Internet Governance at a New or Old Crossroads?
Alejandro Pisanty, National University of Mexico, tidl. medlem av ICANN Board of Directors

Kvifor "Crossroads"? Kanskje heller "Roundabout". Spørsmålet har dukka opp med jamne mellomrom dei siste 10-15 åra. Saknar engasjement frå akademika, burde vore mykje meir forsking på dette området. Forskarane har sove her!

Tradisjonelt ei heuristisk tilnærming til Internett-utviklinga: Problemløysing, særleg tydeleg i IETF sitt arbeid. Men Internet Governance er noko meir enn problemløysing. Offentlege myndigheiter (Government) har ei spesiell rolle i IG fordi dei har makt og mynde til å iverksetja og utføra tiltak andre ikkje har. Men myndigheitene må også overlata delar av nett-utviklinga til andre (".. to mess up").

Anti-phishing Working Group eit eksempel på god, heuristisk tilnærming til eit spesifikt Internett-problem. Samarbeid mellom mange aktørar, private og offentlege, og det har vist seg å fungera godt. Serverar identifiserte som avsendarar av phishing, blir stengde i løpet av eit par timar.

Manglar eit teoretisk fundament for IG, hittil basert på empiri. Principal/Agent Theory er ein teori som kan tenkjast brukt som fundament for IG.

Stor usikkerheit om kva Internett-politikk den nye demokratiske leiinga i USA legg opp til. Vil dei støtta seg på den gamle demokrat-linja, eller vil dei leggja opp til ein endra politikk? Den nye administrasjonen kan få stor betydning for styringa av Internet.

Kva skjer med ICANN (sp.m frå salen): Prosessen med oppretting av nye toppnivå-domene (TLD) vil visa om og korleis ICANN kan handtera denne type vanskelege saker.

Det heng framleis att i tenkinga at denne type problemstillingar er interne USA-saker, medan det faktisk er globale problemstillingar.

Er det heller ein politisk modell enn teoretisk modell som manglar for IG?

Internet governance and electronic communications regulation
Ian Walden, prof. ved Queen Mary Univ. of London

Konvergens skal forenkla ting, men reguleringsmessig blir det meir komplisert.

Internasjonal regulering av telekommunikasjon: ITU og WTO
Europeisk lovgiving (EU): 5 direktiv, 2 reguleringar ++

Skilje mellom tenester:
Transport-tenester (Carriage services)
Innhald (Content services)
Skiljet mellom nettverk (transport) og innhald blir stadig meir utviska og gjer det vanskelegare å oppretthalda eit skilje også reguleringsmessig.

"Nettverk av nettverk " er ikkje likeverdige. Det er t.d. svært få tilbydarar av backbone-nett (5 stk.), noko som krev streng regulering for å unngå monopoldanning (eksempel: MCI-oppkjøp).

Nettverksnøytralitet: Ikkje-diskriminering (tilbydarnivå) og gjennomsiktig (sluttbrukarnivå).
[Sidekommentar til breibandutbygging: BBCs iPlayer (video-on-demand, opptak av alle BBC-program dei siste 7 dagane) har vorte utruleg populær]

Internett-tilbydarar sit på viktig informasjon om abonnentane og bruken av denne skapar utfordringar. Eit eksempel på eit vellykka initiativ er Cybercrime Convention (2001), men den hadde ikkje vorte vellykka om ikkje det var lett å få ut informasjon frå ISP-ar. Trafikkmønsteret til kundane er også viktig informasjon som mange vil vera interesserte i.

Internet Watch Foundation: Eit vellykka initiativ som utfører kontroll på to måtar; stenging av nettstader og filtrering. Men filtreringa skaper sjølvsagt nye utfordringar (ref. Wikipedia og "Virgin Killers"). Og sjølvsagt: Kvifor stoppa med barneporno, det er mange andre gode saker å kasta seg over..

Spørsmål:
Tradisjonelt har Internett vore styrt etter "styring utan styring" (sjølvregulering), ein heilt annan modell enn den myndigheitene står for. Kva er utviklinga no?

Trur sjølvregulering er på veg ut, den politiske trenden er at myndigheitene ønskjer sterkare inngrep og regulering (gjeld for UK). Mindre sjølvregulering og meir co-regulering.

Er telekom-lovgiving og regulering (ITU m.m.) ein del av IG?
Ja, absolutt, men det har vore altfor lite fokus på det. Telekomselskapa seier at dei regulerer "berre transporten", men den er ikkje muleg å skilja frå innhaldet. Og Telekomselskapa arbeider seg stadig høgre i teneste-kjeda.

Private-public partnership in the Internet world
Ørnulf Storm, Post- og teletilsynet og Hilde Tunem, Uninett/NORID

Regulering og administrasjon av .no-domenet (Frameworks of a TLD).

1. Framework function (lagar rammeverket)
2. Operative function (utførande del)
3. Supervisory function (kontrollerande og rådgivande funksjon)

Desse funksjonane blir ivaretekne av ulike aktørar (departement, Storting, tilsyn, NORID).

Uninett Norid AS, dotterselskap av Uninett AS som er eigd av Kunnskapsdep.
- sekretariat for det norske Internett-samfunnet
- juridisk ansvarleg for domenenamn-politikken for .no
- administrering av .no-domenet (inkl. sekretariat for klagehandtering)

Paneldebatt: Liberalization of the domain name space
Introduksjon til ny gTLD-prosess (Chuck Gomes, Verisign - og medl. av ICANN) [gTLD = generic Top Level Domain]:

1998: US Dep. of Commerce White Paper uttrykte misnøye med adm. av Internett-namn og -adresser, forslag om ny organisering av dette arbeidet. Forslag om å privatisera dette arbeidet (privatisering på amerikansk, dvs. flytta det ut av dep.adm.). Flytta mykje av arbeidet ut til registrar-nivå, ikkje på registry-nivå.

ICANN oppretta i 1998.
- skilje av register- og registrarfunksjonar
- oppretting av Domain Name Supporting Organization (DNSO), no Generic Names Supp. Org (GNSO)

I 2000 - 2002 vart 7 nye toppnivå-domene oppretta (.aero .biz .coop .info .museum .name .pro)
2003: Nye gTLD (.asia .cat .jobs .mobi .post .tel .travel)
2005-2007: Utforming av ny policy (Policy Development Process) av GNSO
2008: ICANN godkjende GNSO-tilrådinga (hovudprinsipp gjennomsiktig, objektive og rettferdige).

Inntrykk frå første dag: Interessant tema, men mykje ord! Litt vanskeleg å trengja gjennom og få klart fram kva som er tilstanden når det gjeld styring av Internett. Kven styrer kva, og kva politiske motsetningar er dei viktigaste? Ein del av dette vart kanskje svart på i den siste plenumsdebatten om globalisering av IG, men den fekk eg dessverre ikkje med meg.

tirsdag 27. januar 2009

You're KIDding!

Bro og Tunnelselskapet AS kjem høgt i klassen mest idiotiske KID-nr:
320048010171800000008546

24 siffer! Då burde dei vel klara å identifisera innbetalinga. Dei tek truleg høgde for verdas innbyggjarar som kundar, og endå har dei mykje å gå på.

Men dette skuldast tankeløyse og slappheit. Det går fint an å klara seg med eit KID-nr på 5-7 siffer, og enkelte er flinke til å ta omsyn til det. Dette er eit eksempel på manglande brukarorientering.

Eg må ta med eit innlegg frå debattforumet til NRK - Forbrukarinspektørane, det tek på alle måtar kaka (det er eit svar på innlegget som kjem først i sitatet):

Opprinnelig skrevet av Ung Herre:
>Bare gjør som jeg gjør. Tar en penn, markerer og tar 2 og 2
>nummer om gangen.
>En enkel løsning på et særdeles lite problem.

Jeg har en enda bedre løsning;
Jeg tar 25 ark som jeg nummererer med sidetall. Deretter farger jeg dem i forskjellige farger. Så tar jeg et nytt ark hvor jeg skriver tallene fra 1 til 25 (ett pr. linje) og hvilke farger disse samsvarer med.

Deretter tar jeg blanketten med kid-nummeret, og klipper forsiktig vekk ett og ett nummer, fra venstre mot høyre, etterhvert som jeg limer nummeret (ett-og-ett) på de fargede arkende (husk å starte med ark 1, osv.)
Når dette er gjort ferdig, så har jeg et idiotsikkert system:
Jeg tar ark1, skriver inn det første kid-nummeret på tastaturet, dobbeltsjekker at arkets farge er riktig, mot oversikten på det siste arket, og gjentar så prosedyren 25 ganger.
Tilslutt sjekker jeg en siste gang mot oversiktsarket.
Det går så greit så, og helt idiotsikkert, som sagt.

Noen som har lurt på hvorfor en bruker datamaskiner? Og tenkt enda lengre; hvordan en datamaskin kan løse enkle oppgaver?

Løsningen min er i.h.t. standard fra Norske Skog.

no-kid-ing.

Tiltredes!

torsdag 22. januar 2009

Change has come - to WhiteHouse.gov!

Obamas lovnad om change er tydeleg alt frå første dag. Samtidig med at han avla eiden på Capitol Hill, vart dei gamle sidene til Det kvite huset bytta ut med nye, Change-sider henta frå Obama-kampanjen. Det er m.a. O'Reilly Radar som melder dette.

