lørdag 13. oktober 2007

Elektronisk postjournal (EPJ)

Staten har i rundt 10 år (+/-) drive prosjektet elektronisk postjournal (EPJ). Det har som føremål å gi allmenn tilgang til korrespondanse til og frå departementa og ein del underliggjande etatar. Prosjektkostnadene er truleg i mange-millionarsklassen, utan at eg har tal for det.

Framleis er dette ei høgt prioritert oppgåve, og det nye direktoratet for forvaltning og IKT skal driva prosjektet vidare (Statskonsult har drive prosjektet). Eg spør meg sjølv: Kor vanskeleg kan dette vera??

Solund kommune i Sogn og Fjordane har 871 innbyggjarar ved siste SSB-registrering og har hatt postliste tilgjengeleg på nettet lenge. Fedje kommune i Hordaland har 620 innbyggjarar og har også postliste tilgjengeleg på nettet. Utsira kommune i Rogaland har 214 innbyggjarar og har også postliste på nettet!

Dei fleste kommunane i Norge har postlister (og saksdokument frå ulike møte) tilgjengelege på nettet og har hatt dette i mange år. Dette er ikkje "rocket science", det er standard programvare tilgjengeleg frå alle leverandørar av arkivsystem til offentleg sektor.

Men for staten er dette altså så vanskeleg at det må brukast millionar. Kva er problemet? Har departementa større problem med personvern i korrespondansen sin? Neppe, eg vil tru det problemet er langt større for ein liten kommune. Har dei generelt større problem med sikkerheit slik at dette blir vanskeleg? Neppe, dersom dei kan levera opplysningar og løysingar til Miside, kan dei heilt sikkert presentera postlister som jo er einvegskommunikasjon og ikkje spesielt vanskeleg sikkerheitsmessig.

Eg føreslår at det nye direktoratet avsluttar prosjektet med å ta ein prat med ein av dei nemnde kommunane for å høyra korleis dei har gjort det. Det bør ikkje kosta meir enn nokre tusenlappar i reise - det kan sikkert til og med ordnast med ein telefonsamtale.

fredag 5. oktober 2007

Løgn, forbanna løgn og statistikk

Norge.no har tryna etter å ha gått seg vill i web-statistikken og rapportert sjokkerande låge besøkstal. Saka har fleire fasettar enn som so, men her er det fenomenet web-statistikk som er interessant å dvela ved.

Web-statistikk er eit vanskeleg felt fordi det har dårleg definerte begrep, problematiske målemetodar og generelt høg grad av usikkerheit. Eg skal ikkje påstå å sitja med full oversikt over feltet, men vil ta opp ein del moment til diskusjon:

  • Uklare begrep: Kva er ein unik brukar? Kva med ein (ikkje-unik) brukar? Sideoppslag? Treff? Det siste burde ingen rapportera, det er jo heilt uinteressant og direkte misvisande som målestokk. Analyseverktøya definerer ein unik brukar ulikt (kor langt tidsrom skal gjelda?) og gir difor ulike tal på dette og på andre parametrar ved analyse av same logg.

  • Målemetodar: Grovt sett kan vi dela metodane i server-baserte og klientbaserte målemetodar. Den første er den tradisjonelle analysen av web-loggen; den andre er script-basert og kombinerer Javascript og cookie for måling og verifisering. Det finst også kombinasjonar av desse. Ein annan ting er kva serveren blir sett opp til å logga.

  • Maskinell trafikk: Mykje av trafikken på ein nettstad er ikkje generert av menneske, men av maskiner. Korleis skal det filtrerast ut? På våre eigne prosjekt-nettstader har vi sett at andelen søkerobotar i periodar har vore på meir enn 50 % av all trafikk!
Det er også fleire moment som gjer temaet web-statistikk vanskeleg. Men det største problemet er likevel at dei fleste ikkje ser verdien av web-statistikken. Web-statistikken inneheld gull, og du treng ikkje grava lenge for å finna det. Det er når du skal samanlikna tala med andre, problema oppstår.

