Før eg får heile IA-miljøet på nakken må eg ila til å seia at eg ikkje kunne motstå freistinga til å "ta ein Kundera". Eg håpar innlegget blir lese som (forsøk på) sakleg kritikk av enkelte sider ved IA.
Ein nyleg avslutta workshop for ein kunde med hovudtema informasjonsarkitektur for kunden sin nye portal, har fått meg til å tenkja litt på sider eg meiner er for dårleg handterte hjå mange informasjonsarkitekturar. I workshopen vart ulike sider ved brukarfokusert utvikling, personas og andre kjende "IA-triks" gjennomgått, i tillegg til tema som den grunnleggjande informasjonsstrukturen i portalen, bruk av emneord osv.
Eg opplevde at kunden var entusiastisk til delane som gjekk på brukarfokusert utvikling, bruk av personas, sideoppsett (kjernesider) osv., men hadde problem/motvilje mot dei djupare strukturane i portalen. I sjølvransakinga sitt namn må eg jo innrømma at det kan ha noko med presentasjon å gjera også...
Det får meg uansett til å tenkja på bygningsfaget som ei samanlikning: Det er klart det er mykje meir morosamt å diskutera form på vindauge, panel, takvinkel, dørplassering osv. enn å diskutera om det skal vera 2" x 4" i berande konstruksjonar eller kanskje 3" x 8". Og kva med armeringa i grunnmuren? Og skal det vera Leca eller betong? Det er klart det er dritkjedeleg og noko me helst vil hoppa raskt over for å gå til den synlege delen. Det er den som moro!
Det eg prøver å seia med dette, er at mange IA-folk (?) undervurderer både teknologi og semantikk og behovet for eit solid rammeverk som fundament for ei nett-teneste. Eg meiner IA-rådgjevarar ikkje gjer jobben skikkeleg viss dei berre fokuserer på brukarbehova. Det ville vore OK viss det var brukarane som var oppdragsgivarane, men det er det ikkje. Kunden som vil byggja ein best muleg portal har også krav på å få opplyst kva som skal til for å få ei robust og skalerbar teneste; ikkje ei som berre består av lettveggar.
For ordens skuld må eg seia at informasjonsarkitekturen også rommar desse sidene ved ei teneste, men eg synest altså at dei kjem altfor dårleg fram.
1 kommentar:
Som gamal "struktur-fascist" kan eg ikkje anna enn å være hjartans einig. Eg støtter deg fullt ut i at struktur og semantikk er viktige fundament for ei teneste.
Problemet er imidlertid at fundamentet kan vere så godt det berre vil; dersom det som står oppå er feil hjelper det fint lite.
For å trekke bygningsmetaforen ein smule lengre: Eg er personleg ikkje så oppteken av fargen på brystpanelet som eg er av at vi først må finne ut kva slags hus vi vil bygge. Skal det vere hus eller hytte, slott eller stillas? Kven skal bruke huset, og kva skal dei bruke det til?
Først når vi har funne ut dette (gjennom m.a. bruk av personas, scenarier og kjernesider) kan vi begynne å sjå på kva slags fundament som vil understøtte huset.
Men når entrepenøren, sementtypen og alt anna bygningsmateriale allereide er kjøpt, betalt, levert og i tillegg umulig å endre på, stiller saka seg noko annleis. Då trur eg for min del det er viktigare å legge vekt på kordan vi få reisverket til å likne mest mulig på slik det burde vært. Og så må vi berre prøve å bygge det beste moglege fundamentet med dei føresetnadene vi har.
Legg inn en kommentar