NRKbeta refererer Jason Kottke som har sett litt på baksida av dei nye sidene, og det er Change også der. Dei gamle White House-sidene hadde ei robot.txt-fil med drøssevis av stengde (eller i alle fall forsøksvis stengde) sider - i alt 2400 linjer av typen:

User-agent: *
Disallow: /cgi-bin
Disallow: /search
Disallow: /query.html
Disallow: /omb/search
Disallow: /omb/query.html
Disallow: /expectmore/search
Disallow: /expectmore/query.html
Disallow: /results/search
Disallow: /results/query.html

Dei nye sidene har følgjande robot.txt-fil:

User-agent: *
Disallow: /includes/

Tilfeldig? Neppe!

Robot.txt er den fila som fortel søkerobotane kva dei har lov til å indeksera og kva dei skal halda seg unna.

Oppdatering:

Eit viktig tillegg som Mats Taraldsvik har kommentert på NRKbeta er at lisensformuleringane og -regimet også er endra på WhiteHouse.gov. Dei er overførte frå Change.gov som etter oppfordring frå Larry Lessig endra lisensieringa frå den tradisjonelle "All rights reserved" til Creative Common-lisensen CC-BY, den mest liberale CC-lisensen. Som Larry Lessig påpeikte til Obama-kampanjen:

Instead of the question being “why should we license this content under a free license?” it should be “why should we NOT license this content under a free license?“. Of course, this change in approach is a mindset change. It requires participants to adjust their expectations of the norm to be a Free Culture society as opposed to a restricted society.

onsdag 14. januar 2009

Web-standardar

I forrige innlegg nemnde eg både Microsofts IE og Firefox, men den som har vore best på web-standardar er vår eigen Opera. Tidsskriftet .net (ikkje knytt til Microsoft-teknologien med same namn) har i desemberutgåva for 2008 eit intervju med Chris Mills i Opera.

Saman med andre har han utvikla Opera Web Standards Curriculum (Opera WSC), eit 40-tals artiklar som gir nybegynnarar ein solid start. Det er Creative Commons-lisensiert og fritt å distribuera. Dei prøver særleg å få undervisningsinstitusjonar til å ta det i bruk fordi det er viktig å læra seg å bruka standardar frå starten av.

Chris Mills samarbeider også med The Web Standards Project (WaSP) og dei to prosjekta ser ut til å utfylla kvarandre godt. Han ser for seg to viktige grupper dei må prøva å nå i tillegg til studentar: web-utviklarar som brukar utdatert og/eller proprietær teknologi og hobby-utviklarar.

tirsdag 13. januar 2009

Designing with Web Standards

Då Jeffrey Zeldman starta Web Standards-initiativet (Web Standards Project - WaSP) i 1998, var det på ingen måte opplagt å halda seg til web-standardar. Initiativet vart starta som ein grasrot-bevegelse for å misjonera bruken av standardar i web-design. 10 år seinare har veldig mykje endra seg, og for seriøse utviklarar og designerar er bruken av standardar i web-utvikling opplagt. Likevel ser me mykje slurv og kode som bryt med standardar og beste praksis.

Zeldman har vore, og er, ein av dei fremste advokatane for å følgja web-standardar i utvikling av nettsider. Han starta også tidsskriftet/nettstaden A List Apart fordi han meinte det var mykje som mangla i den tidas web design-ressursar. ALA er framleis ein av dei viktigaste ressursane for web-design i utvida forstand. For nokre år sidan starta Zeldman også konferanseserien An Event Apart.

Jeffrey Zeldman har også skrive boka Designing With Web Standards som kom i første utgåve i 2003 og andre utgåve i 2007. Det er ei obligatorisk bok for alle som driv web-utvikling. Zeldman er pådrivar for rett bruk av xhtml og css og var tidleg ute med å gå bort frå bruk av tabellar til layout og heller bruka css. Boka er spekka med praktiske eksempel.

Arbeidet med The Web Standards Project starta som sagt i 1998. Det var på 4.0-stadiet av Netscape og Explorer og det mest inkompatible nettlesar-tidspunktet i historien så langt. Det var med andre ord eit veldig viktig tiltak i akkurat rett tid.

Framleis er det skilnad på nettlesarane og IE har vore den som notorisk har brote standardar og tilrådingar og gjort ting på eigen måte. Også Microsoft har innsett at dette har vore feil strategi, dei ser no at dei må slita med tidlegare feil i lange tider. Framleis er IE 6.0 like mykje i bruk som FireFox, og Microsoft må halda fram med å ri to hestar, standard-hesten og laushesten, i mange år før dei kjem i rute.

Av dei mange interessante fenomena Zeldman tek opp i boka, er det han kallar classitis og divitis; altså hyperaktiv og feilaktig bruk av class- og div-elementa. I korte trekk går tilrådingane ut på at me ikkje må oppretta ein klasse for eit kvart element som krev ein spesiell behandling. Då blir bruken av class "the Measles of Markup" for å sitera Zeldman.

mandag 12. januar 2009

Kart-bom

Kommunane i Sogn og Fjordane har til liks med andre kommunar i landet investert store summar i kartløysingar. Mykje av det er bortkasta. For fylket sin del er kartløysingane samla i kartportalar for Sogn og Nordfjord, og det store problemet er mangel på brukarvennlegheit og kontekst. Les resten av innlegget på Vestforsk-bloggen.

torsdag 8. januar 2009

Europeana

Det er det nye namnet til Digital Libraries som EU introduserte for nokre år sidan. Europeana er eit prestisjeprosjekt som er ein viktig del av IKT-strategien i2010, ein oppfølgjar til tidlegare eEurope-planar. Europeana skal tilby tilgang til den europeiske kulturarven gjennom oversikt over digital representasjon av arkiv-, bibliotek- og museumsmateriale.

Eitt av mange prosjekt som støttar opp om arbeidet, er EuropeanaLocal. Her er det partnarar frå 27 land og ABM Utvikling er norsk representant og sentrale i prosjektet. Det er også Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (del av Sogn og Fjordane fylkeskommune). Dei arbeider tett med ABM Utvikling og skal stå for mykje av det praktiske arbeidet. Eg er beden om å sitja i ei referansegruppe og den hadde sitt første møte i dag.

Prosjektet har som mål å levera minst 5 mill. digitale objekt til Europeana i løpet av 2010. Men partnarane har rekna ut at potensialet er minst 20 mill. Eitt av spørsmåla som vart drøfta i dag, var begrepet digitale objekt og om metadata i seg sjølv også bør omfattast; altså dei tilfella der det berre eksisterer metadata om det fysiske objektet. Det vil gjelda det meste av biblioteksektoren, men også museumsdelen om ein ikkje reknar bilete av objektet for eit digitalt objekt.

Eit paradoks som vart trekt fram på møtet, var at Europeana ser ut til å løysa eit problem som har vore uløyst her i landet så langt: eit felles (søke-)grensesnitt for arkiv-, bibliotek- og museumsdata!

lørdag 3. januar 2009

Morphine

Første sesong av Sopranos låg under juletreet denne jula, ei gåve frå barna. Kanskje litt urovekkjande akkurat det, men eg vel å sjå positivt på det :-)

Mykje har vore sagt om Sopranos og den har fått velfortent skryt - det er avgjort ein bra serie. Eg har også sett mange episodar, men ikkje dei første sesongane.

Det som slår meg mest etter å ha sett dei fleste episodane av første sesong, er kvaliteten på musikken som er valt ut. Det er heilt tydeleg at musikken er ein viktig del av serien, og dei som står bak serien har eit nært forhold til musikk. Det er særleg avslutningsmelodien i kvar episode som er særmerkt. Dei ulike avslutningsmelodiane er då også samla i dei to CD-ane "The Sopranos: Music From the HBO Original Series" og "Peppers and Eggs" (dobbel).

Opningslåta "Woke Up This Morning" er jo vorten ein klassikar - ein heilt spesiell tøff låt av Alabama 3 (som trass den veldig amerikanske "sounden" er britiske). Sjølv har eg festa meg ved Morphine, eit amerikansk band som også står for ein spesiell og tøff musikk - rock blanda med litt jazzelement. Låten "Buena" avsluttar ein av Sopranos-episodane - stort tøffare enn dette blir det ikkje. Kjøp CD-en, eller betre: last den ned, som eg nettopp gjorde..

onsdag 31. desember 2008

Mini 50 år og 2CV 60 år!

Siste (?) bloggpost i 2008 skulle kanskje ha handla om året som nesten er omme, og spådommar om det som kjem. Det får andre ta seg av, eg kan ikkje la 2008 gå ut utan å heidra ikona Morris Mini og Citroen 2CV. Den første er 50 år i år og den andre 60.

"Less is more" kan stå som ein god beskrivelse av filosofien bak Mini, og namnet i seg sjølv rommar denne. Det var Alec Issigonis (tyrkisk bakgrunn) som stod bak design, og han vart seinare adla til Sir Alec Issigonis for innsatsen i engelsk bilindustri. Ein design som no er legendarisk og som vart kopiert av dei fleste produsentar etterpå: framhjulsdrift, tverrstilt motor, eitt hjul i kvart hjørne og ekstremt god plassutnytting.

50 år seinare er det produsert over 5 millionar eksemplar av Mini og den er eit ikon. Også nykommaren frå BMW har vorte ein suksess, ein av dei få retro-suksessane. BMW overtok Rover-konsernet på slutten av 90-talet, og selde det for ei krone etter å ha tapt mykje. Men dei sikra seg retten til Mini, og det spørst om det ikkje var verdt pengane.

Designen av nye Mini vart gjort med stor omtanke for arven etter den originale bilen. Samtidig vart nødvendige moderne element introduserte, og det på ein måte som fall i smak. Nye Mini kan trygt seiast å føra ikon-statusen vidare, den har vorte eit ikon sjølv.