mandag 1. oktober 2007

Søk som ein samtale

Per-Erik Skramstad har eit liknande eksempel på feilslått søk på bloggen Webkommunikasjon. Han refererer til Are Halland som gjorde ei undersøking av interne søk i 2004 og der han meiner at søk må sjåast på som ein samtale. Per-Erik har deretter eit ganske godt eksempel på dette etter at han forgjeves leitar etter batteri til kameraet sitt på Komplett.no:

[Ole Olsen går inn i en fotoforretning.]
Ole: Jeg skal ha batteri til mitt Nikon D70-kamera.
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Ole: Har du det ikke?
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Ole: Men jeg ser det på hylla rett bak deg.
Ekspeditøren [rister febrilsk på hodet]
Akkurat slik er det, og først ved ei slik samanlikning ser vi det håplause i dagens interne websøk.

søndag 30. september 2007

Fallitterklæring for internt søk

Eit av poenga våre i foredraget på EuroIA er at dårleg eller manglande semantisk struktur i portalen kjem tydelegast til uttrykk i det interne søket. Interne søk er eit katastrofeområde på dagens nettsider - eg har tidlegare teke dette opp mellom anna i innlegget "Søk kler deg naken".

Som illustrasjon vel eg denne gongen Høgskulen i Sogn og Fjordane, av mange kandidatar. Eg leitte etter informasjon om Fagdagen 2007 i samband med eit møte i FoU-utvalet ved høgskulen der eg representerer Vestlansforsking. Eit søk på "fagdag 2007" gir følgjande treff, der ingen er relevante i forhold til det eg er ute etter:



Så gjorde eg same søket i Google ("fagdag 2007 site:www.hisf.no) og fekk denne trefflista:



Første treffet er innertiar. Men korleis kan det ha seg at Høgskulen si nettløysing ikkje kjenner til denne informasjonen? Det er i grunnen uforståeleg at Google skal kjenna Høgskulen sin informasjon betre enn Høgskulen sjølv - ei fallitterklæring er det rett og slett.

lørdag 29. september 2007

Internt språk

Indre Sogn Sparebank kunngjer rekneskapsrapporten for andre kvartal i år på denne måten:

Driftsres. etter tap, men før skatt og e.o.p. var kr. 7,8 mill. mot kr. 11,0 mill. til same tid i fjor. Tap på utlån har auka frå i fjor. Skifte av rekneskapspr., ny utlånsforskr gir korrigert res. og balansereg.for 06. Kostnads% er 69,30%. Forv.kap. og innskot syner auke. Det har ikkje vore utvatning av gr.f.bevisa.
Skal tru om det er publiseringssystemet som har grense for tal teikn i ingressen? Godt språk blir det i alle fall ikkje.

torsdag 27. september 2007

EuroIA Summit 2007

EuroIA Summit 2007 vart avvikla 21. og 22.9 i Barcelona. Det er tredje året denne konferansen blir arrangert, og etter ein forsiktig start i Brussels (2005) og Berlin (2006), har den vakse seg stadig større. Årets konferanse hadde rundt 150 deltakarar og konferansen hadde to parallellsesjonar.

EuroIA Summit er søsterarr. til det meir kjende IA Summit i USA. Den har ei historie frå 2000 og hadde i fjor nær 600 deltakarar (Las Vegas). Bak begge konferansane står organisasjonen ASIS&T (American Society for Information Science and Tecnology). IA Summit 2008 blir arrangert 10. - 14. april 2008 i Florida.

Vestlandsforsking var sterkt representerte ved Terje, Nils Arne og eg. Nils Arne og eg presenterte "Too much Information and too little Architecture? Transforming Semantic Web Ideas to IA" og det vart godt motteke. Det var mange spørsmål og tydeleg eit tema som engasjerte deltakarane (for det meste informasjonsarkitektar o.l.). Også mange spørsmål om emnekart (Topic Maps), sidan det var ein viktig del av eksemplifiseringa vår. Fleire ville vita meir om bruk av emnekart til modellering og kva verktøy som finst.