10 år før Mini kom på marknaden, vart Citroen 2CV presentert på Paris-utstillinga. Den var like radikal som Mini ti år seinare, og delte mykje av filosofien med minimalisme. Ein prototype av 2CV vart utvikla før krigen og målet med "paraplyen med 4 hjul" var at den skulle kunna frakta to vaksne bønder (!) med 100 kg varer til marknaden, i ein fart på opptil 60 km/t på den tidas dårlege vegar i Frankrike. Mest kjendt er utsagnet om at den skulle kunna køyrast over ein nypløgd åker utan at egga den transporterte, vart knuste.

Citroen 2CV vart produsert heilt fram til 1990, for ein stor del uendra, og medrekna ein tosetars pickup-versjon, vart det laga over 5 mill. eksemplar. Ein suksess på linje med Mini med andre ord. Bileta er henta frå Wikipedia.

lørdag 27. desember 2008

Blogging

Det er namnet på boka Jill Walker Rettberg (JWR) har skrive. Ho er førsteamanuensis ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, men er nok meir kjend som bloggar under jill/txt. Ho har med andre ord skrive om noko ho har god erfaring i, som aktiv bloggar i 7-8 år.

Det ville vore vanskeleg å skriva ei bok om blogging utan å ha blogga sjølv - det verkar nesten umuleg. Samtidig er den akademiske tilnærminga med på å setja blogginga inn i ein større samanheng. Praksis og teori går med andre ord godt saman her.

Det er ei lett bok å lesa, berre rundt 160 sider. Boka er gitt ut av Polity Press i ein serie kalla Digital Media and Society. Andre bøker i denne serien har titlar som Media Work, Search Engine Society, The Information Society og Hacking.

Boka tek for seg historien bak blogging, blogging sett inn i ein skrifthistorisk samanheng, blogging som eit nettverksfenomen, blogging vs. journalistikk, bloggar som historieforteljingar (narrativ) og kommersielle sider ved blogging. Som med mange bøker er dei første delane best, og slutten tynnast. Bedriftsblogging og kommersielle sider ved blogging er relativt uinteressant og tankane om blogginga si framtid inneheld heller ikkje spesielt mykje "food for thoughts".

Men eg synest boka er god og vil tilrå den til alle som ønskjer å forstå meir av bloggfenomenet og ønskjer å setja det inn i ein større samanheng. JWR forstår i aller høgste grad det fenomenet ho skriv om, og ho maktar også å sjå på det utanfrå utan å bli for nærsynt. Eg saknar likevel at ho delar meir av erfaringane sine - her blir boka i overkant nøytral og ho held litt mykje avstand til sin eigen blogg. Eg ville gjerne ha lese meir om kva utfordringar ho ser i lys av sine eigne erfaringar.

Sidan JWR brukar bloggen sin som ein del av den akademiske verktøykassen er det meir enn underleg at ho ikkje viar forsking og blogging merksemd. Forskinga sin hittil manglande interesse for, og bruk av, blogging har skapt ein del diskusjon i det siste. JWR burde vera ein av dei fremste til å meina noko om det.

Eg saknar også endå meir drøfting av blogging i eit demokratisk perspektiv og gjerne drøfta i lys av demokrati-teoriar. Ho nemner Habermas, men berre nokså kort. Blogginga som ein viktig del av diskursen i den offentlege sfæren er noko som kunne vore utdjupa.

Nokre små uvanar er av typen "dette kjem eg tilbake til i eit seinare kapittel" trekkjer litt ned, men elles er boka som sagt lett å lesa og lett å lika, og eg meiner det også er ei viktig bok. Den er skriven på engelsk.

torsdag 25. desember 2008

Markedets makt over sinnene

Bent Sofus Tranøy er ein av få økonomar som kan gå rakrygga i desse krisetider i lys av den kritikken han har framført mot det rådande systemet. Boka "Markedets makt over sinnene" er eit oppgjer med marknadsfundamentalismen som seier at marknaden veit best, alltid.

Boka kom i 2006 og er slik sett ikkje ny. Den varslar ikkje finanskrisa eksplisitt, men tek eit oppgjer med den rådande ideologien som styrer det meste og som meiner at den frie marknaden er den mest optimale måten å styra ressursar på. Tranøy viser ved hjelp av relevante eksempel korleis grunntesane for den frie marknaden sjeldan er til stades og kvifor det då ofte går galt.

Eit av dei interessante eksempla er delprivatiseringa av Statoil i perioden til den første Stoltenberg-regjeringa. ECON laga sjølvsagt ein analyse som innspel til arbeidet med børsnotering. Den viste at private energiselskap gjorde det langt betre enn statseigde, og eit av stjerneeksempla til ECON var det amerikanske Enron... Det høyrer også med til historia at både Jonas Gahs Støre, Jens Stoltenberg og Rune Bjerke har vore styreleiarar i ECON.

I Enron sitt tilfelle var rekneskapa sminka så det heldt - det var rekneskapsjuks av "world class". Men det er oftast i rekneskapa triksa skjer, så også med finanskrisa. I ein artikkel i Dagbladet nyleg, skriv Tranøy om forslaget til ny reglar for rekneskapsføring i børsnoterte selskap. For sikkerheits skuld er dei fire største revisjonsselskapa tungt inne i prosessen som har ført fram til forslaget til nye reglar, og i forslaget til nye reglar er marknadsfundamentalismen i følgje Tranøy rikt representert. Det ironiske (?) er at desse reglane blir innførte i Norge under leiing av ein SV-statsråd.

Eit hovudpoeng i Tranøy sin artikkel er at rekneskap ikkje er objektivt og nøytralt, slik me likar å tru. Rekneskap er dels (objektive) fakta og dels gjetningar og spådommar. Dei siste er mellom anna knytte til verdifastsetjing. Omtrent samtidig med artikkelen i Dagbladet stod det elles å lesa i Dagens Næringsliv at Storebrand hadde fiska fram 1 milliard kroner frå rekneskapen ved omklassifisering av eigedelar. Tranøy har fått svar på innlegget sitt frå m.a. BI.

Både artikkelen om rekneskap i krise og den før nemnde boka er vel verdt å lesa - kanskje endå meir med haustens turbulente økonomi i minnet. Den fekk Brageprisen i 2006 i klassen faglitteratur.

fredag 19. desember 2008

Støtt Wikipedia!

Gjer som Vestlandsforsking, støtt Wikipedia! IT-gruppa ved Vestlandsforsking bestemde seg i dag for å gi kr 10 000,- til Wikipedia. Me meiner dette arbeidet er så viktig at det fortener støtte.

Wikipedia er det største non-profit-prosjektet på nettet i dag og har vore ein utruleg suksesshistorie. Det har vorte det desidert største og mest brukte leksikonet på kort tid, og modellen det er bygt på, er unik. Ikkje mange ville levna modellen med (nesten) fri redigering for alle og ein kvar, nokon særleg sjanse. Men det viser seg å fungera forbausande bra i praksis.

Bill Gates' visjon om "information at your fingertips" er i ferd med å bli ein realitet, og Wikipedia har stått i første rekkje for å realisera den.
Wikipedia Affiliate Button

onsdag 10. desember 2008

Facebook-vilkår

NRKbeta har det også vore ein diskusjon om Facebook og lukka samfunn, men den starta med eit utgangspunkt i Facebook Connect. Både Facebook og andre nettsamfunn innser at dei må opna seg mot omverda, men vil sjølvsagt halda att i det lengste. På ReadWriteWeb er det ein interessant omtale av eit par initiativ med opne profilar. Det er sjølvsagt heilt meiningslaust at ein skal oppretta eigen profil over alt på nettet og at ein generell profil ikkje kan utvekslast.

Men her vil eg berre gjengi eit utdrag av vilkåra for å ta i bruk Facebook, på norsk. Rett nok seier Facebook at det er den engelske versjonen som gjeld, men likevel (du finn det under overskrifta "Facebook-sider"):

FACEBOOK GJØR PRE-SKJERM IKKE ELLER GODKJENNER FACEBOOK SIDER, OG KAN IKKE GARANTERE AT EN FACEBOOK SIDE FAKTISK BLE SKAPT OG ER DREVET VED INDIVIDENE ELLER ENTITETENE SOM ER EMNET AV EN FACEBOOK SIDE. ELLER ER FACEBOOK ANSVARLIG FOR INNHOLDET AV NOE FACEBOOK SIDE, ELLER NOEN TRANSAKSJONER som seg BLIR GÅTT INN I INN I ELLER ANNEN PÅTATT TILTAK ELLER I SAMMENHENG MED NOE FACEBOOK SIDE, SAMT HVORDAN EIEREN AV FACEBOOK SIDEN SAMLER, HÅNDTAK, BRUK OG/ELLER DELER NOE PERSONLIG INFORMASJON som DET KAN SAMLE FRA BRUKERE (BEHAG ANMELDELSE DET Facebooks personvernspolitikk HVIS DU HAR NOEN SPØRSMÅL ELLER ANGÅR ANGÅENDE BRUKEN ELLER DELE AV DIN PERSONLIG INFORMASJON). DU BURDE VÆRE FORSIKTIG FØR GIING NOE PERSONLIG INFORMASJON TIL ELLER GÅ INN I INN I NOE TRANSAKSJON I SAMMENHENG MED EN FACEBOOK SIDE.
Og årets oversetjingspris går til Facebook!

mandag 8. desember 2008

PIN-kodar og anna avsendarorientert teknobabbel

Mange fekk seg ei overrasking i posten i dag då Skatteetaten sende ut PIN-kodar til det norske folk. Reaksjonane let då heller ikkje venta på seg då mange engstelege eldre ringde DIFI/Norge.no med spørsmål om kva i all verda dei skulle gjera.

Dei som arbeider med nett-tenester og PIN-kodar, autentisering, elektroniske tenester og meir til året rundt, trur sjølvsagt at dette er noko alle folk er opptekne av og grublar på. Sanninga er vel at folk gir f... og ikkje bryr seg og mange veit ikkje kva ein PIN-kode er, og treng ikkje vita det heller.

Brevet med overskrifta "PIN-kodar til offentlege tenester på internett" startar slik:

Nedst finn du eit kort med 20 PIN-kodar. Kodane er personlege, og du skal ikkje gje dei til andre. Ta godt vare på kortet. Du vil få bruk for det.

Og det blir verre... Det blir påstått at du treng PIN-kodane for å levera sjølvmeldinga di. Ikkje noko atterhald eller opplysning om alternative måtar. Ikkje rart gamle folk blir fortvila.

Dette er så avsendarstyrt og teknokratisk innsnevra formulert at dei som står bak skulle vore sende på skrivekurs. Jan Olav Fretland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har medisin for slikt språkleg babbel.

søndag 7. desember 2008

Facebook - den lukka boka

På Kvalitetskonferansen sist veke var det som nemnt ein paneldebatt om web 2.0 og korleis offentleg forvaltning skal forhalda seg til utviklinga. Deltakarane kunne senda spørsmål til panelet via SMS. Dessverre kom ikkje spørsmålet mitt fram, eller det vart ikkje presentert. Så då får eg stilla det her:

"Står ikkje Facebook på mange måtar for det motsette av offentleg forvaltning: Eit lukka informasjonssamfunn i staden for ope?"
Sidan panelet ikkje fekk spørsmålet, må eg svara sjølv. Og svaret mitt er ja, Facebook er i høg grad ei lukka teneste som slik sett strir mot grunntanken i web-en. Den byggjer så langt eg forstår også for det meste på proprietære løysingar. Berre det faktum at ei nett-teneste lagar sin eigen variant av HTML (FBML - Facebook Markup Language) burde vera god nok grunn til å vera forsiktig.

Facebook fyller i høgste grad eit behov, det er vel populariteten eit synleg bevis for. Men faren er at mykje informasjon som elles ville vore tilgjengeleg på det frie nettet, blir lukka bak Facebooks murar. Det er ei uheldig utvikling som minner om innestenginga som skjer på produktsida (Apples iPhone o.l.).

I kampen for eit ope nett bør det offentlege halda fana høgt og seia klart frå kva utvikling ein ønskjer. Viss Heidi Grande Røys skulle ta sine eigne standardiseringsråd alvorleg, ville vel Facebook stå på lista over tenester og format som ikkje bør brukast!

torsdag 4. desember 2008

Kvalitet 2008

Årets kvalitetsvurdering av offentlege nettstader har sitt høgdepunkt i dag med konferanse på Oslo Plaza der vinnarane blir presenterte. Denne konferansen blir arrangert for fjerde gang, men kvalitetsevalueringar har vore gjennomførte sidan 2001. Og eg har følgt arbeidet tett frå starten i Statskonsult (Egil Jacobsen sentral i etableringa).

Konferansen har samla 260 deltakarar, det er rett og slett imponerande! Eg håpar DIFI (Direktoratet for forvaltning og ikt) klarer å utnytta dette potensialet til å styrka arbeidet med kvalitet på nettsider. Det er min (uærbødige) påstand at dette arbeidet er eit av dei offentlege it-prosjekta som har størst ROI! Eit billeg prosjekt som har gitt store resultat. Men eg er jo sjølvsagt litt inhabil her.

Etter innleiande presentasjonar av personleg rådgivar i FAD, Jørund Leknes, og direktør i DIFI, Hans Chr. Holte, ga Jostein Magnussen i Netlife Research ein introduksjon til web 2.0. Han gjorde det på ein elegant måte ved å ta utgangspunkt i sida www.norge.no/kvalitet, som definitivt er web 1.0, og viste korleis den og prosjektet kan og bør snuast i retning web 2.0.

Så fortalde Øyvind Solstad i NRKbeta om arbeidet deira med nye media, særleg knytt til den teknologiske sandkassen NRKbeta. Han gjorde det på ein overtydande måte, ein ekte "Web 2.0-ar", ein som er innafor kulturen og har forstått kva det dreier seg om. Veldig befriande å høyra ein slik fortelja om bruken av web 2.0 og ikkje ein forstå-seg-på-ar som eigentleg ikkje forstår kva det handlar om. Er du interessert i eit godt foredrag om web 2.0, er Øyvind mannen å kontakta. Han kan få det travelt framover..

Paneldebatten tok opp spørsmålet om bruk av web 2.0 i forvaltninga. Peter Hidas frå Gartner, trekte fram tre viktige spørsmål innleiingsvis:

  1. Korleis skal off. sektor vurdera gevinstpotensialet knytt til web 2.0?
  2. Er det ein fare for at web 2.0 tek merksemda og ressursar bort frå andre, viktige tiltak?
  3. Er offentleg sektor villeg til å dela verdikjeda si med andre?
Interessant tema, men slapp debatt. Problemet var kanskje at det ikkje var heilt dei rette personane i panelet. Nokon med forvaltningskunnskap, gjerne juridisk retta, burde vore der. Slike folk har vel DIFI mange av sjølve??


Så til årets vinnarar av Kvalitet 2008:

Årets kommunale nettstad: Sørum kommune


Årets statlege nettstad: Høgskolen i Bergen


Årets nett-teneste (open kategori): Finansportalen


Årets tilgjengelegheitspris: Nasjonalt dokumentasjonssenter

tirsdag 2. desember 2008

Duke Ellingtons Second Sacred Concert


Sidan lokalavisa ikkje ser ut til å bry seg om kulturhendinga i helga får eg som deltakar prøva å formidla. Sogndal storband arrangerte i samarbeid med Sogndal songlag og Leikanger blandakor to kyrkjekonsertar sist søndag. Første konserten var i Stedje kyrkje i Sogndal medan andre konserten var i Leikanger kyrkje.

Duke Ellingtons verk Second Sacred Concert stod på programmet og konserten vart godt motteken av publikum. Det var godt med folk begge stader; i Leikanger kyrkje var det fullt. Sjølv med relativt lite felles øvingar let det ganske godt. Nokså bra i Stedje og endå betre i Leikanger.

Konserten har i alt 10 satsar og vart ferdig i 1968. Duke Ellington sa om kyrkjekonsertane sine (tre i alt) at det var "the most important thing I've done". Tekstane er sterkt prega av borgar-rettskampane på den tida. Det er dessverre ingen særleg gode innspelingar av denne viktige konserten. Albumet med same tittel som verket, er ei live-innspeling som dessverre let nokså rufsete, for å seia det mildt. Merkeleg, med eit slikt storband og med slike solistar. Alice Babs er solist på denne live-innspelinga. Hjå oss var Odrun Ugulsvik Myklebust solist, ei oppgåve ho løyste med glans.

mandag 24. november 2008

Miside - gløymt av alle?

Miside er i ferd med å gå i gløymeboka, ikkje ein gong mora vil ikkje vedkjenna seg dottera. Eit søk på "Miside" (eller "Minside") på Norge.no gir følgjande resultat:



Men det er ikkje berre Norge.no, no driven av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) som ser ut til å ha gløymt Miside. Også frå ansvarleg departement FAD og statsråd Heidi Grande Røys har det vore merkeleg stille om Miside det siste året. Kva er det som skjer?

DIFI har det siste året arbeida med ny strategi for Miside. Etter planen skal den nye strategien for tenesta vera ferdig i løpet av året (2008!). Det spørst om ikkje det er for seint, og at det har teke for lang tid.

I alle tilfelle meiner eg det er ein feil prosess FAD og DIFI har lagt opp til: Ein lukka prosess der det ikkje har vore eit pip om Miside det siste året og der det ikkje har vorte gjort noko nemneverdig av utvikling. Det er mykje å ta tak i for å retta kursen for Miside-utviklinga, men framfor alt må den løftast fram slik at folk flest har den i tankane. Det er ikkje ei nett-teneste som blir brukt utan at den blir marknadsført.

Strategiprosessen kunne ha vore brukt til å skapa merksemd ved at den vart opna opp og det vart invitert til ein ide-dugnad. Rett nok har det vore eit par slike møte med utvalde verksemder, men her meiner eg nettet skulle ha vore teke i bruk for alt det er verdt. Statsråden er entusiastisk over web 2.0-mulegheitene som blir skisserte i rapporten eBorger 2.0; kva med å ta dei i bruk sjølv til nettopp denne type utviklingsarbeid?

mandag 17. november 2008

Svaret er Facebook - kva var spørsmålet?

Statsråd Heidi Grande Røys er over seg av entusiasme etter å ha fått rapporten eBorger 2.0 frå SINTEF i fanget. Den fortel at det offentlege må kasta seg på web 2.0-bølgja, og det fort. Eg er ikkje ueinig i at offentleg sektor må få opp farten når det gjeld å fanga og formidla brukarimpulsar, men eg meiner rapporten er utruleg naiv på ei rekkje område her.

Eg har for det første problem med begrepet eBorger, og det burde strengt teke Heidi ha også. Borgar er ikkje eit vanleg begrep i norsk terminologi, det er innbyggjar. Dessutan er det helst høgresida som brukar borgar-begrepet, om det i det heile blir brukt.