Om det var eit hovudtema på konferansen (bortsett frå det annonserte "Translating Information Architecture") var det struktur. Presentasjonen vår var kanskje det tydelegaste innslaget, men også andre var inne på temaet. Det er heilt tydeleg at fagområdet leitar etter eit betre fundament på dette og andre område. Informasjonsarkitektur er eit tverrfagleg felt der ulike fagdisiplinar møtest. Biblioteksfag har vore det mest tydelege området og det som har forma fagområdet mest. Fagområdet er likevel ungt og sjølv om det er utvikla eit sett gode, praktiske verktøy, er det eit stort behov for eit betre fundament. Og i all beskjedenheit trur eg at bidrag som vårt er til hjelp i det arbeidet. I det minste hjelper det å setja søkjelyset på problemstillingane.


torsdag 20. september 2007

Alltid på nett

Verdien av alltid å vera tilkopla nettet blir først klar når du har problem med tilgangen. Er på kombinert ferie- og konferansetur til Barcelona saman med heile familien og har leigt leilegheit nær stranda (Poblenou). Først like før avreise begynte eg å tenkja på nett-tilgang, og det slo meg at det ikkje sto på lista over ting leilegheita 'måtte' ha.

Dersom det var ei rein feriereise hadde det kanskje (berre kanskje) vore ein fordel å vera utan nett nokre dagar, men sidan det også skal kombinerast med konferanse, er det avgjerande å komma på nett.

Heldigvis har eg funne ein god nabo, '3Com', som generøst delar sin trådlause internett-aksess med meg. Det er eit vell av trådlause nett her, men dette er det einaste eg har funne som er ope. Moralen er: Tenk deg godt om før du stengjer det trådlause nettet, hugs at du kan hjelpa ein venn i nød!

Meir alvorleg: Internettaksess bør snart bli sett på som ei rettigheit og det spørst om ikkje det offentlege bør sikra slik tilgang, i alle fall i sentrale strøk. Eg seier ikkje at det skal vera gratis, men mulegheiten for å kopla seg til nettet må vera der (jfr. Trondheim og trådlaus by).

fredag 7. september 2007

Adwords-spam

Nettavisens "Side 2" er dessverre i godt lag når dei brukar Adwords på denne spam-måten. Hotte bilder av Tim Berners-lee? Herregud, kor tåpeleg går det an å bli? Men slik blir det dessverre når spamming blir ein del av naturleg marknadsføring. Det fører tankane over til den primitive web'ens første fase der keywords-feltet vart brukt til lokkemat med 'Pamela Anderson' og liknande. Trist (som faen).

søndag 2. september 2007

Høg standard - va f... e høg standard?

Det var vel neppe Peps Perssons hit frå 1975 Standardiseringsrådet og FAD hadde i tankane då dei la fram forslag til referansekatalog over tilrådde og obligatoriske IT-standardar. Men departementet har absolutt hatt sin tvil om kva som skal vera den høge standarden; kva som skal vera obligatoriske forvaltningsstandardar.

Det er heller ikkje vanskeleg å forstå, for historisk sett har ikkje forvaltningsstandardar innan offentleg IT-bruk vore nokon stor suksess. Det er nok å nemna kongeleg resolusjon om bruk av X.400 og NOSIP (norsk OSI-profil) som mildt sagt var i utakt med utviklinga alt frå starten av.

Forslaget til nye forvaltningsstandardar i form av referansekatalog vart lagt ut til høyring på FAD før sommarferien og med frist 20. august til å gi innspel. Vestlandsforsking stod ikkje på lista over høyringsinstansar, men me sende inn våre synspunkt i lag med 68 andre.

Det store spørsmålet er sjølvsagt kva dokumentformat som skal tilrådast innan tekstbehandling. Forslaget frå departementet gjeld berre bruk av dokumentformat på web, men ein obligatorisk standard her vil sjølvsagt få langt vidare betydning.

ODF er alt godkjent som ISO-standard og blir tilrådd av departementet. Microsoft kjempar ein hard (og brutal?) kamp for å få OOXML godkjent som ISO-standard og likestilt med ODF. Det er eit rått køyr som ingen veit utfallet av enno.