Men det er innhaldet i rapporten som er viktig. Oppsummert får eg ei kjensle av at "web 2.0 er svaret - kva er spørsmålet?". Eg ser lite og dårleg grunngjeving for kvifor, og gode eksempel som argumenterer for dette. Det blir mest at offentleg sektor må ta teknologien/trenden i bruk fordi web 2.0 er brukt på så mange andre område.

Ei spørjeundersøking dannar ein viktig basis for konklusjonane i rapporten. Den undersøkinga er etter mi meining lite verdt, og blir også tøygd veldig langt for å få kartet til å stemma med terrenget. 17 % av dei spurde er ueinige i påstanden "informasjonen [offentleg informasjon] var enkel og rask å finna fram til". 17 % er ikkje mykje, og særleg ikkje når dei 17 prosenta blir brukte som sanningsvitne for at offentleg informasjon er vanskeleg å finna fram til. Til samanlikning svarte 54 % at dei var einige/svært einige i påstanden over.

Eit anna og kanskje større problem, er inndelinga i aldersgrupper i undersøkinga. Aldersgruppa 15-30 år er klaska saman, og det blir for meg ei altfor ueinsarta gruppe. Det er her det store problemet med rapporten kjem fram: har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe eller er den like viktig for alle aldersgrupper? Etter mi meining har offentleg informasjon ei hovudmålgruppe av innbyggjarar som er i etableringsfasen, altså i hovudsak 25 - 50 år (med eit visst slingringsmonn). Det er i denne fasen det blir viktig å finna informasjon frå det offentlege og komma i dialog om tenester.

Eg vil påstå at gruppa 15 - 20/25 år i svært liten grad har bruk for offentleg informasjon og at offentleg sektor ikkje bør bruka store ressursar på å nå dei. Og då blir det også mindre viktig å dela offentleg informasjon på Facebook og Twitter ++.

Eg seier ikkje at web 2.0-tankegang og -innretning ikkje er viktig for offentleg sektor, heller tvert om. Men den må komma på område som er viktig for folk, og ikkje i form av heller tynne eksempel som i rapporten. Opne høyringar og diskusjon rundt viktige saker er berre eitt av mange bruksområde der det er viktig å få innbyggjarane i tale.

lørdag 15. november 2008

Ei legende fyller 45 år

Fødselsdagen var i september; då var det 45 år sidan Porsche 911 såg dagens lys. Heilt rett er ikkje dette, det var nemleg Porsche 901 som vart vist på IAA-utstillinga i Frankfurt det året. Men Peugeot protesterte og hevda dei hadde einerett på tresifra nummer med null i midten! Nullen vart endra til '1' og resten er historie, som det heiter.

Porsche 911 (kvifor blir namnet så ofte skrive feil, utan 'c' eller utan 's'??) kan tena som eit godt eksempel på design med tradisjon og kontinuitet. Ingen har problem med å sjå at 901 og dagens 911 er tjukke slekta. Det same kan seiast om mange tyske bilar, medan andre bilprodusentar er lite tru mot fortida.

Det kan innvendast at tysk design er i overkant konservativ, men eg har sansen for tradisjon og at røtene kjem tydeleg til syne.

(Biletet er teke av Wouter Melissen)

tirsdag 11. november 2008

Blogging gammaldags?

Ja, meiner Paul Boutin i ein artikkel i Wired nyleg. Han meiner nye verktøy som Flickr, Twitter og Facebook får bloggen til å sjå sååå 2004 ut. Hans korte oppsummering lyder slik:

"Kill yr blog. 2004 over. Google won't find you. Too much cruft from HuffPo, NYT. Commenters are tards. C u on Facebook?"
Men Eirik Solheim i NRK Beta, der eg fann dette, er ueinig, og eg sluttar meg til Solheim. Eg trur rykta om bloggens død er betydeleg overdrivne og stemmer ikkje. Boutin kan ha rett i at stadig fleire profesjonelle bloggar, gjerne frå store medieverksemder, kan fortrengja dei private bloggane i synlegheit. Men bloggen som medieform har eg likevel stor tru på. Jan Omdahl i Dagbladet skriv også fornuftig om påstanden frå Boutin.

Ei viktig side ved ein blogg er at den er personleg og at den også er eit arkiv. Den er, for å låna uttrykk frå Lauren Feldman i sitt svar til Paul Boutin:

“Paul couldn’t be more wrong. The most important thing in your digital life is your personal blog… …your blog is your little slice of digital heaven. And no one can fuck with you there.”
Ei anna viktig side ved ein blogg samanlikna med t.d. Twitter og Facebook, som for all del dekkjer viktige behov, er at den kan bidra til å motverka ein dårleg trend ved nettet: "web-ens uutholdelige letthet".

Problemet er at vi gradvis mister evna til å lesa lange tekstar og argumentasjon som går over meir enn to setningar. Det er ei utvikling mot ein ekstrem overflatisk kvardag. Ingen skal fortelja meg at ein kan få uttrykt kompliserte og gjennomtenkte tema med 140 teikn i Twitter.

Men eg trur ikkje Twitter og Facebook er konkurrentar til bloggen, heller eit supplement. For eigen del har eg i alle fall ikkje tenkt å slutta å blogga med det første..

fredag 7. november 2008

Riksteateret og Olav H. Hauge

Riksteateret synte onsdag framsyninga Kom ikkje med heile sanningi, basert på Olav H. Hauge. Det kunne dei gjerne spart seg for, etter mitt syn. For meg vart teaterstykket heilbom. Eg fekk ei kjensle av "Bør Børson møter Olav H. Hauge" - til tider ein lettbeint musikal-liknande sak så langt frå Hauge som det vel er muleg å komma.

Det var mange problem med oppsetjinga, det verka for meg som regissøren ikkje kan ha kjendt særleg til Olav H. Hauge og livet hans, heller ikkje skodespelarane. Personen som hadde rolla som Hauge sjølv for med svære fakter og brautande stemme - diametralt motsett av den lågmælte Hauge. Og bipersonen, ei lita lerke som kvitra og song. Hjelpe meg! Og felles for dei to var den ekstreme teater-nynorsken, noko som blir heilt feil for ein diktar som heldt seg nær (Ulvik-)dialekten.

Det er synd at ikkje Riksteateret kan komma med noko betre. På Vossajazz 2006 las Hildegunn Riise dikt av Olav H. Hauge og bitar av dagbøkene hans i oppsetjinga Under stjernone. Det gjorde ho til tonar av Per Jørgensen (trompet) og medmusikarar. Det var ei fantastisk oppleving, i det minste for meg. Kvifor kunne ikkje Riksteateret teke denne førestillinga rundt om i landet?

(biletet er henta frå www.ht08.no - ei samleside for 100-årsjubileet til Hauge og Geirr Tveitt)

torsdag 6. november 2008

Den amerikanske draumen

Valet av Barack Obama som president i USA har gitt nytt liv til klisjeen den amerikanske draumen. Mange som har ledd litt hånleg av dette uttrykket og det det står for, må kanskje innrømma at fenomenet Obama må medføra ei justering av haldningar.

Det er klart pengar har hjelpt godt, men i utgangspunktet skulle ikkje Obama hatt ein sjanse til ein gang å bli demokratane sin kandidat. Som han sjølv sa i eit Jon Stewart-show: "Dei som ga meg mellomnamnet hadde i alle fall ikkje tenkt tanken på at eg ein dag ville stilla til val som president".

I det heile rokkar presidentvalet ved fasttømra syn og haldningar til USA. Dette synet har for mange vorte grundig forsterka av 8 års elendigheit av Bush-styre. Det er gjerne venstresida som har representert desse haldningane tydelegast. Spaltist Anders Anderssen i lokalavisa her, skreiv nyleg ein illustrerande artikkel om dette. Då han sjølv kom til USA første gang i 1956 hadde han lese bøker om amerikansk samfunnsliv og sosiologi og visste "alt" om kontinentet.

Han vart buande der i fire år, og då han kom tilbake til USA 15 år seinare, visste han "ingen ting" sikkert lenger. For etter å ha budd i USA fekk han innsyn i dei mange kontrastane denne samlinga av delvis uavhengige statar representerer. Men som han sjølv skriv: Synda kom til USA først og fremst med Vietnamkrigen, og idyllen var broten.

No er det også slik at dei som trur at Barack Obama blir SVs forlengja arm i USA, blir grundig skuffa. Det er nok mange som har ei slik oppfatning av den nye presidenten. Det blir nok heller "business as ususal", men med nokre viktige endringar ikkje minst på klima- og energisida. I all gleda av valet av Obama er det urovekkjande at han på same tid som han vil redusera aktiviteten i Irak, vil auka innsatsen i Afghanistan. Det kan bli like feil for Obama som Irak vart for Bush.

onsdag 5. november 2008

President Barack Obama!

Så vart det heldigvis Obama. Seint i går kveld las eg Larry Lessigs bekymringar over at det fort kunne gå som i 2000 og 2004; at demokratane har ein tendens til å tenkja at dette går sikkert vegen så eg treng ikkje stemma. I motsetnad til republikanarane som møter opp og stemmer uansett.

Eg var oppe ca. 03.30 i natt og då var det veldig jamnt mellom kandidatane og ikkje muleg å seia sikkert kva retning det ville gå. Då eg så sovna att, drøymde eg at McCain hadde vunne! Det var difor med stor spenning eg slo på tv-en i dag tidleg og heldigvis kunne konstatera at Obama er USAs nye president.