I høyringssvaret frå VF har eg skrive at å argumentera for at ein treng to standardar for denne type dokumentutveksling er det same som å argumentera for at me bør gjeninnføra fot som måleeining for å ha eit alternativ til meter. Computerworld likte tydelegvis denne formuleringa og dette synet og har gjengitt delar av høyringssvaret vårt i siste utgåve, der forvaltningsstandardane var hovudtema.

Referansekatalogen er elles ei salig blanding av hummar og kanari; det meste kopiert frå den tilsvarande danske katalogen. Dei har også kopiert inn feila frå den danske: Emnekart blir omtalt som de facto-standard (industristandard). Det er svakt; dei som har utarbeida forslaget bør ha såpass kjennskap at dei veit at dette er ein open ISO-standard (ISO 13250). Dei opererer også med filformatet XTP for Topic Maps. Kanskje er eg heilt på bærtur, men eg har aldri høyrt om dette formatet (?).

lørdag 1. september 2007

Bok-sommar

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, kan seiast om sommaren i år. Den har ført til rekordomsetjing i bokhandlar og utlån på biblioteka. Det er bra. Sjølv har eg også lese fleire bøker enn vanleg og vil gi ein kort omtale av dei eg hugsar.

Til fyret (Virginia Wolf) er ein av dei store klassikarane. Eg skal ikkje gi meg ut som litteraturvitar, men boka markerte starten på den moderne litteraturen (ei av dei, i alle fall). Det er forma som er uvanleg. På overflata er det berre trivielle ting; heile den ytre handlinga er bortimot banal. Men under overflata kokar det! Kvar enkel ytre handling eller replikk blir følgt av lange indre monologar og grublingar. Boka er ikkje lettlesen, det skal ho ha forfattaren, men fascinerande når ein berre greier å konsentrera seg om teksten. Føreordet med ei tolking av boka var til stor hjelp; både før gjennomlesing og etterpå.

Berlinerpoplene og Eremittkrepsene (Anne B. Ragde) har vore det store diskusjonstemaet dei siste vekene, så desse har eg treft bra med. Ved å lesa dei etter 'Til fyret' vart det som å gå ut i total spagat. Anne B. Ragde er lettlesen så det held, men det er ikkje nødvendigvis noko gale i det. Eg vil vel heller seia tvert om, det er det mest positive eg kan seia om bøkene. Men totalinntrykket er likevel skuffande. Her er det enorm fokus på detaljar utan at lesaren (i alle fall eg) får noko betre forståing av karakterane. Dei blir for meg veldig einsidige og flate; nesten som pappfigurar. Eg synest også klisjeane får litt for god plass; ikkje minst gjeld det beskrivelsen av dei homofile.

Hjulskift (Vigids Hjort) er i same lettlesne sjanger som Anne B. Ragde. Det er den første boka eg har lese av Vigdis Hjort og det freistar ikkje meg å lesa fleire. Eg synest boka var tynn og på same måte som Anne B. Ragde sine bøker opplevde eg den som stereotyp i miljøskildringane. Nei, les heller Kyrre Andreassens 'Svendsens catering'. Den er god!

Ut og stjæle hester (Per Petterson) har eg hatt på lista mi lenge. Denne romanen har fått mykje skryt og det er fortent. Ei veldig bra skildring av eit far/son-forhold. Men på slutten tippar det nesten over i nostalgisk western der dei "rir mot åskammen i solnedgangen på kvar sin oppsala hest".. Men berre nesten.


Grand Manila (Kjartan Fløgstad) er Fløgstad på sitt beste og om det han kan best: små industrisamfunn på Vestlandet. Her er det også ein typisk vestlandsk industristad og Verket som er i sentrum, men med mange forgreiningar til fleire land og fleire menneskeskjebnar og det heile fletta imponerande bra saman. Ei veldig bra bok.

torsdag 23. august 2007

Norge.no får juling

Norge.no får juling av informasjonsrådgivar Knut Natvig i eit innlegg i dagens Aftenposten. Kritikken er relevant og bør takast alvorleg. Natvig påstår at informasjonsportalen er tilrettelagt mest for brukarar som er godt informerte frå før og som uansett ville funne det dei leitar etter. Informasjonen har for mykje avsendarperspektiv og har forvaltninga heller enn vanlege brukarar som målgruppe.