PS.
Viss no Sogndal berre kan slå Aalesund og rykkja opp i Eliteserien, kan 2008 karakteriserast som eit kanonår (bortsett frå finanstrøbbel osv...)

fredag 31. oktober 2008

Geneva!

I dag er eg ein lykkeleg eigar av ein Geneva modell L (som på biletet). Eg las første gangen om dette anlegget i Dagens Næringsliv og vart straks fascinert. Her såg det ut som ein sjelda kombinasjon av stil og lydkvalitet.

Alt-i-eitt-type anlegg var fy-fy den gangen interessa for musikk og hifi starta hjå meg (ehmm, for ein del år sidan..). Om dette har endra seg, veit eg ikkje. For eigen del har den pragmatiske sida av spørsmålet fått større plass. Viss eg kan spara plass og det framleis høyrest ok ut, er det bra.

Eg var innom Soundgarden (tidl. Hi-Fi Center-kjeda) i Kirkeveien, Majorstua, og høyrde på anlegget for eit halvt års tid sidan. Då høyrde eg både på modell L og XL. Den siste er massiv, med enorm lyd, men også til ein stiv pris. Valet var difor enkelt; modell L høyrest bra ut og er overkommeleg i pris.

Førsteinntrykket var likevel ei aning skuffande då eg pakka den ut og sette i første cd-en. Eg fekk ein liten følelse av "boks"-lyd. Muleg rommet her er litt for stort til denne modellen. Får sjå når eg får testa anlegget med større variasjon av musikk.

Eg har aldri hatt sans for overdriven stil-faktor a la Bang & Olufsen; lyden må stå i stil med form. Med Geneva håpa eg å finna ein god kombinasjon. Stilen er i alle fall ikkje noko å utsetja på, eg synest den ser "drit-lekker" ut. Det er litt Apple-aktig over design og innpakning - sjølv tape-en rundt emballasjen var raud! Og anlegget er sjølvsagt i knall raudt...

Vel eitt år seinare (21.12.2009):
Er alt i alt veldig godt fornøyd med anlegget. Lyden er god (nok) i stova på ca. 35 kv.m. og ikkje minst er anlegget veldig praktisk med berre ein kabel (straum) å tenkja på. Det praktiske er viktig når lyden elles er veldig bra.

Den største mangelen ved anlegget er at det ikkje er tilkopling for hovudtelefon; eit uforståeleg val av Geneva. Har prøvt å kopla til den gamle platespelaren (LP!) til 'Line in', men lyden blir veldig svak - sjølv på maks. lydvolum. No er kanskje ikkje gamle platespelarar det første du vil kopla til denne boksen, men likevel.

Fjernkontrollen verkar billeg i forhold til resten av anlegget, og er ikkje alltid med på notane. Det er også eit lite irritasjonsmoment. Men totalt sett gir eg Geneva-en nesten topp-karakter: 5 av 6 stjerner!

onsdag 29. oktober 2008

Blogger og Chrome

Det er i grunnen djupt ironisk: Googles Chrome-nettlesar klarer av ein eller annan grunn ikkje å lasta Google-tenesta Blogger. For ordens skuld skriv eg www.blogger.com i adressefeltet; det er Google som endrar adressa til https://www.blogger.com/start

Ingen skal komma og påstå at Google favoriserer eigne tenester!

Bruktbil på Island?

Island er i "deep shit" og må selja unna. Den eines død er ofte den andres brød, og bruktbilar i dyrare prisklassar er til sals i stort tal på Sagaøya. Eit søk på Bilasolur, Islands svar på Finn.no, viser f.eks. eit 20-tals Audi Q7 til sals - eit SUV-monster og børstraktor-ikon. På Finn.no er det om lag like mange, men Norge har 15 ganger så mange innbyggjarar som Island.

Å lesa islandske bilannonsar er kjekt for ein sogning. Her er eit eksempel på ein Audi R8 som du kan kjøpa:

4200cc slagrymi
8 strokkar
420 hestøfl
2 manna
2 dyra (???)
Beinskipting, 6 gira
Sidrif (?)
4 sumardekk

Heilt unødvendig i skulla oversetja dette til norsk, bortsett frå eit par ting, og det med to dyr skjønte ikkje heilt...

Best likte eg forresten ""hiti i sætum" - det er nesten kav sognamaol!

fredag 24. oktober 2008

Kejsarn av Portugallien

Om ikkje keisar så var ferieturen til Portugal konge. Årets ferietur var delt mellom byferie i Lisboa og badeferie på Algarve-kysten. Temperaturen var mellom 20 og 28 grader og det vart ei forlenging av sommaren som me hadde håpa på. Badetemperaturen var også overraskande høg, og dei lokale på stranda meinte at det ofte kunne vera varmare i sjøen i oktober enn i høgsesongen august, mykje avhengig av vindretning.

Du skal ikkje reisa mykje i Portugal før du forstår at landet er ihuga EU-tilhengjar. Svært mange prosjekt har vorte igangsette med EU-støtte, særleg på bygging av infrastruktur. Over alt finn ein skilt der det står kor mykje prosjektet har kosta totalt og kor mykje EU har bidrege med.
Og det har vore nødvendig med ein kraftinnsats. Levestandarden i Portugal låg langt tilbake for resten av EU då dei vart medlem. Også i dag ber landet preg av fordums storheit. Særleg er det tydeleg i Lisboa, med mange vakre bygningar, men med eit enormt behov for vedlikehald.

Me fekk med oss feiringa av republikken, som er 5. oktober. På denne dagen i 1910 vart kongedømmet avskaffa og republikken innført. Ein annan viktig dato er sjølvsagt 25. april 1975 då diktaturet til Salazar vart avskaffa i den såkalla nellik-revolusjonen.
Den eigentlege keisaren av Portugallien var altså Selma Lagerlöfs Jan i Skrotlycka som gjekk frå forstanden då dottera Klara drog til storbyen...

torsdag 2. oktober 2008

Bra SAS!

Flyselskapet SAS får stort sett negative omtalar, det er sjeldan eg les noko positivt. Her kjem eit lite, sponsorfritt, lysglimt i ein elles mørk kvardag. Eg er i Portugal på ferie med familien og bestilte billettar hjå SAS for eit halv år sidan (vel via bookingselskapet Travellink).

Eg gjorde ferdig innsjekkinga på nettet før avreise til flyplassen og den delen av SAS nettsider fungerte veldig bra. Den beste testen på den type funksjonalitet er første gong du utfører tenesta; det er då du ofte får avslørt om det er intuitivt lagt opp eller ikkje.

På Gardermoen var det difor berre bagasjelappar som mangla, og eg lurte på korleis innsjekkings-automatane takla det. Men det var ikkje problem. Det utskrivne boarding-kortet eg hadde med, vart scanna, og ut kom 5 bagasjelappar - enkelt og greitt.

Nettsidene til SAS har vore utruleg kronglete tidlegare, og på billettbestilling står det vel framleis att ein god del, men akkurat den delen eg har omtalt no, fungerer veldig bra. Bra SAS!

mandag 22. september 2008

The harvest is in full swing














Eg gløymer ikkje opninga av Dr. Zhivago der ein av dei første setningane, om ikkje den første, lyder som overskrifta: The harvest was in full swing. Då eg las setninga, trudde eg først det måtte vera ei dårleg norsk-engelsk oversetjing, men det viser seg at det faktisk heiter så.

Uansett, innhaustinga er i full gang, både for frukt og sauer. Biletet viser flotte 'Discovery' eple frå eigen hage. Kvaliteten er på topp i år.

mandag 15. september 2008

Designbyen Torino

Eg kan ikkje heilt sleppa taket i Torino etter besøket der for 14 dagar sidan. Torino er ikkje berre bilbyen, men også designbyen. I år er byen World Design Capital og design står dermed på programmet i mange samanhengar.

For eigen del vil eg kopla design og bilproduksjon, altså bildesign. Alle dei fremste bildesignarane er samla i Torino: Pininfarina, Bertone og Giugiaro.

Pininfarina er mest kjend som designhuset for Ferrari. Dei aller fleste modellane deira er designa nettopp av Pininfarina. Lista over kjende bilmodellar er lang, enkelte høgdepunkt er Ferrari Dino 246, Peugot 205 og Ferrari F40.

Bertone er det andre store designhuset og har gitt form til mange italienske bilar (Alfa Romeo, Fiat, Lancia, Lamborghini). Av dei mest kjende modellane frå Bertone si hand er Lancia Stratos, Fiat X1/9, . Bertone laga også designet til Ferrari 308 GT4, eit design som braut nokså mykje med Ferrari sine tidlegare modellar og som kanskje gjorde at det ikkje vart fleire oppdrag der...

Giugiaro, eller ItalDesign, er det tredje store designhuset som også er basert i Torino. Giugiaro er mest kjend for å ha gitt form til VW Golf - eit absolutt meisterverk i design då den kom i 1975. Også Fiat Panda er ein av klassikarane, og av Giugiaro karakterisert som det mest vellykka designet (!).

Dessverre har det gått nedover med designhusa. Bertone vart slått konkurs og overteke av eit anna firma i år og Pininfarina mista sjefen sjølv som døydde i ei motorsykkelulykke i år. Korleis det siste vil påverka firmaet er vel uvisst. Ein viktig grunn til dei dårlegare tidene er at det har vorte stadig mindre karosseribygging for desse firma. Tidlegare var bygging av karosseri for spesialmodellar ein viktig del av omsetninga.

onsdag 3. september 2008

Torino = FIAT

Eg kan ikkje omtala Torino utan å komma inn på FIAT. Torino er hovudsetet for FIAT-konsernet, og Fiat eig også byens stoltheit Juventus. FIAT står for Fabbrica Italiana Automobili Torino og vart starta i 1899, mellom anna av ein viss Giovanni Agnelli. Agnelli-familien har seinare vore sentrale i FIAT.