Den sentrale kritikken kjem mot søketenesta, både på Norge.no og andre offentlege nettstader. Det er ikkje vanskeleg å gi Knut Natvig rett i det, eg har sjølv teke opp problemet med internt søk her på bloggen. Men når Natvig brukar Finn.no for å visa kor dårleg Norge.no og andre off. nettstader er, bommar han. Finn.no har for det meste strukturert informasjon medan Norge.no stort sett viser til ustrukturert informasjon. Databasesøk som i Finn.no er ikkje noko stort problem. Men tenk deg at bilannonsane i Finn.no vart lagt inn som fritekst; då ville Finn.no og få store problem med å henta ut att detaljane!

Til slutt kjem Natvig med tre forslag til tiltak - varierande frå gode til meiningslause:

1. Leggja større politisk press på forvaltninga for å tvinga fram betre løysingar.
Det er eit legitimt spørsmål om det må hardare lut til enn milde retningslinjer som har vore politikken så langt. Mykje tyder på at departementet ønskjer å stilla strengare krav til forvaltninga på dette området.

2. All offentleg informasjon bør samlast i ein portal, bygd på brukarane sine premissar.
Med unnatak av siste del av setninga er dette eit håplaust forslag. Ein portal som Norge.no må vera ein såkalla tynn portal som berre viser til ekstern informasjon, noko anna er heilt umuleg både politisk og praktisk. I staden må Norge.no rydda i eige hus med tanke på korleis informasjonen blir presentert og ikkje minst korleis søketenesta fungerer. Norge.no må også bli ein tydelegare pådriva for arbeidet med semantisk merking av informasjon. Det er her skoen verkeleg trykkjer; utan betre semantiske strukturar på nettstader får me heller ikkje betre søk.

3. Staten må investera i ein søkemotor som spesialiserer seg på indeksering av alle offentlege nettstader.
Nei, er det noko Staten ikkje må gjera, er det å leggja pengar i (nok) ein søkemotor. Det er eit heilt absurd forslag. Derimot må Staten sjå på korleis midlar til søkemotorar blir nytta av offentleg forvaltning og stilla krav om betre samordning. Det er til dømes meiningslaust at både Regjeringa.no og Norge.no skal ha kvar sin søkemotor (av same type!) - berre søkemotorleverandøren vil meina at det er god ressursbruk.

Kritikken som er sett fram i artikkelen i Aftenposten må takast alvorleg. Natvig stiller gode spørsmål, men svara hans er dårlege.

søndag 19. august 2007

Årets mash-up








"Lars", 16 år, har laga årets mash-up der han kombinerer fødselsnr.-verifisering med påfølgjande oppslag på Tele2 si nett-teneste. Skremmande enkelt!

Mash-up er ein av dei viktigaste ingrediensane i Web 2.0 og handlar om samankopling av nett-tenester.

Saka set søkjelys på viktige sider ved personvern og sikkerheit. Framfor alt set den søkjelys på lemfeldig omgang med fødselsnummer og at tenestetilbydarar på nettet framleis ikkje ser ut til å ha fått med seg at deira teneste ikkje eksisterer i eit vakuum, men lett kan koplast til andre tenester.

Fødselsnummeret er ikkje sensitiv informasjon i seg sjølv, men er sjølvsagt nøkkelen til svært mykje sensitiv informasjon. Datatilsynet har difor vore skeptisk til (unødvendig) bruk av fødselsnummer som unik id. Denne saka viser at det er god grunn til slik skepsis.

Den andre lærdommen av denne saka er at tenestetilbydarar må sjå tenestene sine i lys av andre tenester og at informasjon kan koplast nokså enkelt. Det hjelper ikkje om eit system isolert sett fungerer tilfredsstillande dersom opplysningar frå systemet kan brukast som input i eit anna system. I dette tilfellet er utforminga av feilmeldingar viktig: Det kan liggja mykje informasjon i ei opplysning om at fødselsnummeret ikkje er gyldig, sjølv om det på overflata kan sjå uskuldig ut.

Om ikkje anna har "Lars" sett i gang ein viktig diskusjon om personvern, og det er bra.

PS.
Personvern på nettet er oppdatert med denne og andre saker. Det blir m.a. vist til ein interessant artikkel av André N. Klingsheim og Kjell J. Holes ved UiB om uheldig bruk av fødselsnummer på norske nettstader.

onsdag 18. juli 2007

Uoppnåeleg eNorge-mål

Eg analyserer resultata av Norge.no sine kvalitetsvurderingar frå 2004 til 2006 og ser mellom anna på utviklinga innafor området tilgjengelegheit (accessibility). Det er det einaste området der det er sett konkrete mål i eNorge-planen.

I eNorge 2009 heiter det:
I løpet av 2007 skal 80 prosent av offentlige nettsteder oppfylle Norge.no’s kvalitetskriterier for tilgjengelighet.
Resultatet av 2006-vurderinga var at berre 6 av 690 offentlege nettstader oppfylte krava til tilgjengelegheit. Det er mindre enn 1 % (0,87 % for å vera heilt nøyaktig). At dette talet skal stiga til over 80 i løpet av hausten er heilt urealistisk.

Det var forrige statsråd Morten A. Meyer som førte eNorge 2009 i pennen, men det blir noverande statsråd Heidi Grande Røys som får ansvaret for at måla blir oppfylte. Eg vil rå ho til å ta ein ny diskusjon om akkurat dette punktet. Eg trur kanskje målsetjinga var ei anna, men at formuleringa vart litt feil.

Dersom formuleringa hadde vore "offentlege nettstader skal oppfylla minst 80 % av krava til tilgjengelegheit", ville det vore muleg å nå målet. I 2006 var oppfyllingsgraden 69 % (67,3 % for kommunar/fylkeskommunar og 72,3 % for statlege etatar).

Poenget med ein ny diskusjon er ikkje å tilpassa måla etter nosituasjonen, men å setja søkjelys på kva som er viktig innafor dette området. Eg meiner ut frå eit praktisk og pragmatisk syn at det viktige må vera å få flest muleg til å oppfylla dei viktigaste krava for tilgjengelegheit. Så får det heller våga seg om nokre sider ved tilgjengelegheit er dårlegare dekka. Dei indikatorane som er vanskelegast å tilfredsstilla, er:

- hoppa over faste element og gå direkte til innhald (9 % oppfylte dette i 2006)
- korrekt bruk av rad- og kolonnetitlar i datatabellar (24 %)
- bruk av forklarande tekst (ALT-tekst) til grafiske element (53 %)

Av desse meiner eg den siste er den desidert viktigaste og at dei to andre er mindre alvorlege. Sjølvsagt skal ein ha høge ambisjonar på dette området, som regjeringa viser i eit nytt forslag, men det må på same tida ikkje bli for stort sprik mellom målsetjing og faktisk situasjon.

tirsdag 10. juli 2007

JavaScript

Problema eg har referert til med sider som blir tolka forskjellig i ulike nettlesarar, skuldast JavaScript-kode. Det er problem som kjem til syne ved at koden blir tolka ulikt, eller problem du får dersom nettlesaren din ikkje har støtte for JavaScript eller den er slått av.

JavaScript vart utvikla av Netscape på midten av 1990-talet som ei utviding av språket ECMAScript. Namnet JavaScript, og med det mange feilkoplingar til programmeringsspråket Java, var i følgje Wikipedia resultatet av ein hestehandel med Sun. Spørst om det var så lurt.

No er utviklinga av JavaScript lagt til Mozilla Foundation, gjennom det heileigde selskapet Mozilla Corporation. Mellom direktørane for Mozilla Foundation er Brendan Eich, ein av dei som utvikla JavaScript hos Netscape. Men Mozilla er ikkje veldig tydelege på kva dei vil med skript-språket framover.

Er JavaScript ein standard? Dei mest brukte versjonane av JavaScript er SpiderMonkey (ein C-implementasjon) og Rhino (Java-implementasjon) følgjer begge ISO-standarden ECMA-262 ver. 3 og slik sett er det ein standard.