Torino har vore gjennom ein postindustriell depresjon i 1980- og 90-åra tett knytt til problema for FIAT. Konsernet var heilt i kneståande rundt årtusenskiftet og vart på mange måtar redda av General Motors. For GM vart det derimot ei dårleg investering; dei har gått ut av konsernet med store tap.

Men for 3-4 år sidan starta ein viktig snuoperasjon for FIAT og Torino, godt hjelpt av vinter-OL i 2006. FIAT fekk ny sjef og han har tydelegvis gjort mange ting rett. Ei viktig synleg endring var logoen, dei gjekk tilbake til gamle dagar og laga ein logo som er veldig lik den originale Fiat-logoen. Den nye logoen er heilt ulik den gamle.

Denne endringa har ikkje berre hatt symbolsk verdi; dei signaliserte med logo-skiftet at dei ville tilbake til røtene sine. Og røtene for Fiat er å laga gode småbilar - det er det dei kan. For å seia det enkelt: Til større bilar, til større problem. Fiat har aldri vore gode til å laga store bilar.

FIAT relanserte ein ny Panda som har vorte ein stor suksess, og i fjor kom retromodellen Fiat 500, 50 år etter originalen. Etter bilparken i Torino å dømma er modellen ein stor suksess.

tirsdag 2. september 2008

DEXA 2008 / eGov '08

Denne veka blir konferansen DEXA 2008 arrangert ved Politecnico di Torino, og under DEXA-paraplyen også delkonferansen eGov '08. DEXA står for Database and Expert Systems Applications og det er 19. året den blir arrangert. Under hovudkonferansen er det mange parallelle underkonferansar.

Tilgjengelegheit
Sjølv presenterte eg resultat frå kvalitetsevalueringane i regi av Norge.no med vekt på tilgjengelegheit (web accessibility). Presentasjonen var dessverre seint på dagen og det var ikkje så mange som hadde halde ut. Men det vart likevel mange spørsmål og ein interessant diskusjon etter presentasjonen. Det var tydeleg at temaet engasjerte.

Mykje prat - lite handling
Det som slår meg med dei mange presentasjonane på eGov-konferansen er at det er veldig mykje prat og lite handling. Eller sagt på ein annan måte: mykje teori og lite empiri. Artikkelen min var rik på empiri, men tynn på teori. Eg meiner likevel at empiri og stor-skala forsøk er sterkt undervurderte i denne disiplinen. Det blir fort eksotiske modellar og rammeverk som sjeldan eller aldri blir prøvde ut. Det gjer at forskinga på e-forvaltning ofte plasserer seg på sidelinja av det som skjer i offentleg sektor.

Italia og kaos
Møtet med Italia har dessverre stadfesta ein del av fordommane mine på førehand: konferansen føregår på eit kaotisk byggjeområde og det er den reine labyrinten å komma fram til konferanselokala. Lunsj-området er det totale kaos. Og starten på bussturen frå Milano til Torino var som ein parodi på italienarar - rasande passasjerar som sperra inngangen til bussen fordi det var altfor lite bagasjeplass. Etter lange og hissige diskusjonar kom me likevel av garde. Ein medpassasjer orsaka seg til meg for at Italia framstod som eit utviklingsland..

Men bortsett frå slike mindre viktige hendingar, er Italia og Torino flott. Og kaffien er jo berre heilt topp, enten det er ristretto eller vanleg espresso...

søndag 31. august 2008

IT i skulen

Med eldste dottera nettopp starta på vidaregåande, har eg fått eit lite innblikk i status for IT-bruk i skulen. Og førsteinntrykket er skremmande! Vel har ho berre gått eit par veker, men det teiknar seg alt eit bilete av ein skule som ikkje tenkjer på IT som eit naturleg verktøy i det heile. Det er som om det skulle vera noko nytt og ukjendt.

Det starta med rot med klasselister og lister som låg tilgjengelege på nettet før skulestart. Skuleleiinga var (sjølvsagt) heilt ukjende med det - det verka som dei ikkje var klar over at eit av verktøya dei brukar er eit online timeplansystem. Og dette var altså ope for alle å sjå. At slikt ligg ope på nettet er ikkje i seg sjølv så farleg, men når elevar blir flytta fram og tilbake mellom klassar frå den eine dagen til den andre, og opplever å bli plassert i feil klasse første dagen, så er det slett ikkje bra.

Men det dårlege inntrykket av IT-bruken kjem først og fremst frå pensumlistene. Her er alt som det har vore i 30-40 år, for ikkje å seia 100. I dag må skulen nærmast rekna med at alle elevar har tilgang til berbar pc, og dei som ikkje har det bør få støtte på ein eller annan måte. Med det som utgangspunkt blir det heilt feil å be elevane kjøpa inn ordbøker i alle språkfag og til alt overmål ein grafisk kalkulator!

Kalkulatoren tek i grunnen kaka. I matte er dei avhengige av grafisk kalkulator til 1100-1200 kr. Og så sit dei fleste med rekneutstyr i tungvektsklassen. Er det ikkje ein tanke å bruka pc-ane nettopp til dette?

Gratis læremiddel er under innføring i vidaregåande, og førsteklassingane er dei siste som må kjøpa sjølve. Det er eit bra tiltak, men det må følgjast opp med ei anna tenking. Det er lite vits å kjøpa ordbøker til elevane (kanskje dei må kjøpa dei sjølve, saman med kalkulatoren?). Ressursane må brukast til å utvikla gode nettressursar på dette området. Fylkeskommunane har nyleg fått mange millionar kvar for å rusta opp den digitale satsinga i skulen. Eg håpar mykje av ressursane blir styrte mot utvikling av fellesressursar som digitale ordbøker m.m., men eg fryktar at det går til administrative system.

Ei av mine desiderte favoritt-tenester på nettet er Bokmåls- og nynorskordboka. Det er eit verktøy eg brukar dagleg. Universitetet i Oslo fekk midlar til å gjera bøkene tilgjengelege på nettet, men dessverre ser det ikkje ut til at det er midlar til vedlikehald og oppdatering. Ordlistene er ikkje oppdaterte på lang tid. Her må det inn midlar fort! Det vil kanskje vera feil å bruka dei fylkeskommunale midlane, men ein stad må ein finna pengane. Og då meiner eg det er ei betre investering å setja pengar i slike prosjekt framfor å kjøpa berbare pc-ar til elevar som stort sett har slikt utstyr frå før.

Skal ein absolutt kjøpa inn utstyr, så sats på små berbare Linux-maskiner som Asus Eee. Det verkar som det perfekte verktøyet for elevar og studentar. Les elles Bjørn Venns blogginnlegg om litt av det same temaet.

mandag 18. august 2008

Olav H. Hauge 100 år

Olav H. Hauge ville ha vore 100 år i dag. Den kjende diktaren frå Ulvik i Hardanger vart 86 år gammal og døydde i 1994. Han vart fødd i Ulvik, men Hauge-namnet kjem frå Lærdal der far hans kom frå. Han var altså halvt lærdøl.

I år er det felles 100-årsjubileum for både Olav H. Hauge og Geirr Tveitt, begge fødde i 1908 og begge hardingar. Og begge har hatt stor innverknad på kvart sitt område; lyrikk og musikk. Dei to vart etter kvart godt kjende og vegane deira kryssa kvarandre fleire gonger.

Hauge hadde ikkje ikkje noko enkelt liv, særleg i første halvdelen - det er vel gjerne slikt det blir stor kunst av. Han vart alvorleg sjuk alt som 15-åring ("i strid med maktene" som han sa sjølv sa) og seinare skulle han med jamne mellomrom bli hardt råka av djupe depresjonar og innlagd på (sinns-)sjukehus, jamvel med tvang. "Den andre mannen" eller "hin mannen" kalla han denne sida av seg sjølv, og sjølv om han er veldig langt nede i desse periodane, ser han seinare på denne sida ikkje berre negativt. Det er "den andre mannen" som verkeleg er noko, den sida representerer det kreative, for ikkje å seia galskapen, og den vanlege sida er nærmast "puslingen".

Den radikale krinsen av forfattarar kalla Profil etter tidsskriftet, blir ofte trekt fram som dei som oppdaga Hauge og fekk han fram i lyset. Det stemmer ikkje heilt, ein gløymer då at Hauge fekk kritikarprisen ((Norsk Kritikerforenings pris) alt i 1961 - mange år før Profil-gjengen kom på bana. Desse orda i Hauge si dagbok etter prisen vart kjend, seier mykje om forfattaren:

Eg lyt fortelja nytt. I går kveld ringde forlagssjef Øyvind Dybvad i Norsk Boklag. Han fortalde at På ørnetuva hadde fenge Norsk Kritikerforenings pris for 1961. Sjå der! Ho greidde seg, den vesle boki likevel. Han vilde eg skulle koma til Oslo til torsdag, då utdelingi skulde gå for seg. Fjernsyn nemnde han, og slike nye greidor. Eg sa nei med det same.... Visst er eg takksam, men det høver ikkje for ein arbeidsmann å møta fram på slike stader."
Men sjølv om Hauge syntest smålåten og ofte trekte seg unna merksemd, sette han inst inne stor pris på den. Han ville gjerne bli sett og akseptert, han som dei fleste andre.