Tilbake til trøblete nettsider: Kvifor bruka JavaScript når det skapar problem? Det er eit stort behov for eit språk som kan manipulera HTML-kode og gjera sidene meir dynamiske. Men utviklarar må heile tida spørja seg:

  • Kan dette løysast utan bruk av JavaScript?
  • Korleis ser dette ut utan JavaScript-støtte?
  • Kan dette blokkera for ein del kommunikasjon (t.d. søkemotorar)?
  • Ser det likt ut i alle (mest brukte) nettlesarar?
Det første spørsmålet er det viktigaste. I dei overordna måla for utarbeidinga av XHTML 2 heiter det då også:
Less scripting: achieving functionality through scripting is difficult for the author and restricts the type of user agent you can use to view the document. We have tried to identify current typical usage, and include those usages in markup.

Et tu, Lotteritilsynet!

Også du, Lotteritilsynet!
Eg trur nesten eg må revurdera tidlegare uttale om at mangel på universell utforming høyrer gårsdagen til. I det siste har det vore plagsomt mange dårlege nettsider, designa spesielt for .. ja, den du veit.

Problemet hos Lotteri- og stiftelsestilsynet er ikkje av same alvorlege karakter som Sparebanken Vest, men det er i alle fall kode som oppfører seg ulikt i Opera og Firefox (Firefox 2.0 øvst, Opera 9.1 under). I presentasjonen av tilsette med e-postadresse, ligg det javascript-kode for mellom anna å gjera det vanskelegare for robotar å samla inn. Men Opera og Firefox tolkar altså denne koden ulikt. IE tolkar koden slik som Firefox.

Tidlegare hadde indikatorane for god kvalitet på offentlege nettsider ein eigen sjekk om sidene framstod likt i ulike nettlesarar. Den vart teken ut for fleire år sidan, men mange eksempel den siste tida kan tyda på at den kanskje skulle vorte inkludert på nytt.

Sparebanken Verst?

Eg har lang erfaring som nettbank-kunde, faktisk før nettbankar var eit faktum. Det første systemet eg brukte var Postbanken sitt Postex system (good old pre-web days). Til ei kvar tid har eg så hatt 3-4 nettbankar som eg brukar i varierande grad.

For Sparebanken Vest har eg alltid brukt Opera som nettlesar. Til vanleg brukar Firefox og Opera om eit anna og som siste utveg IE, dvs. når ikkje noko anna går. Menystyringa til Sparebanken Vest har, som Per-Erik påpeika i ein kommentar, manglar ved at Flash-teksten på innhaldsdelen overskriv menyteksten (!). Det gjer enkelte menyval på tredje nivå uleselege.

Nyleg har spv gjort endringar på sidene som gjer at eg i staden for den vanlege startsida får opp ei hjelpeside der banken forståelsesfullt forklarer at "På grunn av innstillinger i din nettleser vil ikke sidene fungere optimalt." Ja vel, kva slags innstillingar? Er det kanskje innstillinga til banken det er noko feil med? Dessverre demonstrerer banken det same som eg har opplevd i andre bankar i jobbsamanheng: Dei er fullstendig i lomma på IT-leverandøren. Det er det mange kundar som er, men eg trur bankane er i ei særstilling.

søndag 8. juli 2007

Rekordlang meny

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kanskje sett rekord i menylengde: 119 menyval er det i hovudmenyen, og alle blir viste samtidig! Det siste er nok ikkje tilsikta, men den Javascript-styrte menyen blir ikkje oppfatta på same måte i Opera (9.10) som i IE 6 og Firefox 2.0. Ein annan snodig ting er at menyen i Opera har fleire test-innslag som ikkje viser i IE og Firefox. Det ser også litt dumt ut ("Robert tester litt tekst med fet skrift").

Problemet er truleg at det er brukt Microsoft-spesifikk kode som Opera ikkje greier å tolka rett. Eg både håpar og trur at tida er inne for at denne type nettlesar-binding blir sett på som like harry som å blinkande reklametekstar eller Flash-basert startside (Splash-side).