Sjølv har eg vore fascinert av Olav H. Hauge lenge, først gjennom dikta hans og seinare gjennom historia om mannen sjølv. Det er smått utruleg at denne karen, som stort sett gjekk og sulla heime på garden Hakestad, hadde betre oversikt over lyrikk rundt om i verda enn dei fleste andre her til lands. Ein treng altså ikkje ha Oslo 3 som adresse for å følgja med på det som skjer!

Er du berre litt interessert i Olav H. Hauge, vil eg tilrå biografien Mitt liv var draum av Knut Olav Åmås. Det er ein framifrå biografi, grundig og ærleg og Åmås trengjer gjennom myta om "den diktande fruktdyrkaren". Han får fram dei store spenningane og kler av det romantiske synet på fruktbonden i Hardanger. Vel verdt å lesa!

I desse OL-tider kan diktet om Kuppern kanskje passa som avslutning, sjølv om det vart skrive til eit vinter-OL:

KUPPERN SKRID I SQUAW VALLEY

Eg har og teke premi på skeisor, eg vart
nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
etter han Leiv.
Men dei hine hadde stålsette skeisor,
og eg hadde berre jarn.
Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
eg tok dei som hadde
største snablane.

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.

tirsdag 12. august 2008

Årets konsert















For min del blir nok gårsdagens opningskonsert for Oslo Jazzfestival i det nye operabygget årets konserthøgdepunkt. Det vart to konsertar i ein, med ei avdeling Porgy & Bess og ei avdeling med Sketches of Spain.

Først eit par ord om operabygget. Det geniale ved bygget vart ikkje klart for meg før eg forsto at dette er eit bygg ein kan gå på - og det gjer folk til gagns. "Å gå på opera" har fått ein ny betydning; no er det reine folkesporten. Eg kosar meg også med tanken på at Frp her har feilrekna publikummet sitt grovt med den negative haldninga til bygget. "Folk flest" har trykt bygget til sitt bryst og det kan absolutt kallast Folkets hus. Som vanleg slepp Frp alt for billeg frå dette..

Tilbake til konserten. Maria Schneider stod i sentrum med sine Gil Evans-arrangement og det let flott, berre så det er sagt. Konserten opna, litt overraskande, med Porgy & Bess og Nicholas Payton som solist. Payton har (som mange andre) vorte kalla den nye Louis Armstrong, mykje pga. oppvekst i New Orleans og ei framtoning og ein trompetlyd som liknar mykje på gamle Louis. Det er alltid farleg å bli kalla "den nye ...", uansett kva sjanger og instrument det er. Det har teke knekken på mang ein artist.

Eg trur det kanskje også har prega Nicholas Payton og gjort han litt forvirra. Frå å starta som typisk neoklassisk bop-trompetist, har han gjort merkelege U-svingar innom m.a. electronica for så å venda tilbake til utgangspunktet. Det er litt typisk for den nye generasjonen av amerikanske jazz-musikarar; dei veit ikkje heilt kva bein dei skal stå på. Til Payton er det berre å seia: "hald fast på det du starta på". Han er heilt klart best når han spelar standardlåtar, og gjerne dei blues-prega.

Slik sett kunne han verka som eit litt feil val til å ta Miles-rolla i Evans-klassikaren Porgy & Bess. Og det vart noko uforløyst over det heile. Visst spelar han bra, men det læt litt tillært og ikkje heilt ekte. Berre på eit par melodiar (Summertime og There's a boat that's leavin' soon for New York) kom den "ekte" Payton fram, og særleg på den siste melodien tok det av. Men før det var det litt tamt. Eg tenkjer at Porgy & Bess-versjonen til Ella Fitzgerald og Louis Armstrong ville ha passa Nicholas Payton mykje betre, men det måtte jo ha blitt i eit anna konsertformat.

Sketches of Spain avslutta konserten og det vart eit formidabelt høgdepunkt. Det er ganske fantastisk at ein norsk trompetar, attpåtil frå Sogn og Fjordane!, skal stå i sentrum for noko slikt. Men Arve Henriksen overbeviste og publikum skjønte fort at dette var noko spesielt. Han makta å gi sitt eige uttrykk til melodiane medan han på same tid var heilt i Miles si ånd. Det var rett og slett fantastisk. Ekstranummeret fortener også omtale: Han sette i gang ein improvisasjon som heilt klart ikkje var avtalt. Musikarane var temmeleg rådville, men han fekk dei gradvis med, og til slutt også heile salen.

Om eg skal trekka bitte lite grann i Arve Henriksen sitt spel må det vera at eg heile tida sat med ein følelse av at teknikken er noko begrensa. Særleg i dei sterke partia hadde han litt lite å bidra med, og overlet det meste til ensemblet, med trompetrekkja og Frank Brodal i front. Arve Henriksen minner meg ein del om Palle Mikkelgaard i spelestilen og uttrykket - spesielt dei vare, melodiske linjene. Men Palle har det vesle ekstra når han gir jarnet, sjølv om det skjer svært sjeldan.

Maria Schneider leia begge avdelingane med stødig hand og viste at ho har eit heilt spesielt forhold til denne musikken og ei heilt spesiell forståing. Sjølv om ho stod i sentrum for konserten, kom ho litt i bakgrunn av Arve Henriksen sin prestasjon. Men det hadde ho tydelegvis ikkje noko i mot; og Arve Henriksen er heller ikkje den typen som tek rampelyset frå nokon - heller omvendt.

Her har vi ein musikar frå Sogn og Fjordane som er i absolutt toppklasse, utan tvil den største musikaren fylket har fostra i nyare tid. Og så er det knapt eit menneske som kjenner til han i heimfylket..

søndag 10. august 2008

Den viktige oversetjaren

Favorittforfattar for tida er finske Arto Paasilinna. Han har skrive ei rekkje bøker og slo gjennom i heimlandet med boka Harens år i 1975. Bøkene er oversette til mange språk, men til norsk kom dei ikkje før nokre få år sidan. Harens år vart oversett i 2004 og seinare kom Den ulende mølleren (2006), De hengte revenes skog (2006), Kollektivt selvmord (2007) og Den elskelige giftblandersken (2008).

Det er ikkje tunge finske tankar a la "finsk fjernsynsteater" Paasilinna formidlar, men tvert om lettlesne og humoristiske historiar. Dei har eit visst burlesk preg og det er ofte den utstøytte middelaldrande mannen det handlar om, som gjerne dreg djupt inn i dei finske skogane og lever ut livet der i kontrast til det moderne. Rikelege mengder sprit høyrer også med, og her lever bøkene meir opp til dei finske mytane. Eg synest t.d. Erlend Loes Doppler minner mykje om Paasilinna, også i måten menneske og dyr kommuniserer på.

Eg har lese alle bøkene med unnatak av Kollektivt selvmord og den einaste eg synest ikkje held heilt mål, er Den elskelige gift-blandersken. Det er delvis på grunn av historien som ikkje er like god som i dei to første, men etter kvart sakna eg også det frodige språket som er heilt avgjerande i oversetjinga av ein slik forfattar (utan at eg kan eit ord finsk).

Det var då eg oppdaga at den siste boka er oversett av ein annan enn dei første. Dei tre første bøkene er oversette av Nøste Kendzior, kanskje kjend frå NRK og med kvensk bakgrunn, trur eg. Dessverre døydde ho i slutten av 2006 og blir ståande med dei tre oversetjingane av Paasilinna ho rakk. Det var synd ho starta så seint, for ho verka å ha eit sikkert tak på språket til Paasilinna.

Det er ikkje ofte ein tenkjer over oversetjingskvalitet og det er ikkje så rart. Det er sjeldan ein kan samanlikna originalteksten med den oversette, eller som i dette tilfellet ein oversetjar sitt arbeid opp mot ein annan.

Arto Paasilinna kan uansett tilrådast. Det er korte og lettlesne bøker og eg tilrår å starta med enten De hengte revenes skog eller Harens år.

fredag 8. august 2008

Komplett uforståeleg

Komplett.no er ein av dei store på netthandel av elektroniske varer og eg brukar dei ofte. Det siste kjøpet var minne til ein gammal pc. Men då minnet skulle installerast, viste det seg at det ikkje fungerte.

PC-en er ein Fujitsu-Siemens av merket Scaleo, årsmodell 2001. Dessverre er ikkje Fujitsu-Siemens særleg interesserte i å opplysa kva modelltype dei sel så det var uråd å finna ut eksakt modell både via merking av sjølve pc-en og via medfølgjande dokumentasjon. Søk på modellnr., som stod på pc-en, ga ikkje resultat verken på Fujitsu-Siemens sine nettsider eller på Google.

Eg returnerte dermed minnebrikkane ved å følgja Komplett si oppskrift for "retur av produkt". Eg merka returen med at minnebrikkane ikkje passa til pc-en. Det såg ut til å fungera fint, men i dag kom det ny melding frå Komplett om at dei hadde funne feil på den eine minnebrikken og at den ville bli erstatta og ny sendt saman med dei andre brikkane. Men det var jo ikkje feil på minnebrikkane som var problemet, det var feil type minnebrikkar.

På brukarstøtte fekk eg opplyst om at eg ikkje skulle ha brukt "retur", men "angrefrist" - nærmast med eit "sjølvsagt" lagt til. Det er neimen ikkje lett å forstå ut frå opplysningane på Komplett sine nettsider. Moralen er: Snakk kunden (brukaren) sitt språk! Gjer det heilt klart for kunden at det er snakk om angrefrist og ikkje retur ved å stilla eit enkelt spørsmål i starten av rettleiinga.

Men elles er eg godt nøgd med Komplett...