Ein annan aktør som har klart det same som Fylkesmannen er Sparebanken Vest. Deira nettsider har fram til nyleg fungert heilt OK i IE, Firefox og Opera. No har dei gjort eit eller anna dumt som gjer at sida ikkje lastar skikkeleg i Opera.

Utviklarane må skjerpa seg og innsjå at leverandørbinding (særleg til Microsoft) er UT og korrekt validering og standard-tilpassing er INN!

lørdag 7. juli 2007

Fiat i 500

Fiat går så det grin, 2-3 år etter at dei var nær konkurs. Det passar bra for i år er det 50 år sidan legendariske Fiat 500 vart presentert. Det vart sjølve folkebilen i Italia og mange andre land også. I desse dagar lanserer Fiat den nye versjonen av suksessen, og den heiter framleis Fiat 500.

Trenden med retro-design har vore merkbar dei siste 10 åra. Me har fått modellar som VW Beetle (ingen suksess), BMW Mini (stor suksess), Chrysler PT Cruiser (bob-bob), BMW Z8 (ingen suksess) osv. Den nye Fiat 500 er klart i slekt med opphavet, og retro-elementa er mange. For ordens skuld er den sølvgrå den nye og den raude er originalen (ja, den gamle er nok finare).

Ein fascinerande del av 500-utviklinga er invitasjonen frå Fiat-konsernet til publikum om å bli med på designet av bilen. Fiat oppretta ei eiga nettside der folk kunne gå inn og komma med designforslag. I følgje "Auto motor und sport" har meir enn 3,7 millionar vore innom sidene sidan mai i fjor. 275 000 idear vart samla inn frå sidene, med alt frå fullstendig design til forslag til ekstrautstyr.

Dette må vera bilutvikling 2.0.

torsdag 5. juli 2007

PDF og tilgjengelegheit

Eg deltok på konferansen T4P - Technology for Participation - på Høgskolen i Agder i Kristiansand forrige veke. Utgangspunket for konferansen var prosjektet EIAO - European Internet Accessibility Observatory.

På konferansen var PDF (Portable Data Format) eit tema og det var stort sett med negativt forteikn. PDF er ikkje bra for tilgjengelegheit, var gjennomgangstonen.

Det stemmer nok, og PDF er dessverre altfor mykje brukt på web-en. Det er HTML som er web-ens språk, ikkje PDF. Men PDF-iseringa har dessverre gått langt.

A List Apart har ein god artikkel om PDF og tilgjengelegheit. I artikkelen blir det understreka at også PDF har mulegheiter til å gjera formatet betre tilgjengeleg for funksjonshemma. Artikkelen har følgjande samandrag:

  1. Most PDFs on the web should be HTML.
  2. Some documents really should be PDFs.
  3. You can add XML-like tags to give structure to a PDF.
    1. Tags weren’t available until a recent upgrade to the PDF file format.
  4. Most screen readers in common use can read PDFs.
    1. Screen readers had to be upgraded to understand tags.
    2. Screen readers have been continuously updated throughout their history, and even today some screen readers cannot handle parts of the HTML spec.
  5. Even an untagged PDF can be accessible if you’re using the right technology.
  6. Posting a PDF online with no HTML alternative does not automatically constitute discrimination.
Resten kan lesast på A List Apart.

mandag 2. juli 2007

NSB og brukarorientering

Eg reiste med tog forrige veke og det er alltid kjekt. Det er ein suveren måte å reisa på - den suverent beste etter mi meining. NSB har også lagt til rette for å kjøpa billettar via nettet, så den delen begynner også å bli bra.

Eg kjøpte billettane via nettet og det hadde også sidepassasjeren min gjort. Men ho fekk ei kraftig irettesetjing av konduktøren fordi ho hadde kryssa av for henting på stasjon, og ikkje henting i tog. Hallo?! Er dette brukarorientering slik NSB ser det?

Det må vel vera knekkande likegyldig korleis billettane blir skrivne ut, i alle fall for passasjerane. er det elektroniske billettar eller er det ikkje? Det er NSB si oppgåve å sørgja for å ha oversikt over dei som har bestilt via nettet, ikkje passasjerane. Skjerpings!